Hopp til innhold

Heile Ferje-Noreg ventar på svar – etterforskinga kan halde på til over nyttår

ØLENSVÅG (NRK): Torsdag gjekk etterforskarar frå Kripos om bord i MF «Ytterøyningen» – Noregs første elferje i brann. Kvifor begynte ho å brenne?

MF Ytterøyningen til kai i Ølensvåg

TIL KAI: MF «Ytterøyningen» ligg no til kai i Ølensvåg i Rogaland. Her blei batterirommet torsdag for første gong inspisert etter brannen.

Foto: Thomas Halleland / NRK

I framtida skal det meste bli elektrisk, også til sjøs. Innan 2030 vil så å seie alle bilferjer i innanriks sjøfart ha batteri om bord.

Då det i førre veke begynte å brenne om bord på MF «Ytterøyningen» var det første gong det hadde oppstått brann i eit ferjebatteri i Noreg.

På grunn av den nye teknologien blir etterforskinga av brannen på MF «Ytterøyningen» følgd med argusauge.

– Vi følgjer saka tett. Sjøfartsdirektoratet har hovudansvar for å tryggleik på fartøy, men vi ser om vi kan gjere noko i våre kontraktar for å gjere ferjene endå tryggare, seier Edvard Sandvik, avdelingsdirektør for ferje i Statens vegvesen.

– Vi samlar informasjon om denne hendinga. Så vil vi vurdere hendinga med tanke på om det er behov for endringar i system, produksjonar eller driftsløp, seier Ann Christin Olsen-Haines, direktør i avdeling for førebygging og tryggleik i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).

Inspiserer MF Ytterøyningen

INSPEKSJON: Fleire var til stades i Ølensvåg torsdag. Representantar frå det lokale politiet, Kripos og Sjøfartsdirektoratet var blant dei.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Etterforsking i fleire månader

Torsdag kunne kriminalteknikarar frå Kripos gå om bord i ferja for å inspisere batterirommet. Ferja ligg no til kai i Ølensvåg.

Dei har no fotografert og sikra spor, og skal no gjere avhøyr, fortel Torgeir Fosse ved lensmannskontoret i Kvinnherad.

Etterforskinga vil ta lang tid.

– Eg ser ikkje for meg at vi er ferdige på denne sida av nyåret. Vi snakkar om fleire månadar, seier Fosse til NRK.

Røykdykkarar i innsats på MF Ytterøyningen

KJEMIKALIEDYKKARAR: Det danna seg farleg gass nede i batterirommet på ferja etter brannen. Kjemikaliedykkarar frå brannvesenet i Bergen vart henta inn.

Foto: Jonn Karl Sætre / Kvinnheringen

Tryggleiksråd

Etter brannen sende Sjøfartsdirektoratet ut to tryggleiksråd til reiarlag som har båtar med batteri. Eit av råda var at alle batteriinstallasjonar må vere kopla til for å sikre tilgang til alarmsystem og feilkjelder.

Eit av spørsmåla i etterforskinga er om mannskapet på MF «Ytterøyningen» hadde kommunikasjon med alarmsystemet i batteriet.

Ferja segla nemleg på diesel då brannen starta, og det er uklart om alarmsystemet mellom batteriet og brua likevel var kopla til.

Desse råda kan forandre seg når ein får fleire svar på kva som skjedde.

Her jobber brannmannskapene etter eksplosjonen på ferja

BRANN OG EKSPLOSJON: Det var krevjande arbeid for brannvesenet då det for første gong brann i ei batteriferje i Noreg. Bildet er tatt med drone og infraraudt kamera.

Foto: Bergen brannvesen

Kan endre korleis ein byggjer elferje

Også i Danmark er auga retta mot Noreg.

– Danske sjøfartsstyresmakter har tatt kontakt og vil bli heldt orientert. Dei har per i dag ei elferje. Som oss, og andre med interesse for denne teknologien, er det viktig at vi kjem raskt til botns i denne saka, seier Dag Inge Aarhus i Sjøfartsdirektoratet.

Reiarlaget Norled reknar med at det vil koste 20 millionar kroner å reparere skadane.

– Vi har fire store ferjer og tre mindre under bygging, i tillegg til to ombyggingar. Det blir heilt avgjerande å finne ut kva som har skjedd, fordi det potensielt kan føre til endringar i nybygg og ombyggingar, sa regionsjef i Norled, Inge André Utåker til NRK søndag.