I april 2023 blei tre menn stoppa da dei prøvde å krysse grensa på Svinesund med store mengder narkotika.
To av mennene er dømde for å ha smugla 117,7 kilo amfetamin, 3 kilo kokain og 156,5 kilo hasj.
Stoffet var skjult i to kabeltromlar som var lasta i ei polskregistrert trekkvogn med hengar, står det i tiltalen. Aktor bad om 15 års fengsel for alle tre.
– Eg er på veg for å diskutere saka med klienten min. Eg vil ikkje kommentere før eg har snakka med han først, seier advokat Jurgita Zajanckauskaite.
Ho forsvarer den eine vogntogsjåføren som er dømt.
Dommen er slik:
- Mann (57) vogntogsjåfør 1: 15 års fengsel
- Mann (35) eig og sjåfør av følgebil: 15 års fengsel
- Mann (65) vogntogsjåfør 2: frifunne
Sa han ikkje visste forskjell på raud og grøn
Da mennene blei stoppa på tollstasjonen på E6 var bommen nede. Det betyr at alle bilar som skal inn i Noreg må køyre på grøn sone. Tollvesenet avgjer kven som skal kontrollerast nærare.
Den eine av dei dømde, som eigde vogntoget, blei filma av overvakingskamera medan han køyrde inn i raud sone på tollstasjonen i ein personbil. Der parkerte han og venta på vogntoget.
«Han kjende ikkje grensa så godt og veit ikkje kva raud og grøn sone er», har han forklart til retten.
Han hevda da at han skulle hjelpe sjåførane med å deklarere lasta på grensa.
Det trur ikkje retten på, og slår fast at han har fungert som ein følgebil, for å klarere grensa.
Endra forklaring fleire gongar
Mannen som køyrde følgebilen har gitt ulike forklaringar på kva han skulle i Noreg. Blant anna at han skulle besøke familie og hente dokument.
Han har også sagt i avhøyr til politiet at han ville vekk frå ekteskapsproblem, og at han ikkje var så glad i varme land.
Tollarane fann samanhengen mellom privatbilen og vogntoget ved hjelp av fraktbrev og andre dokument.
Da dei stoppa vogntoget var det lasta med pallar og to kabeltromlar. Den delen av lasta var lovleg. Men ved nærare kontroll fann tollarane narkotikaen gøymd inne i kabeltromlane.
Blei frifunnen
Retten skriv at innføringa verkar profesjonell, særleg med tanke på at dei hadde følgebil.
«Det er etter retten sitt syn inga formildande omstende,» heiter det i dommen.
Den andre vogntogsjåføren blei frifunnen. Dei kunne ikkje bevise utover all rimelege tvil at han visste at lasta inneheldt narkotika.
– Det var ikkje uventa at klienten min skulle bli frifunnen. Eg har jo vore i stuss over at det blei tatt ut tiltale mot han i det heile tatt, seier forsvarar Tor Magnus Fagermo.
Han fortel at klienten er lauslaten og at politiet har stadfesta at dommen ikkje blir anka.
NRK har ikkje fått tak i politiadvokat Benedicte Granrud.