Boge Solås til Byåsen
Kjerstin Boge Solås frå Dale i Sunnfjord har skrive kontrakt med Byåsen Håndball Elite, melder klubben på sine heimesider. Klubben skriv sjølv at dette er ei sterk signering. Boge Solås kjem frå den ungarske proffklubben Siofok, og har tidlegare spelt for Tertnes og Førde.