Hopp til innhold

Har funne årsaka til brannen og eksplosjonen på MF «Ytterøyningen»

Lekkasje i batteripakka førte til brann på el-ferja. Saltvatn frå sprinklaranlegget førte til eksplosjonen, viser ny rapport.

Røykdykkarar i innsats på MF Ytterøyningen

ETTER PLANEN: Den første delen av brannsløkkinga gjekk etter planen, slår Sjøfartsdirektoratet fast.

Foto: Jonn Karl Sætre / Kvinnheringen

MF «Ytterøyningen» tok fyr like ved Sydnes ferjekai i Kvinnherad 10. oktober.

Ho blei tatt til kai, og dei 15 personane om bord vart evakuerte. Morgonen etter eksploderte gassar om bord. Hendinga førte til fleire hasteråd frå Sjøfartsdirektoratet.

No er batteriprodusenten Corvus klar med ein førebels konklusjon om brannårsaka:

  • Vasskjølingssystemet i batteripakka fekk ein lekkasje.
  • Dette førte til at det oppstod ein lysboge, ei slags elektrisk spenning, i batteriet.
  • Denne utvikla varme over tid, og til slutt byrja det å brenne.
  • Seinare førte saltvatn brukt i sløkkinga til kortslutning i batteria.

Funna vert støtta av ekspertar i Sjøfartsdirektoratet.

Truleg var det ei vridd pakning som forårsaka vasslekkasjen. Men kvifor ho var vridd, har ekspertane enno ikkje ei forklaring på.

Saltvatn forårsaka eksplosjon

Alarmen gjekk seinare enn den skulle fordi batteripakka var kopla frå då brannen starta. Etter at brannsløkkinga byrja, gjekk arbeidet etter planen dei første timane, ifølgje direktoratet.

Men tidleg neste morgon, heilt utan varsel, skjedde eksplosjonen på ferja, truleg i rommet attmed batterirommet.

Den var så kraftig at brannbilen på kaia rista, og minst eitt lys på bilen vart knust. Det var ingen om bord i ferja då det small.

Undersøkingane har avdekka at eksplosjonen truleg skuldast sprinklarsystemet med saltvatn. Det blei installert for å auka branntryggleiken.

I staden førte saltvatnet til fleire kortslutningar som enda med eksplosjon, ifølgje funna til Corvus.

I Corvus' eigne retningsliner til installatørar av batteria, i ein versjon frå 2016 NRK har sett, går det fram at batteri skal lagrast i rom med sprinklarsystem, utan at det står noko om sprinklarane kan føra saltvatn. Corvus presiserer at dei ikkje har ansvaret for at sprinklarsystemet på «Ytterøyningen» blei installert.

Det nyinstallerte sprinklaranlegget i batterirommet blei funne i orden og godkjend av Sjøfartsdirektoratet i november i fjor.

– Mykje kan tyda på at det har vore nokre feilvurderingar her, men vi må venta på Kripos sin rapport før vi kan slå det fast, seier kommunikasjonsdirektør Dag Inge Aarhus i Sjøfartsdirektoratet.

Her jobber brannmannskapene etter eksplosjonen på ferja

VARMT: Kjemikaliedykkarar på veg ned i MF «Ytterøyningen» for å sløkkja brannen. Timar seinare eksploderte ferja.

Foto: Bergen brannvesen

Trygg på at batteria ikkje er ein risiko

På andre elektriske ferjer er det stort sett luftkjølte batteri i bruk. MF «Ytterøyningen» er den første hybridferja med denne typen vasskjølte batteri. Systemet blei typegodkjend så seint som i april i år.

Dei neste åra er planen at mange fleire samband skal utstyrast med liknande type teknologi.

Å finne årsaka til brannen og eksplosjonen om bord på «Ytterøyningen» har derfor hatt høg prioritet hos produsenten, reiarlaget og styresmaktene.

– Vi er framleis trygge på at batteria ikkje inneber ein større risiko enn konvensjonelle energikjelder på ferjer, seier fungerande sjøfartsdirektør Lars Alvestad i ei pressemelding.

– Men ei hending som dette tyder at vi må kontinuerleg arbeida for å forbetra tryggleiken, legg Alvestad til.

Til MF «Ytterøyningen» er det no bestilt nye batteri som har luftkjølte batteri, og ikkje vasskjølte, seier Geir Bjørkeli, administrerande direktør i Corvus Energy.

– Det er slike batteri som er på alle andre ferjer. Vi må sjå på designen vårt av vasskjølte batteri, og gjennomgå testrutinane for å avdekka slike produksjonsfeil, seier Bjørkeli.

Brannmenn i arbeide på MF Ytterøyningen

KJEMIKALIEDYKKARAR: Det danna seg farleg gass nede i batterirommet på ferja etter brannen. Kjemikaliedykkarar frå brannvesenet i Bergen vart henta inn.

Foto: BERGEN BRANNVESEN

Tolv til sjukehus

Batteribrannar kan utvikla farlege stoff. 12 av brannmannskapa vart sende til sjukehus etter at ein brannmann viste teikn på å ha vore eksponert for flussyre og hydrogenfluoridgass.

Alle 12 var ute av sjukehuset etter to dagar utan spor av giftig stoff i blodet.

Endeleg årsak til brannen på ferja vil styresmaktene venta med å offentleggjera til politiet er ferdig med etterforskinga si.

– Det vil truleg ikkje skje før på nyåret, i januar eller februar, seier politioverbetjent Torgeir Fosse ved Kvinnherad lensmannskontor.