Hopp til innhold

Bertine (20) trur klimaendringar kan gjere Nord-Noreg meir populær

SSB spår nedgang i befolkninga innan 2050. Men både forskarar og Bertine Hol Meling trur klimaendringane kan føre til at spådomane ikkje blir sanne.

Bertine Hol Melinghar lyst rødlig, halvlangt hår, tannregulering og hvit t-skjorte med rød skrift på. Hun sitter på en steintrapp utenfor biblioteket i Bodø og smiler til kameraet. I bakgrunn synes utemøblement fra en restaurant.

FREISTA: Bertine Hol Meling har latt seg freiste av det gode vêret i Nord-Noreg.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

20 år gamle Bertine Hol Meling sit og nyt sommarvêret i Bodø mens ho strikkar.

Her skal ho vere i sommar. Mest fordi ho har sommarjobb her, men ho synest uansett det er like fint å vere i Nord-Norge som i Syden på sommaren.

Hol Meling bur eigentleg i Sandnes, men har vore i Lofoten det siste året. Det har vore eit år med lang vår og tidleg sommar.

Bertine Hol Meling har lyst rødlig, halvlangt hår, tannregulering og hvit t-skjorte og brune bukser. Hun sitter på en steintrapp og strikker utenfor biblioteket i Bodø I bakgrunn synes utemøblement fra en restaurant.

Bertine Hol Meling veit å utnytte dei fine dagane i nord.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

– Eg har kjent på at det fine vêret vi har hatt nesten heile året, har hatt mykje å seie for meg.

Kan Nord-Noreg tene på det i framtida?

Trur fleire vil bu i nord med betre vêr

I 2050 reknar SSB i sine modellar med at befolkningstalet i Nordland kjem til å gå ned med nesten 2000 menneske samanlikna med i dag.

Det er det einaste fylket i landet der statistikarane reknar med at det blir færre folk.

Men dersom vêret blir betre og meir stabilt, trur 20-åringen i Bodø at framskrivinga kan vere feil, og at fleire kjem nordover for å nyte betre vêr.

Hol Meling trur i første omgang at Nord-Noreg kjem til å bli eit større turistmål, om vêret held fram som no. Det er det fleire som trur ho har rett i.

Men kan klimaet i framtida ha noko å si for befolkningsutviklinga i nord også?

– Ja, det trur eg. Vêret har tradisjonelt vore veldig ustabilt her nord. Men dersom det blir meir stabilt vêr, er det veldig attraktivt. Då kan det vere eg vel å busette meg her, seier Hol Meling.

Og akkurat klima er ikkje noko Statistisk sentralbyrå (SSB) har tatt med i sine berekningar for befolkningsutvikling.

Bertine Hol Melinghar lyst rødlig, halvlangt hår, tannregulering og hvit t-skjorte og en brun bukse. Hun sitter på en steintrapp utenfor biblioteket i Bodø. I forgrunn er en stor blomsterpotte med stemorsblomst. En mann med bukseseler og hjelm sykler forbi forbi henne på brygga.
Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

SSB: – Ikkje tatt med klima i berekninga

Sturla Løkken, forskar i (SSB), fortel at resultata i framskrivingsmodellen baserer seg på demografiske forskjellar ein har observert dei siste ti åra.

– Det betyr at vi ikkje tar omsyn til signal om endringar i lokale forhold i framtida, skriv han i ein e-post til NRK.

Altså har dei ikkje rekna med til dømes planlagde bustadutbyggingar, infrastrukturprosjekt, nedlegging av arbeidsplassar – eller klimaendringar og varme somrar.

– Det er heller ikkje sikkert at dei ti siste åra blir oppfatta som representative, ifølge Løkken.

Difor råder han dei som skal bruke spådommane om kor mange som vil bu til dømes i Nordland til å justere tala basert på eigen lokalkunnskap, om dei meiner viktige utviklingstrekk ikkje har blitt tatt omsyn til.

Og vêret i Nordland ser ut til å bli varmare med tida.

Les også Folk rømmer fra Nord-Norge: – Jeg ble lei det konstante drittværet i nord

Gaute Fredriksen

Klimaforskar: Blir varmare men også våtare

Hans Olav Hygen, klimaforskar ved Meteorologisk institutt, har nemleg sett i spåkula si.

Dei kan gjennom ulike modellar seie noko om korleis vêret vil sjå ut i landet fram til år 2100.

– Det blir varmare. Det er gjennomgåande. Men det er ikkje unikt for Nordland, seier han til NRK.

I det hundreåret vi no er inne i er det forventa 3 til 5 graders oppvarming i heile landet.

