Hopp til innhold

Ber om åtte månader fengsel for kvinneleg lærar som skal ha sendt nakenvideoar til elevar

To av elevane hadde nakenvideo av læraren på mobilane sine. Forsvarar meiner at læraren ikkje sende dette til dei, og at materiale var på avvege.

Tiltalt kvinnelig lærer i rettssal

FENGSEL: Aktor Eli Valheim ber om at straffa for kvinna blir åtte månader fengsel.

Foto: Benjamin Dyrdal / NRK

Politiadvokat og aktor Eli Valheim la i utgangspunktet ned påstand om ti månader vilkårslaust fengsel.

Sidan saksbehandlinga har tatt lang tid, la Valheim ned påstand om at straffa blir åtte månader fengsel.

Aktor bad også om at telefonen til kvinna blir inndratt, og at kvinna skal dømmast til å betale erstatning.

– Det som er skjerpande i saka er at ho har fått kontakt med tre av dei i jobben som lærar, og har trossa det at ho ikkje skulle ha kontakt med elevar, seier Valheim.

Aktor viste i Hordaland tingrett også til avdelingsleiaren på skulen, som hadde formidla at kvinna ikkje skulle ha kontakt med elevar, men at ho skulle vere ein tydeleg vaksen.

– Tiltalte forklarte at elevar testa grenser, og det er tydeleg at kvinna har problem med å sette grenser når ho svarer på meldingar.

Den tiltalte kvinna nektar straffskuld.

Forsvarar Anette Vangsnes Askevold ber i utgangspunktet om at kvinna blir frifunnen.

Les også 13-åringer skal ha fått nakenvideoer fra kvinnelig lærer: – Folk trodde ikke på oss

Meiner kvinna bør fellast

Ifølge tiltalen skal kvinna ha sendt nakenbilete og video til fire elevar.

Ho skal også ha forsøkt å bestikke og true ein av elevane med å seie at han skulle få toppkarakter dersom han ikkje spreidde materialet.

Kvinna skal også, ifølge tiltalen, ha trua den eine fornærma med å sende folk etter han dersom han viste videoane ho hadde sendt til nokon.

– Eg meiner dei fire fornærma gir ein truverdig forklaring. Det går igjen at det var ein godt likt lærar som dei var uroa for, sa aktor.

Politiadvokat Eli Valheim

Politiadvokat og aktor Eli Valheim.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

Les også Tiltalt kvinnelig lærer slo tilbake mot elever: – De tafset og slo meg på rumpen

Meinte ho blei hacka

Kvinna har tidlegare forklart at ho meiner seksualiserte bilete og videoar ho selde på Snapchat kom på avvegar og blei spreidd til elevane hennar.

Siste rettsdag sa kvinna at ho hadde selt bilete til vaksne menn som ho visste kven var. Det skal ikkje ha vore på nettsider som Onlyfans eller liknande.

Tiltalte har meint at ho blei hacka, noko politiet meiner er usannsynleg.

Aktor tok fram at data frå Snapchat viser at andre ikkje hadde vore pålogga, eller at lokasjondataa hadde endra seg, slik som tiltalte hadde forklart.

– Hennar forklaring er ikkje truverdig og blir tilbakevist også, sa aktor.

Forsvarar Askevold meinte at tiltalte kan ha forstått det slik at ho har vore hacka. At tiltalte har stilt til avhøyr tok forsvarar også fram.

– Ho er ikkje tatt i løgn, dette er ei misforståing, seier Askevold.

Les også Tiltalt lærar hevdar elevar hacka ho for nakenbilete – blir ikkje trudd av politiet

Meiner videoane var på avvege

Siste dag i retten forklarte kvinna at ho følte seg trua. At personar har skrive i kommentarfelt at dei skal finne ho og skulda ho for å vere pedofil.

Ho sa det var belastande å stå i situasjonen, og at ho forstår det også er belastande for dei fornærma i saka.

Forsvarar Askevold la fram at kvinna til dømes ikkje har tatt initiativ til samtalar med fornærma. Ho meiner at ein del vitneforklaringar taler til tiltalte si gunst.

Askevold meiner bevis viser at ein video er lagra fleire gonger, og tok også opp det at fornærma skal ha sagt dei ikkje har delt materialet.

– Det er meir som taler for at det er bilete og videoar som er på avvege og at det er andre som sender, seier Askevold.

Forsvarar ber om frifinning. Ho ber om at kvinna ikkje skal straffast for å ha kontakt på Snap, eller for å ha hatt besøk av elevar. At ein forsvarer seg, meiner ho ikkje skal vere skjerpande.

– Det er relevante å ta vurdering til, er kva krenkingar det er snakk om, seier Askevold og snakka om kva type bilete og videoar det var i denne saka.

Dersom kvinna får straff, ber forsvarar om ei kort vilkårsbunden straff, og når det gjeld erstatningsansvar meiner forsvarar at det ikkje er grunnlag for dette.

Ber om erstatning

Bistandsadvokat Cecilie Wallevik, som representerer tre av dei fornærma gutane, la ned påstand om at det skulle bli betalt erstatning.

Mellom anna for truslar som tiltalte skal ha retta mot fornærma. Dette i tillegg til at fornærma har fått seksuelt krenkande materiale frå det som skal vere ein tillitsperson.

Wallevik meinte dette har vore belastande.

Ho meinte det kan vere sannsynleg at gutane har fått psykisk skade av saka, og meiner erstatningskravet til den eine bør ligge på 25.000 kroner og fem tusen kroner til kvar av dei to andre.

Bistandsadvokat Cecilie Wallevik

Advokat Cecilie Wallevik representerer tre av de fornærma gutane.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

Advokat Erik Johan Mjelde, som er bistandsadvokat for den eine av dei fornærma, meiner at retten kan legge til grunn at det er gjort forsettleg handling.

Han la også fram om det kan ha blitt gjort skade mot klienten, at han har fått ein negativ effekt.

– Poenget er at dette kjem frå ein lærar han ikkje har valt å ha kontakt med, han kan ikkje velje seg vekk frå dette. Attpåtil er det ein lærar han likar og har kontakt med. Det gjer det meir alvorleg.

Mjelde meiner oppreisingserstatninga for klienten skal vere etter rettens skjønn.

Erik Johan Mjelde

Erik Johan Mjelde er bistandsadvokat for ein av dei fornærma.

Foto: NRK