Hopp til innhold

Då snøskred stengde Bergensbana måtte passasjerane overnatte på toget: – Grei natt trass alt

Togpassasjerane som måtte overnatte ved Myrdal stasjon etter snøskredet på Bergensbanen, fekk ein god velkomst i Flåm. No skal dei vidare med buss.

Tore Hellebø og Sindre Boge var blant 180 togpassasjera som overnatta på Myrdal stasjon i natt. I 0930-tida fredag var dei nede i Flåm, der buss skulle skysse dei vidare.

Tore Hellebø og Sindre Boge skulle til Bergen og Dale. Dei er nøgd med informasjonen dei har fått, det same med mat. – Ingen nød, melder Hellebø.

Foto: Arne Veum / Aurlendingen

Passasjerna på Bergensbana vart møtt med 180 smørbrød då dei fredag morgon kom til Flåm stasjon.

– Det har vore ei grei natt trass alt, seier Tore Hellebø og Sindre Boge.

Passasjerane blei møtt med 180 smørbrød etter ei natt på toget.

Passasjerane blei møtt med 180 smørbrød etter ei natt på Bergensbana.

Foto: Arne Veum / Aurlendingen

Like før klokka halv åtte fredag morgon vart det meldt at Bergensbana var open igjen etter å ha vore stengd i heile natt.

Frosne bremser gjer at toget ikkje er starta opp att.

Torbjørn Lundahug og Anne Henriksen er to av passasjerane som måtte overnatte på Bergensbana.

Torbjørn Lundhaug og Anne Henriksen har vore på vinterkurs på Geilo med 27 studentar, og var på veg heim til Bergen.

Foto: Arne Veum / Aurlendingen

Bane Nor og Vy har ikkje avklart korleis dei skal løyse situasjonen ennå. Ein moglegheit er at delar av toget køyrast til Bergen stasjon. Ein annan er å sette inn eit erstatningstog, opplyser pressekontakt Harry Korslund.

– Natta har vore lang og til dels kald. Folk har prøvd sånn nokolunde å sove seg gjennom natta. Eg har vel duppa av ein halvtime totalt sett. Fem minutt her og fem minutt der, seier Martin Taranger, som har måtte overnatte på toget.

Martin Taranger

Martin Taranger måtte tilbringe natta på toget.

Foto: Privat

Begynner å gå tomt for mat

– Vi gjør alt vi kan for å få passasjerane fram så fort som mogleg, seier kommunikasjonssjef i Vy Åge-Christoffer Lundeby.

Det er framleis usikkert når det vil bli.

Vi har teppe, vann og mat om bord, men når det begynner å nærme seg 11 timar så begynner det å gå tomt, seier Lundeby.

Ved Myrdal stasjon har toget tilgang på straum, slik at passasjerane får lys og varme.

Kartlegg tryggleiken til ryddemannskap

Bergensbana vart stengd mellom Hallingskeid og Myrdal på grunn av snøras.

Sindre Tveit skulle opphavleg ha vore framme i Bergen klokka 23 torsdag kveld, men har stått fast sidan 21:30.

Bergensbana og fleire fjellovergangar stengde på grunn av uvêr. Passasjerar måtte overnatte på toget i natt.

Bergensbana og fleire fjellovergangar stengde på grunn av uvêr. Passasjerar måtte overnatte på toget i natt.

No blir det anten togbyte til Voss og Bergen, eller så skal Vy frakte oss nokre stopp tilbake for å legge oss på hotell, sa Tveit tidleg til NRK tidleg fredag morgon.

Også han måtte sove på toget.

Først på grunn av straumproblem, deretter på grunn av snøras.

– Det er ein del som står att før ryddejobben startar. Vi trenger nødvendige maskiner for å få fjerna og utbetra skader på et høgspentanlegg, seier Harry Korsvoll i Bane Nor.