Men i tillegg blir det meir nedbør.

Hans Olav Kvaal Hygen

Hans Olav Hygen, klimaforskar ved Meteorologisk institutt, fortel at folk stort sett ikkje hugsar korleis førre sommar var. Forsking har vist at ein er selektiv i hugen og berre hugsar dei solfylte dagane.

Foto: Magne Velle

– Det er over heile landet forventa 18 prosent auking i nedbør. Det er faktisk same auking vi har hatt i hundreåret som har gått, men det er den kraftige nedbøren som aukar no.

Altså vil det ikkje bli mindre nedbør i Nordland, sjølv om det har verka slik på starten av denne sommaren.

– Vêret på Austlandet er betydeleg meir stabilt. Der er det oftare det folk vil kalle pent vêr, samanlikna med kystnoreg frå Lindesnes til Nordkapp, seier Hygen.

Det er fordi mykje av vêret i Noreg kjem frå havet. Austlandet er difor skjerma for mykje av det verste vêret, ifølge meteorologen.

Klimaforskar ved Nordlandsforskning, Grete Kaare Hovelsrud, trur likevel at klimaet i nord kan bli freistande for fleire i tida som kjem.

Les også Får flytte tilbake etter flaumen – ein bustad framleis avstengt

Flaum Løkken Verk.

Les også Farevarsel for gress- og lyngbrann i nord og sør: – Ser en betydelig økning

Gressbrann Nordland 20.04

Kan kome europeiske klimaflyktningar

Hovelsrud har tidlegare sete i FN sitt klimapanel. Ho seier det er reelt at ein i det minste får meir klimaturistar i Noreg frå sørlege Europa framover.

– Det er ikkje umogleg å tenke seg at det også vil bli vanskeleg å bu lenger sør i Europa på sikt, seier Hovelsrud.

– Gitt at klimaet blir betre, kan ein tenke seg at det blir attraktivt her. Ikkje berre på grunn av varmen, men òg fordi vi førebels ikkje er dei store flaumane her nord.

Grete Kaare Hovelsrud

– Det nordlege klimaet blir meir likt slik det har vore lenger sør. Heile klimasystemet blir flytta nordover. Det har òg konsekvensar for arter, dyr og menneske, seier klimaforskar Grete Kaare Hovelsrud.

Foto: Nordlandsforskning

Likevel fortel ho at det er vanskeleg å seie om dei framtidige europeiske klimaflyktningane vel å busette seg i Nord-Noreg.

– Men det er i det minste meir plass her i nord, seier ho.

Bjørn Vidar Vangelsten forskar på klima og jordbruk ved Nordlandsforskning. Han seier det er mykje mogleg at klimaendringane vil vere bra for dei som dyrkar jorda.

– Om du ser temperaturen isolert, er det veldig gode nyheiter for matproduksjonen i Nordland.

Les også Solsjokk i nord: – Lange perioder med oppholdsvær

På tur til Hovdsundet med Landego i horisonten.

Les også Rekorder står for fall: Nord-Norge blir varmere enn «Granka», Kreta og Ibiza

Sommer i nord i Rakelfjæra.

Men ekstremvêr, anten med mykje regn eller tørke, kan òg gjere det vanskelegare å dyrke jorda. I tillegg er det fare for meir skadedyr og sjukdommar som ein ikkje veit om slår inn.

Likevel kan Carl O. Geving, administrerande direktør i Norges Eiendomsmeglerforbund, fortelje at det allereie er stor pågang frå utlendingar som ønsker å kjøpe bustad i til dømes Tromsø.

Det trur han kan henge saman med klima.

Bjørn Vidar Vangelsten

– At det reint temperaturmessig blir meir behageleg i nord enn tidlegare er utvilsamt, seier Bjørn Vidar Vangelsten ved Nordlandsforskning

Foto: Henrik Østensen Heldahl / NRK

Ein kan tenke seg at vår del av verda, langt nord, over tid vil vere meir attraktivt på grunn av klima, seier han.

Hygen frå Meteorologisk institutt er einig i at han trur turistane kjem nord, men han trur ikkje ein får klimaflyktningar frå sør i landet.

For sjølv om det blir varmare også i Noreg, vil det ikkje kunne måle seg med det dei vil oppleve i Europa dei neste hundre åra, ifølge Hygen.

– Vi kjem nok ikkje til å oppleve 40 grader i Noreg. Men i store deler av verda er det allereie folk som dør av varmen.

Greece End Of School

Greske skuleelevar feirar skuleslutt med vasskrig.

Foto: Petros Giannakouris / AP