Hopp til innhold

Var misnøgd – tok VM-bronse

Fredrik Eskil Myrvang (28) var berre sånn passe nøgd med 180 kilo, men kunne til slutt juble over si første VM-medalje som senior. Myrvang har frå før eitt VM-sølv som junior. VM i benkpress utstyr går i Tokyo i Japan. – Eg må vedgå at eg var litt heldig. Vi var seks løftarar i klassa, og to som skal vere sterkare enn meg klarte ikkje løfta sine. Så då vart det bronse, seier kraftkaren frå Naustdal. Myrvang har tidlegare representert Førde og Sogndal, men VM i Japan er det første etter at han melde overgang til idrettslaget i heimbygda. – Det gjer at medaljen smakar endå betre, seier han. Likevel litt misnøgd med resultatet ettersom hans personlege rekord er 190 kilo. No startar oppkøyringa fram mot EM i Finland i oktober.

Fredrik Eskil Myrvang
Foto: Privat