Hopp til innhold

219 meldingar frå Vest politidistrikt har aldri blitt lest

I 12 av meldingane sendt gjennom Altinn til barnevernet har det ikkje vore noko anna kontakt med kommunen.

SJÅ PRESSEKONFERANSEN: Vest politidistrikt kalla inn til pressekonferanse torsdag for å orientera om arbeidet dei har gjort med å få oversikt over meldingane som aldri kom fram til kommunane.

Tysdag blei det kjent at fleire meldingar frå politiet i over to år har blitt sendt utan å bli opna av norske kommunar. Nokre av meldingane var til barnevernet.

I dag orienterte Vest politidistrikt om arbeidet dei har gjort med å avdekka kor mange meldingar dei har sendt, som kommunane ikkje har fått eller lest.

– Totalt har Vest politidistrikt sendt 219 meldingar som ikkje er opna. 119 av dei er sendt til barnevernet, fortel politimeister Kaare Songstad i Vest politidistrikt.

I 12 av sakene har det aldri vore nokon annan kontakt med barnevernet eller kommunane. Det betyr at barnevernet ikkje har vore klar over situasjonen eller borna som politiet meinte å varsla om.

Kaare Songstad

Kaare Songstad seier politiet har jobba intensivt med å få oversikt over meldingane dei har sendt gjennom Altinn, men som kommunane aldri har opna.

Foto: Oda Flaten Lødemel / NRK

– Alvorlege forhold, men omhandlar ikkje born

Dei 12 sakene som kommunane aldri fekk melding om, har Vest politidistrikt no fått oversikt over.

Politiet omtalar desse meldingane som «foreldrevarsel». Det betyr at foreldre eller andre omsorgspersonar har blitt etterforska for ulik kriminalitet.

– Dette er meldingar om saker som ikkje gjeld straffbare forhold mot barn, seier påtaleleiar Sidsel Isachsen.

Ifølge ho gjeld sakene blant anna narkotikalovbrot, kroppskrenking eller trugslar mot andre vaksne og ruskøyring. Éi av sakene gjeld vald i nære relasjonar, der barnet har budd på ei anna adresse og ikkje vore til stades under hendinga.

Seks av sakene høyrer til Bergen og seks av dei høyrer til andre kommunar i Vest politidistrikt.

– Dette er alvorlege saker. Kvifor har ikkje politiet ettergått at meldingane har blitt mottatt?

– Me har ikkje visst om problemet. Det er beklageleg. Ja, dette er alvorlege forhold, men dei omhandlar ikkje born, seier Songstad.

Les også Bekymringsmeldinger fra politiet nådde ikke kommunene

Byrådsleder Rune BAkervik (Ap) og Line Berggreen (Ap) på pressekonferansen om saken.

– Kan vere toppen av eit isfjell

Leiar i Fellesorganisasjonen, Mimmi Kvisvik, seier det er urovekkande at desse tilfella aldri har nådd fram der dei skulle.

– Her har politiet ønskt å melde frå til barnevernet, og barnevernet har ikkje motteke desse meldingane. Det er alvorleg nok i seg sjølv.

Mimmi Kvisvik FO

Mimmi Kvisvik i Fellesorganisasjonen meiner det er viktig at politiet tek dette på alvor.

Foto: PRESSEFOTO / FO

Politimeisteren seier at dei 12 sakene er alvorlege, men at dei ikkje omhandlar born. Kvisvik meiner likevel ein ikkje kan vite noko om barna i dei situasjonane er påverka.

– Desse sakene er så alvorlege at dei skal undersøkjast. Dette kan jo vere enkeltepisodar eller det kan vere toppen av eit isfjell, seier ho.

Kvisvik meiner likevel det er bra at politiet tek saka på alvor, og legg til:

– Det som er betryggende i dette her er jo at 207 meldingar har vorte sikra med anna dialog.

Sende meldingar i Altinn – kom aldri fram

Dei siste vekene har det kome fram at fleire sende meldingar frå politiet til norske kommunar aldri har vorte opna.

Politiet på si side har i fleire år trudd at meldingane sendt i Altinn har blitt mottatt og handtert.

I ettertid har det vist seg at fleire av meldingane har lege uopna og ulest.

Etter 30 dagar har dei uleste meldingane blitt sletta automatisk.

Fleire av dei uleste meldingane er bekymringsvarslar til barnevernet.

Les også Tilsette i Bergen slo alarm då dei ikkje fekk dokument frå politiet

Rådhuset i Bergen

Meiner kritikken var for sterk

Førre veke vart det kjent at barnevernet i Lillehammer ikkje hadde opna viktige dokument frå politiet på to år.

Tysdag denne veka kalla byrådsleiar Rune Bakervik (Ap) i Bergen inn til pressekonferanse, der han fortalde at kommunen var råka av den same feilen.

Han var klar på at norske kommunar ikkje kunne finne seg i at viktige meldingar frå politiet ikkje var sendt på riktig måte.

Byrådsleder i Bergen Rune Bakervik (Ap).

Byrådsleiaren retta kritikk mot politiet etter avsløringa tysdag.

Foto: Tuva Åserud / NTB

På dagens pressebrief meinte politimeisteren at Bakervik tok litt for hardt i.

– Byrådsleiaren har hatt rett i at det har vore manglar og feil, men eg synes den kritikken som kom var litt i sterkaste laget, svarar politimeister Songstad.

Bakervik seier til NRK i kveld at han står inne for kritikken frå tysdagens pressekonferanse.

– At politiet, mot faglege råd, har valt å bruke ei oversendingsform som det ikkje har vore opning for hos politiet, og som kommunane ikkje har visst om, meiner eg framleis er sterkt kritikkverdig, seier byrådsleiaren.

Hei!

Eg jobbar med Altinn-saka. Har du tips? Ta kontakt!