Dei kartlegg no området for å sørge for tryggleiken til dei som skal rydde etter raset.

– Det kviler tungt ansvar på oss for å ta vare på tryggleiken til dei som skal gjere denne jobben, seier Korsvoll.

Bergensbana var stengd: Passasjerar måtte overnatte på toget

Passasjerane såg dagslys igjen fredag morgon etter ei lang natt på toget.

Foto: Martin Taranger / Privat

Kritisk til Vy: – Står til stryk

Dei to passasjerane seier at dei og medpassasjerane har det bra etter forholda.

Dei tilsette på toget har delt ut vatn, energibarar og teppe til passasjerane. Stemninga vert beskriven som god, men nokon passasjerar har sagt at dei har frose.

Martin Taranger er kritisk til informasjonen Vy har komme med gjennom natta.

– Stemninga har vore grei, men det har vore irritasjon over at det byrjar å bli dårleg med toalettfasilitetar. Det har også vore avgrensa kor mykje vatn dei har hatt å dele ut. Det har vore mangel på ullteppe. Beredskapen på dette toget står vel kanskje til stryk utifrå det eg har opplevd på denne turen, seier han.

– Det har vore veldig lite informasjon frå Vy. Det har vore veldig sprikande kva vi har klart å oppsøke av informasjon sjølv, og kva vi har fått av togpersonalet her, seier Taranger.

NRK har vore i kontakt med Vy som svarar slik på kritikken.

Det er klart vi har teppe og vatn om bord, men no har dei stått der i om lag 10 timar. Så det er klart det byrjar å bli mangel på vatn om bord no. Men toget står ved Myrdal stasjon, og det er mogleg å hente ut vatn der. Så dei skal ikkje vere for tørste, seier kommunikasjonssjef Åge-Christoffer Lundeby.

Han legg til at Vy vil refundere halvparten av billettprisen.

– Dersom dei har hatt utgifter som følgje av forseinkinga, så er vi behjelpelege med å dekke det, seier han.

Sørlandsbanen sto fast

Toget Taranger og Tveit har sete i, står på Myrdal stasjon.

Foto: Privat

Skademeldingane tikkar inn

Etter uvêret denne veka har forsikringsselskapet Gjensidige fått nesten 300 skademeldingar. Det skriv NTB.

Halvparten av disse meldingane er veihjelp, resten er ulike typar kollisjonsskadar og noko motortrøbbel.

– Det forventast at skademeldingane vil fortsette å komme inn gjennom ettermiddagen og kvelden, fortel kommunikasjonssjef Bjarne Aani Rysstad i Gjensidige i ei pressemelding.

Han fortel at de vanligste hendingane er utforkjøringer, bilistar som blir ståande fast og påkøyrslar bakfrå.

– Glatte vegar kombinert med for liten avstand og uoppmerksomhet er ofte en dårleg kombinasjon, seier Rysstad.

Fleire fjellovergangar stengde

Også på fjellovergangane er det problem, som følgje av vêret.

  • E6 Dovrefjell er stengd grunna uvêr. Ny vurdering fredag klokka 14.00.
  • E6 Mjåvatnet er stengd grunna sterk vind. Anbefalt omkøyring rundt Fv. 78.
  • Fv. 27 Venabygdsfjellet er stengd grunna uvêr. Ny vurdering laurdag klokka 09:00.
  • Fv. 50 Hol-Aurland er stengd grunna fare for snøskred.
  • Fv. 51 Gardli-Bygdin i Vang er stengd grunna uvêr.
  • Fv. 53 Tyin-Årdal er stengd grunna uvêr.
  • Fv. 705 Studugalen-Brekken i Tydal er stengd grunna uvêr.
  • Fv. 773 Steinfjellet-Gjersvika er stengd grunna uvêr.
  • Rv. 7 Hardangervidda er stengd grunna uvêr.
  • Rv. 13 Horda i Ullensvang og rv. 13 Nesflaten i Suldal er stengd grunna snøras.
  • Rv. 15 Strynefjell kan bli stengd på kort varsel.
  • På fylkesveg 5928 er Tafjordvegen stengd på grunn av eit snøskred som har gått mellom Skjegghammartunnelen og Heggurtunnelen. Ny vurdering klokka 10:00.

