Hopp til innhold

Brøytemannskap kjemper for å rydde veg til påskefjellet

Dei fyrste påskekyllingane har alt kome til fjells. Dei er store og motoriserte og jobbar for fullt for at fleire skal kome seg opp.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Fleire stader i landet jobbar no brøytemannskap med å rydde vegen for påsketrafikken. Enkelte stader er brøytekantane tre til fire meter høge.

Det gjer brøytinga til ein utfordrande jobb. Enda meir utfordrande vert jobben når snøen er hardpakka på grunn av vind og regn.

Sognefjellet 2022

SOGNEFJELLET: Deler av vegen er no rydda slik at folk skal kome seg høgare opp i fjellet. Opning av heile strekninga over høgfjellet er venta 2. mai.

Foto: Terje Weka

Forholda ser bra ut

Byggjeleiar i Statens vegvesen, Geir Ove Engebø, har sjekka forholda over Sognefjellet og Gaularfjellet.

Han fortel at jobben med å frese vekk snøen «går greitt», men kan ikkje garantere for påsketrafikken.

– Det er meldt dårleg vêr til helga. Dei strekningane vi opnar til påske kan raskt bli stengt på kort varsel om vêret slår til.

NB! Det vert ikkje brøyta veg heile vegen over fjellet; berre deler av vegen på kvar side.

Engebø trur dei største utfordringane kjem etter påske. Då skal mannskapet heile vegen inn til dei skredutsette områda.

Likevel reknar Engebø med at både Sognefjellet og Gaularfjellet høgfjellsstrekningane er heilt opna til vanleg tid 2. mai.

Fram til då kan folk køyre så langt det går, og spenne på seg skia for å gå vidare.

Gaularfjellet 2022

GAULARFJELLET: Brøytemannskap legg til rette for at folk skal få kome seg til påskefjellet.

Foto: Jim Flatland

Har tjuvstarta snørydding

Frank Eldegard er styreleiar i Tindevegen som går mellom Årdal og Turtagrø. I samarbeid med den lokale skigruppa har dei brøyta delar av vegen slik at skientusiastane skal få kome seg høgare opp i fjellet i påska.

– Det er veldig variabelt med snø, seier han.

På same tid i fjor måtte ein svensk skientusiast få hjelp då millionbilen hans var overraska av ein snøstorm på den same fjellovergangen.

– No forstår eg kvifor folk døyr på fjellet, sa han.

Eldegard forventar at dei skal opne heile strekninga til normaltid som er 1. mai. Då blir det brøyta frå begge sidene, også møtast brøytemannskapet ved bomstasjonen på toppen.

Dei fleste fjellovergangar er opne

I Nord-Noreg er alle fjellovergangar opne. I Sør-Noreg er det ope på alle fjellovergangar som er europa- og riksvegar.

Når det gjeld stengde fylkesvegar, i tillegg til Sognefjellet og Gaularfjellet som blir delvis brøyta, blir Geiranger-Langvatnet og Trollstigen opna 31. mai. Brokke - Suleskard blir opna 20. mai og Røldal - Sauda 15. mai.

Tindevegen

TINDEVEGEN: Berre stikkene viser at det er ein veg under snøen. Vegen er på totalt 32 kilometer og går frå Årdal til Turtagrø.