Hopp til innhold

Byråd meiner politiet driv med «tåkelegging og dobbelt­kommunikasjon»

Byråd Line Berggreen Jacobsen i Bergen går knallhardt ut mot politiet i barnevern-saka. – Nødvendig sidan saka er av så alvorleg karakter, meiner byråden.

Line Berggreen Jacobsen i Ap

KRITISERER POLITIET: Byråd for barnevern og sosiale tenester Line Berggreen Jacobsen kjem med krass kritikk av politiet i eit innlegg på Facebook.

Foto: NTB

I går blei det kjent at 12 meldingar frå Vest politidistrikt til barnevernet, sendt via Altinn, ikkje var opna i kommunane dei var sende til. Innhaldet var heller ikkje blitt kjend for kommunane på andre måtar, før denne veka.

Sakene gjeld ikkje direkte vald mot barn, men er sokalla foreldrevarsel, opplyste Vest politidistrikt på ein pressekonferanse i Bergen i går.

Nyheita om bekymringsmeldingar som har blitt sendt frå politiet på ein måte som har gjort at dei har lege uopna i kommunane kom førre veke, då Lillehammer oppdaga uopna meldingar.

Tysdag denne veka blei det kjent at fleire politidistrikt i landet har brukt meldingssystemet utan at kommunane har hatt tilgangar til eller visst om meldingane.

Politimester Kaare Songstad

PRESSEKONFERANSE: Fungerande påtaleleiar Sidsel Isachsen og politimeister i Bergen, Kaare Songstad.

Foto: Oda Flaten Lødemel

– Dobbeltkommunikasjon

I går kveld publiserte byråd for barnevern og sosiale tenester Line Berggreen Jacobsen (Ap) eit innlegg på si eiga facebookside. Det kjem ho kjem med krass kritikk av politiet.

Byråden i Bergen meiner politiet «vel å tåkelegge og skubbe ansvaret på barnevernstenesta og kommunane».

– Eg opplever at politiet driv med dobbeltkommunikasjon og tåkelegging når dei seier at dei skal endre på sine rutinar, men samtidig seier at «desse meldingane har jo kome fram».

pressekonferansen i går sa politiet at dei i fleire år ikkje har visst at meldingane sendt i Altinn, ikkje har blitt opna.

Dei gjorde det også klart at bekymringsmeldingar frå no av vil bli sendt med vanleg brev, for å hindre at det same skjer igjen.

Kvifor går du ut med denne kritikken på Facebook?

– Etter at eg såg pressekonferansen i går, opplevde eg at politiet dobbeltkommuniserte og eg valde difor å publisere eit innlegg på Facebook.

Byråd Line Berggreen Jacobsen Facebook-innlegg

TÅKELEGGING: Utdrag frå Facebook-innlegget til byråd Line Berggreen Jacobsen.

Foto: Skjermbilde/Facebook

Berggreen Jacobsen meiner kritikken frå kommunen er på sin plass «sidan saka er av so alvorleg karakter».

Politimeister Kaare Songstad i Vest politidistrikt peika i går på at ingen av dei tolv sakene handla om barn som er utsette for alvorlege hendingar.

– Det er viktig for meg å framheve, fordi det er gitt eit inntrykk over dei siste dagane om at politiet har gjort ein glipp når det gjeld alvorlege saker til barnevernet, sa han.

NRK har lagt fram kritikken frå Jacobsen for Vest politidistrikt og fått opplyst at politimeister Kaare Songstad ikkje har ytterlegare kommentarar til saka i dag.

– Bagatellisering

Sjølv om sakene ikkje gjeld vald mot barn, reagerer Cecilia Dinardi, leiar i landsforeininga for barnevernsbarn, sterkt på det som kom fram på Vest politidistrikts pressekonferanse i går.

– Eg får inntrykk av at innhaldet i desse tolv sakene blir noko bagatellisert.

Ho seier barn kan vere utsette for alvorlege situasjonar sjølv om det ikkje finst direkte informasjon om vald mot barn i desse meldingane.

Ei av sakene gjeld kroppskrenking, der minst eitt barn har vore vitne til vald mellom to vaksne.

Kva kan det bety for barn å vere vitne til noko slikt?

– På generelt grunnlag kan eg seie at å bli vitne til vald i heimen er psykisk vald mot barn. Det kan representere stor utryggleik og mangel på vern i ein heim.

Vest politidistrikt orienterte om saka på ein pressekonferanse i går 219 meldingar frå Vest politidistrikt har aldri blitt lest

Fleire av sakene handlar om grove narkotikabrotsverk.

– Det er alltid ei stor belastning for barn som lever i miljø prega av rus, seier Mimmi Kvisvik i Fellesorganisasjonen.

Cecilia Dinardi

REAGERER: Cecilia Dinardi, leiar i landsforeininga for barnevernsbarn, opplever at innhaldet i dei tolv sakene blir noko bagatellisert av politiet.

Foto: Moment Studio

– Sak med høg prioritet

NRK har bedd Politidirektoratet (POD) om å svare på rutinar rundt bruken av Altinn som meldingsteneste, og kvifor fleire politidistrikt har nytta seg av denne løysinga.

I ein e-post skriv POD at dei ventar på karlegginga som no blir gjort, og viser til svara dei gav i intervju på tysdag.

– Politiet har sendt varslingar til kommunane via den offentlege digitale løysinga som alle kommunar er tilknytt. Altinn genererer ei automatisk varsling til e-post og SMS om at brukaren har teke imot ei melding frå politiet, opplyser direktoratet i e-posten.

Bjørn Vandvik i POD svarar at denne saka har hatt høg prioritet i heile politiet sidan ho blei kjend, og at dei sidan då har jobba hardt med å skaffe seg oversikt.

– Dette arbeidet held fram gjennom helga og sommaren, fram til vi med tryggleik kan seie at alle bekymringsmeldingane som er sende frå politiet, er følgde opp slik dei skal, står det i e-posten.

Bjørn Vandvik, avdelingsdirektør i Politidirektoratet

HØG PRIORITET: Bjørn Vandvik i Politidirektoratet.

Foto: Artur do Carmo

Hei!

Eg jobbar med denne saka. Har du tips eller innspel? Ta gjerne kontakt!

NRK anbefaler