Hopp til innhold

Ektepar tett på dramatisk togulukke i Arna i Bergen: – Adrenalinet pumpa

Johanna Hundvin Almelid sat på toget som kom frå Oslo. På Arna stasjon i Bergen venta ektemannen Oddvar Almelid. Så small det mellom dei.

Johanna Hundvin Almelid og Oddvar Almelid

Johanna Hundvin Almelid og ektemannen Oddvar Almelid opplevde togulukka ved Arna tett på kvar si side.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Eit godstog spora av på veg austover like ved Arna stasjon fredag kveld.

Oddvar Almelid stod på perrongen og opplevde dramatikken på nært hald.

– Eg har aldri kjent adrenalin pumpa ut i muskulaturen som den kvelden. Alle musklane i ryggen stivna til. Eg tenkte på kva som kunne ha skjedd om ikkje toget stoppa. Viss ikkje det tekniske utstyret hadde fungert, kunne det ha enda med front mot front inne i tunnelen. Det hadde vore katastrofe.

Augevitne stod på perrongen då toget spora av

Dette biletet tok Oddvar Almelid då han stod på perrongen. Då visste han enno ikkje kor toget med kona Johanna var.

Foto: Oddvar Almelid

Det heile starta med at han høyrde ein uvanleg lyd like etter at godstoget køyrde forbi perrongen, på veg inn i Arnanipatunnelen.

– Eg ser to vogner som går over på sida og sklir innover i tunnelen. Det var liksom sakte film. Så tenkte eg: Er Oslo-toget på veg inn i same tunnel no?

– Eg såg at dette var ei alvorleg ulukke, men eg prøvde å overtala meg sjølv om at det ikkje var ein farleg situasjon, seier Oddvar.

Først seinare, då han skjønte kor nær Oslo-toget var ulukka, kjende han adrenalinet pumpa.

Oddvar og Johanna fortel om dramatikken i God morgon Hordaland på P1.

Passasjerane stod fast i fire timar

På Oslo-toget, i fremste vogn, sat kona hans, Johanna Hundvin Almelid.

Ho og dei andre rundt 200 passasjerane på toget vestover, hadde nett fått beskjed om at det var fem-seks minutt igjen til dei var framme på Arna stasjon.

Ho reiste seg og gjorde seg klar. Så stoppa toget. Rundt ein kilometer frå godstoget som hadde spora av.

Her blei passasjerane sittande i fire timar. Etter kvart forsvann straumen og det blei mørkt. Det var ikkje mogleg å få kontakt med nokon på mobilen heller.

– Men det var eigentleg ei roleg stemning. Folk berre aksepterte at det var slik, seier Johanna Hundvin Almelid.

Seint på kvelden kunne Oddvar endeleg henta Johanna.

Det var veldig deilig å koma ut av tunnelen, seier ho.

Togulykke i Bergen
Foto: Paul S. Amundsen / NTB Scanpix

«Vogner i hytt og gevær»

NRK har fått innsyn i loggen frå brannvesenet, som viser kva som hende då godstoget spora av. Den første meldinga om hendinga kom klokka 19.13 fredag kveld. Då blei det meldt om eit tog som hadde spora av og velta.

Toget var halvvegs inne i tunnelen, og personen som ringde inn fortalde om «vogner i hytt og gevær».

Eitt minutt etter at den fyrste meldinga blei registrert, blei brannmannskapa varsla. Halvtanna minutt seinare rykte dei ut.

Det gjekk dryge to minutt til, før dei kom fram på staden og meldte frå om det dei såg: «Container trykket over tunnelåpningen og flere containere som er trykket sammen.
Ikke inngang i tunnelen, ikke mulig å komme inn. Må jorde og ta strømmen.
»,
står det i loggen.

Opprydningsarbied ved Arna Stasjon. Heisekran.

Ei kran heisar konteinarane frå dei øydelagde godstogvognene.

Foto: Oskar Rennedal / NRK
Opprydningsarbeid ved Arna stasjon

Oppryddingsarbeidet starta søndag ved Arna stasjon.

Foto: Oskar Rennedal / NRK
Opprydningsarbeid ved Arna stasjon

Bane Nor seier at opprydningsarbeidet vil ta tid.

