Hopp til innhold

E39: Ny bru og 90-sone kan kutte kraftig i reisetida

Ein ny vegtrasé vil halvere lengda på E39 mellom Byrkjelo og Kvivstunnelen og kutte køyretida til ein halvtime.

Ny bru over Nordfjorden

NY BRU: Slik ser Statens vegvesen føre seg den nye brua som skal krysse Nordfjorden mellom Svarstad og Frøholm.

Statens vegvesen har no lagt ut planen for ny E39 i Nordfjord til høyring og det er knytt stor spenning til kva løysingar som blir vald for stamvegen mellom Sørlandet og Trondheim.

Den nye E39-traseen skal gå i tunnel under Utvikfjellet og krysse Nordfjorden mellom Frøholm og Svarstad.

Dagens køyretid mellom Byrkjelo i Gloppen og Kvivstunnelen i Hornindal er på om lag 1,5 timar. Kjem den nye vegtraseen på plass, vert køyretida 30 minutt.

Dimensjonert for 90-sone

Brua blir ei hengebru med hovudspenn på 1555 meter og total lengde på 1760 meter. Det er planlagt seglingshøgde 75 meter, og brutårna blir ca. 240 meter høge, fortel Statens vegvesen i ei pressemelding.

Dersom planen blir gjennomført skal vegen ikkje ha avkøyrsler, få midtdelarar og blir dimensjonert for fartsgrense på 90 km/t i dagen og 80 km/t i tunnelane.

– Å få på plass ein godkjend plan er viktig. Både på grunn av at han seier kva areal som er bandlagt til framtidig veg, og fordi han dannar grunnlaget for å kome vidare i NTP-prosessen fram mot finansiering av vegen, seier planleggingsleiar Ellen Njøs Slinde i Statens vegvesen i pressemeldinga.

Nye E39 ved Innvik

VIKANE: Her tilrår Statens vegvesen alternativet V3. Tunnelen under Utvikfjellet vil då kome ut lengst nede i Tverrlida i Utvik. Ny E39 går vidare mot Innvik, med tunnelinnslag aust for Utvik og sørvest for Innvik.

Foto: Illustrasjon / Statens vegvesen

– Har teke omsyn til landbruket

For Byrkjelo og Hornindal er det greidd ut tre ulike alternativ, for Vikane er det greidd ut to.

– Framkomst og trafikktryggleik er stikkord for valet av alle dei tre alternativa, seier planleggingsleiar Ellen Njøs Slinde i Statens vegvesen.

I Hornindal er alternativet H2 valt framfor H3 av omsyn til landbruket, fortel ho.

– H3-alternativet er hakket betre for trafikantane, men omsynet til landbruket har vege tyngre, seier Slinde.

Nye E39 i Hornindal

HORNINDAL: Her har Statens vegvesen greidd ut tre alternativ, og går for alternativet H2. Det inneber ein tunnel på 5,4 kilometer frå Markane til Grodås, med tunnelinnslag aust for Hornindal skule.

Foto: Illustrasjon / Statens vegvesen

Regjeringa valde trasé

Statens vegvesen skal no arrangere kontordagar og informasjonsmøte for alle som vil stille spørsmål og få innsyn i vegplanen.

Bakgrunn for prosjektet er regjeringa sitt vedtak frå 2014 om at ny E39 skal gå etter indre linje mellom Byrkjelo og Grodås, med tilkopling til Kvivsvegen i nord.

Nye E39 ved Byrkjelo

BYRKJELO: Statens vegvesen har greidd ut tre alternative veglinjer for Byrkjelo, og tilrår B1 som vist på dette kartet. Då vil ny E39 starte vest for Bergheimsvbatnet og går nordover med tunnelinnslag aust for meieriet.

Foto: Illustrasjon / Statens vegvesen