KAFFIKOKAR: Arve Hornnes sørgjer for kaffi til streikevaktene.
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK28 kommunalt tilsette i Førde førebur seg til streikevakter. Også i fylkeskommune er 12 tilsette i Førde tekne ut i streik. Totalt er 103 tilsette i kommunar og fylke som streikar.
Ein gjeng på om lag 30 personar var i morgontimane samla i ungdomshuset Viking i Førde sentrum. Streikevestane ligg klare. Arve Hornnes har fått oppgåva som kaffikokar og er klar til å streike.
– Streikeviljen er stor. Det blei brot i forhandlingane, så no må vi stå på.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Fekk ikkje innfridd krava
TILLITSVALD: Kari Hauge er hovudtillitsvald i Fagforbundet.
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRKKari Hauge seier årsaka til streiken er at dei ikkje har fått gjennom kravet om rettferdig og anstendig løn for alle tilsette.
– Heller ikkje kravet om å sikre fleire arbeidstakarar heile stillingar blei innfridd.
Ho seier det er administrative jobbar som ikkje blir gjort ved tre vidaregåande skular i fylket.
– Det same gjeld kulturkontoret og opplæringsavdelinga. Det er ikkje sikker at vanlege folk vil merke så mykje til dette, men arbeidsgjevaren vil merke det og det er det viktigaste i denne fasen.
KLAR FOR STREIK: Elin Skaar seier stemninga mellom dei streikande er god.
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRKHo seier streiken førebels ikkje råkar dei som skal ta eksamen eller få vitnemål.
God stemning
Elin Skaar som er nestleiar i Fagforbundet i Førde, seier dei no skal sende ut streikevakter.
– Stemninga er god. Vi er klare til å streike så lenge vi må.