Hopp til innhold

Då Fredrik byrja med benkpress fann han styrken sin

Kortvokste Fredrik Myrvang trudde lenge at høgda hans var ei ulempe. No er han blant dei beste i verda i benkpress, og meiner at den korte veksten hans er ei styrke.

Tok bronse i VM i benkpress

NØGD: Fredrik Myrvang var godt nøgd etter å ha teke bronse i VM.

Foto: Arne Stubhaug

– Eg har eigentleg prøvd mange idrettar. Eg har vore innom fotball og innebandy, og etter kvart vart det vektløfting, men problemet då var at stanga trefte hovudet under løftet.

Det er ikkje berre enkelt å hevde seg i idrett når høgda di betydeleg mindre enn motstandarane sin. Naustedølen Fredrik Myrvang har likevel klart å hevde seg heilt i toppsjiktet i idretten styrkeløft, med benkpress som spesialfelt.

Med 180 kg i benkpress løfta Myrvang tre gonger si eiga kroppsvekt då han tok VM-bronse i Tokyo førre veke. Sidan det er 10 kg under hans personlege rekord var han litt skuffa over prestasjonen, men plasseringa er likevel det største han har opplevd i karrieren si.

– Eg var ganske sikker på at det kom til å bli den sure fjerdeplassen, så det smakte veldig godt med bronse, seier Myrvang.

Fredrik Eskil Myrvang

TRE GONGER KROPPSVEKT: Fredrik Eskil Myrvang løftar på det meste tre gonger si eiga kroppsvekt i benkpress.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Har fått litt blikk frå motstandarar.

Myrvang innrømmer at han har fått ein del blikk frå motstandarane sine opp gjennom åra. I klassen under 59 kg konkurrerer han nemleg med mange som har ein gjennomsnittleg høgde, og som kan bli litt sett ut når dei er kven det er som løftar meir enn dei.

– Særleg i byrjinga fekk eg ein del blikk når eg stod på pallen, men det har kanskje blitt ein del mindre av det etter kvart som resultata har kome.

Og der andre idrettar gav Myrvang ulemper og utfordringar, har faktisk styrkeløftinga vore bra for han på fleire måtar.

Fredrik Eskil Myrvang

MANGE MEDALJAR: Sjølv om bronsen i VM er det beste Myrvang har prestert i internasjonal samanheng, har han tidlegare teke mange medaljar nasjonalt, og også i europasamanheng.

Foto: Privat

– Eg har hatt ein del problem med smerte i korsryggen under gange, men der har faktisk styrkeløftinga hjelpt på. Så det har vore ein ekstra motivasjon, seier naustedølen.

No er han heime att i Sunnfjord eter bragda i Japan, og bronsemedaljen kjem til å ha ein søt smak i lganske lang tid framover.

– Eg var ganske sikker på at det kom til å bli den sure fjerdeplassen, så det smakte veldig godt med bronse, seier Myrvang.