Hopp til innhold

Svensk gründer i luksusbil tatt av snøstorm: – No forstår eg kvifor folk døyr på fjellet

For den svenske skientusiasten hjelpte det lite å ha ein millionbil på tre tonn då snøstormen kom brått på i Jotunheimen.

Her køyrde svensken seg fast i snøstormen på Tindevegen.

FROSTIG OPPLEVING: Marcus Frost og kameratane blei ståande fast då store snømengder la seg på Tindevegen mellom Turtagrø og Øvre Årdal. Sjølv ein firehjulsdriven Bentley Continental måtte gje tapt mot snøstormen.

Foto: Privat

Svenske Marcus Frost er kjend som ein suksessrik gründer med base i Oslo. Like bra gjekk det ikkje då han og kompisane skulle heim frå skitur i Hurrungane sist helg.

Køyretøyet? Ein 2013-modell Bentley Continental GT V8 med ein bruktverdi på om lag 1,2 millionar kroner. Ein uhyre sjeldan bil å sjå i den norske fjellheimen.

Etter to dagar med strålande vêr og skiturar, byrja det å skye til og snø søndagen då kameratane skulle tilbake til hovudstaden.

– Vi såg at dei stengde bommane over Sognefjellet. Men då fekk vi tips om at vi kunne køyre Tindevegen ned til Øvre Årdal, seier Frost til NRK.

– Verste eg har vore borti

Men etter om lag fem kilometer inn i høgfjellet byrja vêret å bli skikkeleg ille. Snart stod den tunge luksusbilen på eit platå av snø og sikta var redusert til ein meter.

Ein annan gjeng i følgjet hadde kome enda lenger inn på fjellet. Marcus og venene håpa sterkt at dei andre ikkje ville forlate bilen i snøstormen.

– Vi prøvde å grave ut bilen min og få snudd den, men dette er det verste eg har vore borti. Men dess meir vi grov, dess verre blei vêrforholda.

Lenger ned mot hotellet på Turtagrø stod ein annan bil fast, ein Tesla. Dei klarte å få den laust, men etter kort tid hamna dei i grøfta. Brått dukka ein stor brøytebil opp.

Køyrde seg fast i store snømengder på Tindevegen.

BOM FAST: Ein av bilane som blei ståande fast på Tindevegen søndag.

Foto: Privat

Ingen telefondekning

Den erfarne brøytesjåføren Terje Weka klarte å vegleie dei vêrfaste i Teslaen ned att til Turtagrø.

– Det var ekstremt dårleg vêr. Eg fann ein bil som stod fast og etter mykje styr fekk eg den fri, seier Weka.

Men inne i fjellet var framleis kameratane til Marcus Frost i ein annan bil.

Ingen hadde hatt kontakt med dei, og det var null telefondekning. Då blei det slått full alarm.

– Plutseleg viste det seg at det var endå ein bil der inne. Då måtte vi rykke ut igjen, fortel brøytaren.

Saman med Luster Røde Kors Hjelpekorps fann dei kameratane til Frost, som hadde forlate bilen og kom gåande tilbake i stormen.

Då hadde dei vore på fjellet i ni timar.

Ein av dei som forlot bilen på Tindevegen.

GJEKK FRÅ BILEN: Ein av dei som valde å forlate bilen inne på Tindevegen. Godt utstyrt og fjellvand.

Foto: Privat

– Fullstendig vår eigen feil

Luster Røde Kors Hjelpekorps søkte vidare om det var fleire bilar som var nedsnødde.

– Det var eit ganske stort parti som ikkje var gått over. Vi køyrde heile partiet med snøskuter og fant heldigvis ingen andre, seier Bjørn Hesjevoll Winge, operativ leiar i Luster Røde Kors Hjelpekorps.

Det enda til slutt godt for sjåførane og passasjerane som blei tatt av uvêret i Jotunheimen.

Marcus Frost er tydeleg på at dei ikkje har andre å takke enn seg sjølv for det som skjedde.

Dei innser at dei aldri skulle lagt ut på turen over fjellet slik situasjonen var.

– Eg er j... irritert på meg sjølv. Det er fullstendig vår eigen feil at vi tok den vegen vi tok. No forstår eg kvifor folk døyr på fjellet, seier Frost.

PS! Bilen kom heilskinna ned igjen frå fjellet.

Marcus Frost i Jotunheimen.

GLADGUT: Marcus Frost har reist mykje rundt i verda for å stå på ski og klatre i fjell. Men makan til vêrforholda han opplevde i Jotunheimen sist helg, har han aldri opplevd før.

Foto: Privat