Foto: Oskar Rennedal / NRK
Buss for tog

Mellom Bergen og Vaksdal er det sett opp buss for tog. Det er uvisst kor lang tid det vil ta før sporet er rydda og toga går att.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

Fekk beskjed om å ta på kjemikaliedrakter

Dei neste 15 minutta rykte brannmannskap frå både Vaksdal og Laksevåg ut, og innsatsleiaren i brannvesenet kom fram til ulukkesstaden.

Klokka 19.31 fekk brannmannskapa beskjed om å ta på seg kjemikaliedrakter, fordi det var mistanke om at det avspora toget hadde farleg gods om bord.

Ni minutt seinare sende politiet ut naudvarsel til folk i området om å ikkje oppsøka ulukkesstaden og å halda vindauga lukka.

Eit kvarter seinare, klokka 19.44, sende brannmannskapa ny informasjon til 110-sentralen: «Seks vogner står på utsida av tunnelen, tre vogner har krasjet i fjellveggen og resten av vognene er inne i tunnelen».

Arna stasjon

Ulukkesstaden ved Arna stasjon

Foto: Oskar Rennedal / NRK

200 passasjerar i tunnelen

Samtidig starta mannskapa å ta seg inn i tunnelen. Klokka 20.10 fekk dei beskjed frå Bane Nor om at eit tog med 200 passasjerar stod fast i tunnelen.

Dei berekna at det ville ta rundt ein time for passasjerane å gå frå toget og ut av tunnelen.

Lokførar fekk beskjed om å stenga ventilasjonen på toget.

Brannmannskapa ønskte å evakuera passasjerane til fots, og klokka 20.24 sende dei inn mannskap utstyrte med lys. Den neste halvtimen tok fleire mannskap seg inn i tunnelen for å hjelpa til under evakueringa.

Opprydding Arna stasjon måndag

Oppryddinga ved Arna stasjon held fram måndagen etter ulukka. Ved hjelp av eit lokomotiv er fleire vogner dregne ut frå tunnelen og tunnelopninga.

Foto: Agnieszka Iwanska / NRK

Klokka 20.54 kom det nye opplysningar om den potensielt farlege lasta, og brannmannskapa valde difor å avbryta evakueringa. Loggen viser ikkje kva opplysningar det er snakk om.

Frå klokka 21.00 blei aksjonen trappa ned.

Tilsette i jernbaneselskapet mistenkte

To personar har status som mistenkte etter ulukka. Dei to, lokføraren og ein kollega, er tilsette i Onrail AS, som eig godstoget. Lokføraren blei lettare skadd i ulukka.

Begge er avhøyrde av politiet, men ingen har fått endra status til sikta.

Lokføraren køyrte på raudt lys, men årsaka er ikkje kjend enno.

Ifølge OnRails-sjef Henning Aandal slo ein sporvekslar inn automatisk og førte togsettet inn i ein barriere, med eit spor som går over i grus.

Lokomotivet og dei fem første vognene var difor allereie avspora då toget gjekk inn i tunnelen, før det velta.

Har avhøyrt fleire vitne

Per Magne Kristiansen er advokaten til den andre mistenkte, og har vore på ulukkesstaden.

– Det er store krefter og store materielle skadar, men heldigvis ikkje personskadar. Då har ein det ikkje særleg bra når ein ser korleis dette ser ut. Min klient er ein heilt vanleg, samvitsfull familiemann, seier Kristiansen.

Politiet held fram sine åstadundersøkingar måndag med kriminalteknisk personell på staden.

Dei har no avhøyrt fleire vitne i tillegg til dei to som har status som mistenkte i saka.

– Me har avhøyrt ein del vitne som me meiner har gitt relevant informasjon, og så har me framleis ein del vitne som me ønskjer å få forklaringa til, seier påtaleansvarleg i Vest politidistrikt, Anja Mathiesen.

Bergensbanen er stengd

Havarikommisjonen avslutta arbeidet sitt på ulukkesstaden søndag.

– No skal me samanstilla all informasjon, og eventuelt henta inn meir viss det er naudsynt. Me har eit bilete av hendingsgangen. Det viktige er å forstå kvifor ulukka kunne skje, seier Ida Hogganvik Grøndahl, som er avdelingsdirektør i Statens Havarikommisjon.

Bergensbanen er framleis stengd mellom Bergen og Vaksdal etter avsporinga. Bane Nor kan ikkje gi noko svar på når banen blir opna igjen. Lokaltoga mellom Bergen og Arna går som normalt.

Arbeidet med å henta ut lokomotivet som ligg inni Arnanipatunnelen, startar tysdag.