– Om eit par år kan ho vere fast på landslaget

Gamletrenaren til Kjerstin Boge Solås (18) tykkjer det er enormt at ho har fått opplevd å bli europameister i så ung alder. Han kjenner seg trygg på at dette berre er byrjinga.

Kjerstin Boge Solås

FEKK SPELE: Kjerstin Boge Solås fekk spele under EM i handball, og mot Tsjekkia scora ho også eit mål

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

– Det er ein veldig stor oppleving å få vere med på dette her. Ho hadde nok ikkje rekna med å få spele i finalen, det er ein draum berre å få vere med på det her som attenåring, seier Jonny Pedersen.

Pedersen trente Boge Solås frå ein ung alder då ho spelte på Dale IL: Han fortel at det er ein kjempeprestasjon å vere med på å vinne EM som attenåring, men at han tidleg såg at dalejenta kunne nå så langt.

Les også: Solid landslagsinnsats frå Kjerstin Boge Solås

– Det skjønte eg veldig tidleg. Ho hadde ein ekstrem fysikk tidleg, og var flink til å trene. Ho skilte seg og ut med at ho var så uredd. Ho trekker seg ikkje i duellane i det heile teke, og det er ein viktig eigenskap når ein skal spele forsvar., seier Pedersen.

Kjerstin Boge Solås

MYKJE PÅ BENKEN: Kjerstin Boge Solås har vore mykje på benken, men det er ikkje unormalt for ein attenåring.

Foto: BJORN S. DELEBEKK, Delebekk, Bjørn S. / VG

Må bygge vidare

Gamletrenaren trur ikkje Boge Solås tek det så tungt at ho ikkje fekk spele i finalen.

– No har ho sett kva som skal til både bakover og framover på bana. Ho har fått oppleve at spelarane ho møter på landslaget er raskare og sterkare enn dei ho møter i eliteserien. Du må vere endå meir agressiv, og endå meir på i forsvar.

Mor til Kjerstin Boge Solås, Trude Boge, fortel at ho måtte klype seg sjølv i armen under finalekampen.

– Eg trur ikkje at ho skjønar endå kor stort dette er, det har i allefall ikkje gått opp for meg endå.

Boge seier at gamletrenaren har vore ein god mentor for dottera, og at han framleis erdet.

– Kjerstin og Jonny har jo nesten dagleg kontakt. Handballmiljøet i Dale har vore utruleg viktig for ho, og det er det framleis. No trur eg at ho kan nå så langt som ho vil, seier den stolte mora.

Pedersen trur det er viktig at Boge Solås tek med seg erfaringane frå EM vidare, og lærar av dei.

EM håndball kvinner i Sverige. Scandinavium Gøteborg.

STORT: Handballtrenar Jonny Pedersen trur det er ei stor oppleving å få vere med på å vinne EM

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

– Ho vart litt passiv då ho fekk kome inn, men det tek ho med seg vidare. No veit ho at ho må vere endå råare og endå meir aggressiv på bana, så ho har framtida med seg.

– Kor lenge er det til vi kan forvente å sjå ho få spele fast på landslaget, då?

– Det er vanskeleg å på. Det er under to år sidan ho spelte på Dale og på Førde, og no spelar ho på landslaget, så ting har gått veldig fort. Om eit par år trur eg kanskje vi kan sjå ho fast på landslaget, men det er vanskeleg å sei.