Hopp til innhold

Varslar kraftig snøfall over det meste av Sør-Noreg

Lågtrykket som torsdag kjem inn frå vest fører med seg kraftig vind, snøfall og eit vêrskifte som kan gi store utfordringar.

Kraftig snøfall i Bergen

SNØ: Frå torsdag ettermiddag vil eit lågtrykk feie over det meste av Sør-Noreg, og legge att godt med snø, sludd og regn før det flyttar seg nordaustover.

Foto: Pål Bentdal

– Vi ventar trafikale utfordringar, men også utfordringar knytt til mykje og tung snø som kan legge seg på hyttetak og tre. Faktisk så pass tung at det kan gi konsekvensar, seier statsmeteorolog Martin Granerød.

I dag ser det sendt ut fleire farevarsel knytt til eit knappt døgn med mykje vind, snø og regn.

  • Oransje farevarsel om 25–40 cm snø i delar av Agder og Telemark
  • Gult farevarsel om snø for resten av Sør-Noreg sør for Dovre og Stad, med unntak av Innlandet.
  • Varsel om kraftige vindkast i Rogaland og Sunnhordland.
  • Snøskredvarslinga melder om stor snøskredfare for Sunnmøre, Indre Fjordane, Hardanger, Heiane og Voss.

Farevarsel om snø i Sør-Noreg.

Farevarsla dekkjer det meste av Sør-Noreg. I nokre område i Agder og Telemark kan det kome opp mot 25-40 cm snø. For delar av Austlandet og Vestlandet kan det kome 10-20 cm.

Grafikk: Meteorologisk institutt

– Køyr etter forholda og rekn god tid

Agder og Telemark har gjennom vinteren hatt fleire rundar med kraftig snøfall og til dels trafikkaos. Dei slepp heller ikkje unna i denne runda. Det startar torsdag ettermiddag.

Etter eit godt snøfall, tek både sludd og regn over etter kvart som mildvêret spreier seg nordover. Det kan gi trøbbel.

Martin Granerød

Statsmeteorolog Martin Granerød.

Foto: Kamilla Pedersen/MET

– I situasjonar der det først kjem mykje snø, og det blir vått, så blir det mykje problematikk knytt til overvatn. Det kan bli ganske isete og hålkete, åtvarar Granerød.

Statsmeteorologen ber trafikantar køyre etter forholda, og å rekne ekstra tid til køyring frå torsdag kveld og det meste av fredagen.

– Stort sett går det greitt på dei største vegane. Her er den største utfordringa når snøvêret står på som verst, seier han.

Ventar problem på fjellovergangane

Vinden som følgjer med lågtrykket vil ein merke best i kystnære strok, og utsette stader. Slik som på fjellovergangane. Den sterkaste vinden blir torsdag kveld og første del av fredagen.

– Stiv kuling kombinert med snøvêr gir gjerne dårleg sikt og utfordrande forhold, seier Granerød.

– Dei som køyrer aust-vest bør vere budde på dårleg vêr frå torsdag kveld og gjennom fredagen.

I Statens vegvesen åtvarar avdelingsdirektør Svenn Egil Finden om at fjellovergangar kan bli kolonnekøyrde eller stengde.

– Normalt er Filefjell den sikraste fjellovergangen, seier han.

Særleg Hardangervidda og Vikafjellet er utsette når vinden kjem frå den retninga som no er meldt. Også Filefjell kan bli stengd. Finden ber reisande om å ta forholdsreglar.

– Sjekk forholda der du skal køyre. Blir det kolonne, bør ein ha nok drivstoff, og varme klede og mat i bilen.

Raudt varsel om snøskred

Vinden og snøfallet gir også stor snøskredfare i fjellet. Varsom melder om snøskredfare på raudt nivå, altså nest høgaste nivå, for Sunnmøre, Indre Fjordane, Hardanger og Heiane.

Folk blir rådde frå alt skredterreng.

– Store skred kan losne av seg sjølv. Mest utsett terreng er fjellsider mot nordvest, men vedvarande svakt lag kan vere aktivt og gi skred i alle himmelretningar, skriv Varsom.no på sine nettsider.

Lettar til helga

Smilende Bente Wahl foran datamaskinen

Statsmeteorolog Bente Wahl ber folk ta forholdsreglar. – Vindkast på 30–35 meter i sekundet er kraftige, og då bør ein ta forholdsreglar, seier ho.

Foto: MAGNE VELLE

Ut over fredagen byrjar lågtrykket etter kvart å kome så langt nord at vi får ein annan vindretning.

– Då ser det ut til at vinden vil minke, og det verste er over. På ettermiddagen og kvelden vert det betrakteleg betre i sør-Noreg, seier statsmeteorolog Bente Wahl.

Samstundes som Sør-Noreg får påfyll av både kvit og våt nedbør, får Trøndelag, Nordland og Troms og Finnmark ein smak av påskestemning.

Den ser ut til å vente på seg for «søringane».

– For på baksida av lågtrykket følgjer ganske mild luft, og når det då er snø på bakken, så blir det lågt skydekke, tåkete, ganske grått og periodar med regn, seier Granerød.