Ikkje forsvarleg å sende inn mannskap

Det har også gått eit større snøras på riksveg 13 Suldalsvegen i Ullensvang kommune. Riksveg 13 er derfor stengd nord for Nesflaten etter at det har gått fleire skred langs Røldalsvatnet.

Suldal stengt mot Røldal uvær

Riksveg 13 er stengt etter at det har gått fleire skred langs Røldalsvatnet.

Foto: Gisle Jørgensen

Lokalt Røde Kors i Røldal rykket ut med alle tilgjengelege mannskaper da alarmen gjekk like etter midnatt.

De bisto politiet i å kartlegge skredområdet og konklusjonen var at det er alt for farleg for hjelpemannskapene å bevege seg inn i skredområdet.

– Vi fant raskt ut at det ikkje er forsvarleg å sende inn mannskap med tanke på egen tryggleik. Nå er skredfaren så stor og vi ofrer ikkje våre egne liv for å komme fram for å sjå om det eventuelt er folk der, seier operativ leder Jostein Skeie.

Les også Blir du teken av snøskred, kan du risikere å ikkje bli berga

Her skjønner Bohuš Roško at han har utløyst et snøskred.

Naudetatane og Røde Kors er på plass på begge sider av vatnet. På Suldalssiden har de etablert seg i samfunnshuset på Nesflaten.

– Vi har hatt møte for å samle informasjon om kva vi må gjere i forhold til korleis raset rammer Suldal. Det er tilsette i Røldal som ikkje kjem seg over, fortel Suldal-ordførar Gerd Helen Bø.

Det er ikkje meldt at nokon er sakna.

Snøskred over Suldalsvegen Rv 13

Fleire snøskred sperrar Rv13 Suldalsvegen ved Røldalsvatnet.

Foto: Politiet

Sette i gang redningsaksjon etter skred

Riksveg 13, Suldalsvegen, er stengd mellom Håra i Vestland og Nesflaten i Rogaland på grunn av to snøskred og fare for nye skred.

Ifølgje politiet er det ikkje noko som tyder på at nokon er tekne av skreda.

– Det skal ha vore bilar på begge sida av raset. Dei klarte å snu og køyre ut igjen. I starten var det uklart for politiet om det kunne vere nokon i raset. Difor vart det sett i gang ein redningsaksjon, seier operasjonsleiar Stine Mjelde i Vest politidistrikt.

Men grunna stor rasfare var det ikkje mogleg for redningsmannskapa å ta seg inn i området.

– Det er sett opp sperringar. Så må vi ta ei vurdering på om det er mogleg å ta seg inn i området for å få meir informasjon frå området i dag, seier ho.

Full stopp på E39

Det var full beredskap før det varsla uvêret gjennom natta. Politiet har oppfordra dei som har moglegheit til å ha heimekontor fredag.

I Agder var det full stopp på E39 torsdag kveld på grunn av tungt snøvêr, men i løpet av natta har nedbøren slått om til regn.

– Det har ikkje vore nokon hendingar relatert til vêr eller føre i natt. Det slo over til regn ganske tidleg, så det er stort sett berre vegar. Det blir spennande å sjå når morgonrushet slår inn, om det vil få noko å seie for trafikken, seier operasjonsleiaren i Agder-politiet.

Les også Uvær i Sør-Norge: Køkaos på E39

Kø på E39

Vann i veibanen ved Strai i Kristiansand.

Vatn i vegbana ved Strai i Kristiansand.

Foto: Kjetil Samuelsen / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,15 kr
Dyrest kl. 07 2,29 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %