Hopp til innhold

Kygo: – Eg har eigentleg hatt full fridom til å gjere som eg ville

Kygo (28) og Tina Turner (80) er dagens heitaste par i musikkbransjen. Fredag kom bergensartisten med sin remiks av «What's love gotta do with it».

Kygo saman med Tina Turner

UNIKT SAMARBEID: Kyrre Gørvell-Dahll og Tina Turner slapp låten What´s love gotta do with it fredag.

Kyrre Gørvell-Dahll, langt betre kjend som Kygo, står dermed for ein av dei aller største lanseringane i musikkverda denne fredagen.

Tina Turner fekk ein massiv hit med «What's love gotta do with it» i 1984. No har Kygo remiksa låten og pop-pensjonisten Tina Turner er igjen på alle sine lepper i musikkbransjen.

– Eg har lenge hatt lyst å gjere noko med ein av Tina Turner sine låtar. «What's love got to do with it» er ein av mine favorittlåtar, så å få lov jobbe med han har vore utruleg gøy.

Miksa heime i Bergen

Rett før klokka 12 i dag blei låten lagt ut på dei ulike strøymetenestene, og det skal godt gjerast at dette ikkje blir ein ny hit for Kygo.

Han fortel i ein e-post til NRK at det var stas å få lov til å gjere sin vri på 80-talshiten.

– Eg har eigentleg hatt full fridom til å gjere som eg ville på denne låten. Eg sende remiksen til Tina sitt team då han byrja å nærme seg ferdig, og fekk veldig positive tilbakemeldingar frå ho, seier Kygo.

Gørvell-Dahll har hatt heimbyen Bergen som base no i koronatida, og det er i studioet i villaen på Hop at låten har blitt ein realitet.

– Ja, denne er laga dei siste par månadene her i Bergen. Eg har jo hatt rimeleg god tid til å lage musikk no når alle show er sett på vent.

Video Whitney Houstons siste reise

DØYDDE: Whitney Houston gjekk bort i 2012. I fjor fekk Kygo ein hit med låten Higher Love, med vokalen til Houston.

Foto: Nyhetsspiller

Fekk hit med avdød stjerne

Kygo kan ikkje skryte på seg at han har blitt personleg kjend med Tina Turner i denne prosessen.

– Men eg har jo vakse opp med fleire av låtane hennar. Det bringer ofte opp gode minne når ein av hennar låtar kjem på.

Men om Kygo ikkje har hatt høve til å bli kjend med Tina Turner, så hadde han verkeleg ingen moglegheit til det på sitt førre prosjekt.

I juni i fjor remiksa han nemleg avdøde Whitney Houston sin versjon av Steve Winwood-låten Higher Love. På YouTube har den over 150 millionar avspelingar.

Trudde det var ein spøk

I eit intervju på radiokanalen Beats1 fortalde Kygo om korleis buet etter Houston kontakta han med spørsmål om han ville gjere produksjonen.

– Dei såg etter den rette produksjonen for låten, då lurte eg på om dette var ein spøk, sa Kygo då.

At han no for andre gong trekkjer fram legendariske kvinner i sin musikkproduksjonen, trur Kygo er viktig for å få blåst nytt liv i evigunge hits og artistar.

– Eg trur jo absolutt å få laga remiksar av låtane er ein bra måte å blåse litt nytt liv i låten og kanskje no ut til eit yngre publikum. Så det kan jo vere fleire andre artistar kjem til å gjere det same, seier Kygo.

HIT PÅ NYTT: På berre få timar har nær 200.000 sett den offisielle videon til Kygo og Tina Turner.