Hopp til innhold

Skadefri årdøl med pangstart i Danmark

Banas beste mot «norske» Herning-Ikast, toppscorar i klubben – og tredjeplass på tabellen. Hege Bakken Wahlquist (27) har fått ein pangstart på sesongen i Danmark.

Hege Bakken Wahlquist

ARKIVFOTO: Etter tre kampar er handballspelaren Hege Bakken Wahlquist toppscorar i Silkeborg-Voel i dansk toppserie. – Eg trivast veldig godt, så eg har ingen planar om å reise heim att til Noreg med det første, seier ho.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Eg har halde meg skadefri inn mot sesongen. At eg har fått trena som dei andre har vore ein avgjerande faktor. Eg har kome inn i rytmen og då blir spelet meir stabilt, seier den nøgde venstrekanten frå Øvre Årdal.

To operasjonar i fjor

27-åringen har hatt fleire skadeavbrekk. Dei fleste hugsar sikkert marerittskaden ho fekk som 20-åring i Sola for sju år sidan. Kneskaden heldt henne vekke frå handballen i eitt år .

I sin andre sesong med Silkeborg-Voel var Bakken Wahlquist under kniven ikkje mindre enn to gonger på fem månader for å få orden på eit trøblete kne.

Difor smakar sesongstarten i år ekstra godt.

– Akkurat no er eg berre veldig glad for å kunne spele handball. Så får resten komme som ein bonus, smiler ho og legg til:

– Det største målet for sesongen er at eg held meg skadefri, og at eg presterer på eit stabilt bra nivå.

Kåra til banas beste

For det har årdølen definitivt gjort frå venstrekanten denne sesongen. Det har blitt 15 mål og to målgjevande i løpet av sesongens tre første kampar. Det gjer henne også til toppscorar i Silkeborg-Voel.

I siste kamp, mot fjorårets sølvvinnar Herning-Ikast, vart det solide 35–26. Ikkje mindre enn sju nordmenn var på bana i kampen.

Og Bakken Wahlquist vart kåra til kampens spelar.

– Det var nok ikkje mange som venta at vi skulle vinne. Det var to poeng i alle fall vi ikkje hadde rekna med, smiler ho.

– Det var moro og vi fekk verkeleg vist kva vi kan om alle er på topp. No er det å halde oppe nivået i dei neste kampane, seier Bakken Wahlquist.

Revansjelystne

27-åringen med fortid i Jotun, Sola og Glassverket vart i 2016 henta til danske Tvis Holstebro som erstattar for Camilla Herrem. Det vart med ein sesong i Holstebro.

I fjor enda Silkeborg-Voel på ein skuffande niandeplass i serien. Dermed vart det ikkje noko sluttspel. Det vil dei revansjere i år.

– Vi var veldig skuffa i fjor då vi ikkje klarte ein plass i sluttspelet. Det er heilt klart ambisjonen å klare i år, seier årdølen med 39 kampar på junior-, rekrutt og ungdomslandslag.

– Kva med landslaget?

– Det tenkjer eg ikkje så mykje på. Akkurat no er det godt å berre vere skadefri og konsentrere seg om å spele handball.

Laurdag kveld ventar botnlaget Horsens, som er nyopprykka.