Hopp til innhold

Sjøfartsdirektoratet har publisert nye el-ferjeråd etter brannen på MF «Ytterøyningen»

Direktoratet har jobba på spreng med å skriva nye tryggleiksråd etter brannen og eksplosjonen i den batteridrivne ferja i Sunnhordland. – Dette er ny teknologi, og det er viktig at vi er tett på.

Brannmenn i arbeide på MF Ytterøyningen

KJEMIKALIEDYKKARAR: Det danna seg farleg gass nede i batterirommet på ferja etter brannen. Kjemikaliedykkarar frå brannvesenet i Bergen vart henta inn.

Foto: BERGEN BRANNVESEN

Det har vore hektisk møteaktivitet i lokala til Sjøfartsdirektoratet måndag etter eksplosjonen i batterirommet på ferja MF «Ytterøyningen» i Sunnhordland torsdag.

Direktoratet ser så alvorleg på saka at dei måndag ettermiddag publiserte nye hasteråd om tryggleik til andre elektriske ferjer og skip.

– Me er opptatte av at det er fleire ferjer som går på same type framdrift. Derfor hastar dette for oss, seier kommunikasjonssjef Dag Inge Aarhus i Sjøfartsdirektoratet.

Råda blei sende ut måndag ettermiddag.

«Det er svært viktig at fartøy ikke skal være i operasjon uten kommunikasjon mellom EMS (Energy management system) og batteripakkene, da dette kan medføre at en ikke får formidlet viktig systemdata til EMS/bro», skriv direktoratet til reiarar av elektrisk skipsflåte.

– Ny teknologi

Både Statens havarikommisjon og Sjøfartsdirektoratet lagar ofte tryggingsråd og -krav etter hendingar og tekniske feil med norske fartøy. Dei kan ha ulik hastegrad, avhengig av om feila kan finnest på fleire skip.

Direktoratet sat i møter om saka måndag føremiddag. Etterpå fortel Aarhus at dei er kome fram til at dei først vil sende ut forholdsreglar til reiarlaga, før dei vil kome meir til botns i årsaka til brannen og eksplosjonen, og sende ut meir omfattande tryggleiksråd.

– Vi har ikkje nok informasjon per no til å seie eksakt kva som har skjedd, men vil så raskt som mogleg sende ut nokre forholdsreglar, fram til vi har ei meir tydeleg tilråding. Det viktigaste blir å finne årsaka til brannen, men ikkje minst til eksplosjonen som skjedde ei god stund etter at brannen var sløkt, seier Aarhus.

– Dette er ny teknologi, og då er det viktig at vi er tett på for å sjekke om det er ting som har føregått som kan forhindrast ved seinare høve, legg han til.

Aarhus seier dei har god dialog med leverandøren av ferja, reiarlaget og andre som driv med same teknologi.

Her jobber brannmannskapene etter eksplosjonen på ferja

BRANN OG EKSPLOSJON: Det var krevjande arbeid for brannvesenet då det for første gong brann i ei batteriferje i Noreg. Bildet er tatt med drone og infraraudt kamera.

Foto: Bergen brannvesen

Eksplosjon i ferja

Fredag eksploderte batterirommet i ferja som går i sambandet Fjelberg-Sydnes-Utbjoa-Skjersholmane. Brannen starta allereie torsdag. Då var ferja nær Sydnes ferjekai.

Representantar for batteriprodusenten og driftsselskapet Norled var venta til Ølen i dag, der ferja ligg til kai.

– Store delar av dekket må skjærast heilt opp. Dette kjem til å bli omfattande, kostbart og tidkrevjande. Det vil ta månadar før den er tilbake i trafikk på sambandet, sa regionsjef for ferjer i Norled, Inge Andre Utåker, til NRK sundag.

Norled reknar med reparasjonskostnadar på minst 20 millionar kroner.

Stadig fleire el-ferjer

I framtida er det eit mål om at så mange ferjer som mogleg skal drivast med meir miljøvenleg drivstoff enn diesel. Ferja MF «Ytterøyningen» er ombygd til kombinert diesel- og batteridrift.

Avdelingsleiar for ferjer i Statens vegvesen, Edvard Sandvik, seier at rundt 80 ferjer i Noreg vil ha batteri om bord innan 2022.

– Innan 2030 vil så å si alle innanriks bilferjer ha batteri om bord, seier Sandvik til NRK.

Dette er første gong det har byrja å brenne i ei batteriferje i Noreg.

– Det blir heilt avgjerande å komme til botns i kva som har skjedd her, fordi det potensielt kan føre til endringar i nybygg og ombyggingar, har Utåker i Norled uttalt.