Hopp til innhold

Brot i jordbruksforhandlingane

Eit samla jordbruk har laurdag vald å bryte årets jordbruksforhandlingar. Dermed blir tilbodet på 900 millionar kroner frå staten ståande som årets oppgjer. No vil også bøndene aksjonere.

Overlevering jordbruksoppgjør

Småbrukarlagets Merete Furuberget og Bondelagets Nils T. Bjørke overleverte kravet til ekspedisjonssjef Leif Forsell i Mat- og landbruksdepartementet. No blir det ingen forhandlingar.

Foto: Marthe Haugdal / Norges bondelag

Etter fleire uformelle samtalar dei siste dagane, er det no klart at det blir brot i jordbruksforhandlingane 2012.

Verken Norges Bondelag eller Norges Bonde- og småbrukarlag ser noko grunnlag til å gå til forhandlinga med staten.

Martin Braanaas Kleppe

UAKSEPTABELT: Martin Braanaas Kleppe.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det er totalt urealistisk av regjeringa å vente auka produksjon av matvarer i dette landet, utan å prioritere jordbruket i budsjettet. Berre 227 millionar kroner av tilbodet er friske løyvngar over budsjettet. Så mykje verdset regjeringa norske bønder sin vilje til å produsere mat til Norge si veksande befolkning, seier leiar i Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag, Martin Braanaas Kleppe.

Umogleg å forhandle

Bøndene kravde 2,2 milliardar kroner, men staten tilbydde godt under halvparten av dette. Framlegget frå regjeringa vert skildra som eit skambod av bøndene.

Leiar i Sogn og Fjordane bondelag, Per Hilleren, seier brotet ikkje kom overraskande. Brotet er så langt han kjenner til det første med ein landbruksminister frå Senterpartiet.

– Opningstilbodet som vart lagt fram, og ut frå det som vart omtala i landbruksmeldinga, så var det ikkje mogleg å gå i forhandlingar på det. Dei viser ikkje vilje til å imøtekomme dei punkta som går på heva inntekter i høve til andre yrkesgrupper, seier han.

– Ei ny Soria Moria

Bondelagsleiar Per Hilleren

SKUFFA: Per Hilleren.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Hilleren skildrar jordbruksmeldinga «Velkommen til Bords» som ei Soria Moria-erklæring. Her blir det lagt opp til inntektsutvikling på lik linje med andre yrkesgrupper og produksjonsauke på 20 prosent fram til 2030.

Dei siste 12 åra er tal gardsbruk meir enn halvert. Tal årsverk i næringa er bortimot halvert.

– Det er mykje fine ord og gode tankar, men det er ikkje politisk vilje til å setje orda over i handling, seier Hilleren og vedgår at brotet i år er den absolutt største nedturen han har hatt som bondelagsleiar i Sogn og Fjordane.

– Eg tykkjer det er veldig betenkeleg at ei regjering som så klart og tydeleg peikar på at vi skal ha matproduksjonsauke på lik linje med befolkingstilveksten, viser så totalt mangel på vilje til å komme med meir, held han fram.

Vil aksjonere

Hilleren og bondelagsleiarar i Luster varsla tidlegare i veka at aksjonar kunne bli aktuelt. Laurdag ettermiddag sler fylkesleiaren i bondelaget fast at no kjem dei.

– Her blir det aksjonar, og eg trur folk skal vere klar over at vi er ei viktig brikke i samfunnet. Det skal folk få merke, seier han.

– Korleis vil de aksjonere?

– Eg vil ikkje gå ut med korleis dei blir og når, men eg trur nok det blir synleg, seier han.