Hopp til innhold

Bondelagsleiar: – Ikkje greitt at bonden skal betale for storsamfunnet

Bønder på Byrkjelo står i fare for å miste over 150 mål med dyrka mark når ein ny E39 skal gå gjennom bygda.

Anders Felde og Svenn Ove Bjørkelo

IKKJE GREITT: Bondelagsleiar Anders Felde (t.v.) og mjølkebonde Svenn Ove Bjørkelo likar ikkje den nye planen til Statens vegvesen.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

Statens vegvesen sin plan for nye E39 i Nordfjord skal gå i tunnel under Utvikfjellet og krysse Nordfjorden mellom Frøholm og Svarstad, og vil kutte køyretida mellom Byrkjelo og Kvivstunnelen med om lag 1,5 timar.

Men for bøndene på Byrkjelo blir prisen høg. Dei står i fare for å miste over 150 mål dyrka mark.

Ein av dei er mjølkebonde Svenn Ove Bjørkelo, som fryktar å tape eit område som svarar til to månader med fôr til dyra. I fjøsen har han om lag 300 kyr som skal ha vinterfôr og beitemark til sommaren.

– Vi har for lite fôr sånn som det er no, så vi treng alt vi har. En ny veg her vil vere dramatisk, seier han.

Svenn Ove Bjørkelo

MYKJE: Mjølkebonde Svenn Ove Bjørkelo mistar veldig mykje areal til den nye E39. Han meiner vegvesenet bør jobbe for å ta minst mogleg av dyrka mark når dei skal byggje den nye vegen.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

Krev nytt areal

Men Bjørkelo er ikkje aleine. Opp mot fem gardar i området vil miste fleire hundre mål med slåtte- og beiteareal. No protesterer bøndene mot planane og krev at vegvesenet erstattar jorda dei tek.

– Det kjem til å vere eit ufråvikeleg krav ifrå grunneigarane, bondelaget og heile landbruket at Statens vegvesen må syte for nytt areal til dei som mistar det her, seier Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane bondelag.

Har teke omsyn

Planleggingsleiar Ellen Njøs Slinde seier Statens vegvesen har teke omsyn til landbruksareal i arbeidet.

– Vi har prøvd å leggje vegen i bakre del av dei bygdene vegen går gjennom, og totalt sett er det lite dyrka mark som går med.

Ho seier at alle som mistar jorda si skal få erstatning.

– Alle som tapar vil få erstatning etter dei reglane som finst, og det gjeld jo ulike typar eigedomar.

Ellen Njøs Slinde

OMSYN: Planleggingsleiar i Statens vegvesen, Ellen Njøs Slinde, seier dei har teke omsyn til dyrka mark i dei nye planane for E39.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Pliktar å skåne dyrka mark

Den nye vegprosjektet kjem med ein prislapp på 12,2 milliardar kroner. No skal kommunane seie sitt om planane, og deretter må stortinget finne pengane.

Bondelagsleiaren har ei klar forventning:

– Vegvesenet må kjøpe nytt areal, slik at det blir tilgjengeleg for dei bøndene som mistar jordbruksareal i dag.

– Men viss ein skal byggje nye vegar må ein jo ta av noko areal?

– Sjølvsagt, men dei pliktar å vere så skånsame som mogleg. Når storsamfunnet kjem for å lage ny veg og ta vekk areal, då får dei også ordne nytt areal, slik at bøndene får drive gardane som dei gjer i dag.

Felde seier det nye trasévalet til vegvesenet vil få dramatiske konsekvensar for dei bøndene som blir skadelidande.

– Vi er heilt avhengige av graset. Det er for lite gras på Breim i dag, og vi har ikkje ein einaste dekar å miste.

Nye E39 ved Byrkjelo

BYRKJELO: På Byrkjelo vil ny E39 starte vest for Bergheimsvatnet og gå nordover med tunnelinnslag aust for meieriet.

Foto: Illustrasjon / Statens vegvesen