Hopp til innhold

Blar opp millionar for å berge over 100 år gamle trapper

Milliardselskapet Statkraft gjorde seg særs upopulær i Høyanger då dei ville rive 107 år gamle trapper. No snur selskapet.

Stengjer trappene i høyanger

Etter lang kamp for trappene i Høyanger, snur Statkraft.

Foto: Martha Linnea Pukallus / Martha Linnea Pukallus

Frå dalbotnen i industristaden Høyanger og opp i fjellsida går nokon av dei brattaste trappene i Noreg.

Bygd i 1916 i samband med kraftutbygginga, og brukt år etter år i det som vart omtalt som landets brattaste motbakkeløp.

Men til liks med den kjende Fykantrappa i Glomfjord, har Statkraft i fleire år hevda at tryggleiken er for dårleg.

I 2021 uttalte selskapet at det ikkje lenger er villig til å ta ansvar for eller bruke pengar på dei.

– Vi har ikkje lenger bruk for desse trappene og planen er å rive dei, sa kraftverkssjef for Statkraft i Sogn, Inge Hass, til NRK.

Vedlikehald trappene i Høyanger

Trappene i Høyanger vart bygde i 1916.

Foto: Privat

Det vart starten på ei kraftig lokal og nasjonal mobilisering, der også Ap-leiar Jonas Gahr Støre bad Statkraft ta ansvar.

Ved fleire høve sa den statleg eigde straumgiganten at trappene ikkje var deira ansvar.

Men no kan det likevel gå mot ei løysing.

Ønsker å bevare

Dei siste åra har lokale krefter jobba for å redde trappene.

Høyanger Næringsutvikling vil gjere kraftanlegget til ein «spektakulær attraksjon som gir verdiskaping kring næringsutvikling og stadutvikling.»

Dei konkrete planane no er å lage eit nytt trappeanlegg, sjølvsagt i aluminium ettersom bygda er kjent for å huse aluminiumsprodusenten Hydro.

Førre månad søkte dei Statkraft om å overta trappene, røyrgata og trallebana.

Trapper i Høyanger

Planen er å ruste opp trappene ved å bruke aluminium.

Foto: Illustrasjon: Xform

Og no kan redninga ha kome.

Statkraft har lagt 20 millionar kroner på bordet for å overføre anlegget til stiftinga og kommunen.

Det var Ytre Sogn som melde dette først.

Det nye anlegget er rekna å koste 28 millionar kroner.

Planen er at resten av summen blir finansiert av bankmidlar og fylkeskommunen.

Trapper i Høyanger

Slik kan trappene sjå ut etter at dei er rusta opp.

Foto: Illustrasjon: Xform

Difor snudde Statkraft

Formelt ligg det inne ein søknad frå Statkraft til NVE om riving av trappene.

Håpet til Statkraft og det lokale initiativet er at dei nye planane skal spelast inn i høyringsrunden, der det blir søkt om planendring.

Statkraft går langt i å antyde at det ville blitt betydelege kostnader for selskapet, også med riving.

– Vi ser på dette som ein vinn-vinn-situasjon, seier Inge Hass i dag.

Inge Hass i Statkraft

For to år sidan ville Statkraft rive trappene. I dag gir selskapet pengar til ei stifting og Høyanger kommune for bevaring, seier Inge Hass.

Foto: Privat

Så er spørsmålet om NVE kjem til å godta dei nye planane.

Vi har ikkje fått saksbehandla saka. Det er viktig at det er kontroll på areala, blant anna av miljøomsyn. Vidare eigarskap må følge opp bruken på ein god måte, seier seksjonssjef Carsten Jensen

Engasjerte eldsjeler

Etter at Statkraft i 2021 annonserte at dei skulle stenge trappene og hadde mål om å rive dei, let ikkje dei lokale reaksjonane vente på seg.

Dei 107 år gamle trappene vart løfta fram som viktige for folkehelsa og friluftstilbodet i kommunen, og ikkje minst eit levande bilete på industrihistorie og kulturminne.

Malin Frøyen Bergset var blant dei som brukte trappene til trening, og gjekk i dei titt og ofte. Ho ønskte så sterkt å redde trappene at ho var villig til å lenke seg fast i dei.

I dag seier ho dette:

– Eg saknar trappene kvar einaste dag. Viss dei får dei i gang igjen blir eg altså så glad!

Malin Bergset Frøyen og trappene i Høyanger.

Malin Bergset Frøyen var villig til å lenke seg for å hindre at trappene i Høyanger vart fjerna.

Foto: Oddmund Haugen / NRK