Malin er klar til å lenke seg fast i trappene Statkraft vil rive

Statkraft sine planar om å rive trappene i Høyanger gjer folk forbanna. Malin Frøyen Bergset er klar til å lenke seg fast.

Malin Bergset Frøyen og trappene i Høyanger.

PROVOSERT: Malin Frøyen Bergset gjekk trappene i Høyanger tidleg tysdag morgon. Ho trenar mykje og brukar trappene fleire gonger i veka.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Eg blei heilt sjokkert og fortvila og byrja nesten å grine då eg leste at dei skulle stenge trappene. Dei betyr så mykje for så utruleg mange, seier Bergset til NRK.

Ho er ein av dei som reagerer svært sterkt på at Statkraft har stengt tilgangen til dei 105 år gamle trappene frå Høyanger sentrum og opp i turterrenget i fjellet.

– Eg kjem til å lenke meg fast, det går ikkje. Eg fattar ikkje at dei tør å seie dette ein gang, seier ho gråtkvalt.

Men den statlege eigde straumgiganten Statkraft har ingen planar om å snu.

Den lokale sjefen i Sogn, Inge Hass, er tydeleg på at dei ikkje lenger ser det som si oppgåve å halde kulturminnet ope for alle.

Inge Hass i Statkraft

TYDELEG BODSKAP: Kraftverkssjef i Sogn, Inge Hass, er heilt klart på at Statkraft ikkje vil ha noko ansvar for dei gamle anlegga lenger.

Foto: Privat

Meiner det blir feil

– Vi har ein eigar og eit styre som fortel oss kva vi skal drive med. Kommersiell drift, turisme og fritidsaktivitet er utanfor vårt virkeområde.

– Men Statkraft går med overskot på fleire milliardar. Hadde ikkje det vore enkelt for dykk å berre halde ved like trappene?

– Jo, men det er ikkje det vi skal drive med. Vi skal drive med produksjon av energi. Det er det vår eigar seier at vi skal drive med. Vi meiner det blir feil at vi skal drifte dei.

Statkraft har fjerna gamle kulturminne etter krafteventyret fleire stader i Noreg og overalt har det ført til sterke protestar.

Ikkje minst i Glomfjord der turistattraksjonen Fykantrappa no er stengt og i Hardanger der dei gamle trallebanene er fjerna.

Terje Kollbotn

TAR SAKA: Terje Kollbotn har i mange år vore ei klar røyst frå industrisamfunna på Vestlandet. No tar Raudt-politikaren saka med trappene opp i fylkestinget.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Ein provokasjon

Men vanlege folk og politikarar har ingen planar om å akseptere at Statkraft vil rive trappene i Høyanger.

Fylkespolitikar for Raudt og mangeårig politikar i Odda, Terje Kollbotn, er kraftig provosert.

– Det er rett og slett ein provokasjon, særleg sett i lys av at vi i hovudutvalet for kultur sist torsdag løyvde 250.000 til eit forprosjekt for å ta vare på desse kulturminna, seier Kollbotn.

Han vil no ta saka opp i fylkestinget i Vestland for å skape det han kallar ein tverrpolitisk protestaksjon.

– Vi må stå saman for å setje Statkraft på plass, slår Kollbotn fast.

– Veldig trist

Tilbake i Høyanger ser Malin Frøyen Bergset oppover dei stupbratte trappene Statkraft no har stengt.

På toppen har ho plassert ei rose og norske flagg.

Klokka 06.23 tysdag morgon gjekk som ein av dei førebels siste opp trappene.

– Eg var i alle fall den siste som gjekk her på lovleg vis. Det er veldig trist å sjå den sperra der, seier ho.

At det brått skal vere farleg å gå der slik Statkraft meiner, har ho inga forståing for.

– Trappene har vore like bratte i 105 år.