Hopp til innhold

Berre timar til politidistriktet er historie

Natt til fredag, i det vi skriv 2016, er Sogn og Fjordane politidistrikt historie. Ronny Iden blir ståande som den siste politimeisteren i Florø, men det vil ta tid før ein verkeleg blir styrt frå Bergen.

Ronny Iden

DEN SISTE: Ronny Iden vart den tredje politimeisteren i Sogn og Fjordane etter at Fjordane og Sogn vart slått saman i 2002. Denne veka går han formelt av, som den siste.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Formelt blir alle dei 210 tilsette i Sogn og Fjordane politidistrikt innlemma i det nye politidistrikt Vest frå og med 1. januar.

Har klokkartru på nye-sjefen

Kaare Songstad

DEN NYE SJEFEN: Bergensaren Kaare Songstad er tilsett som politimeister i politidistrikt Vest for seks år. Han kjem frå jobb i Politidirektoratet, har tidlegare vore politimeister i Haugesund, og har vore politiinspektør i Bergen.

Foto: Kåre M. Hansen, Politidirektoratet.

Sogn og Fjordane blir slått saman med kollegaene Hordaland, og det nye sjefen blir Kaare Songstad, med Bergen som hovudsete. Han blir ein samlande politimeister, også for Sogn og Fjordane, trur, trur den avtroppande politimeisteren.

– Eg er veldig glad for at han søkte og fekk jobben. Det er ein flink mann som eg kjenner godt, seier Ronny Iden som nyttårsaftan har sin siste dag som politimeister med kontorstad Florø.

– Ein kan vente at Kaare Songstad er ein open og inkluderande politimeister. Han kjem til å ta på ramme alvor dei tydelege signala som er gitt frå Stortinget om at dette skal vere ei nærpolitireform. Det meste av polititenester, anten det er etterforsking, førebygging eller aksjonsretta verksemd skal vere ute i politidistriktet, ikkje berre i Bergen, seier Iden som sjølv er oppvaksen mellom dei sju fjella.

Politihuset i Florø

MOT SLUTTEN: Politihuset i Florø har vore hovudsete for politiet i Sogn og Fjordane. Enno vil politistyrkane i fylket bli leia herifrå inntil vidare. Kva funksjonar som blir att i kystbyen er ikkje avklara.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Slått saman, men førebels mest på papiret

Trass i at han formelt går av ved nyttår, vil Ronny Iden inntil vidare stå for den daglege leiinga av det gamle Sogn og Fjordane politidistrikt. Det vil ta tid før den nye organisasjonen med nye kommandolinjer er på plass. Mellom anna er det ikkje klart når operasjonssentralen i Florø blir lagt ned, og patruljane dermed blir styrt frå ein ny og større sentral i Bergen.

– I første omgang blir eg ein slags fungerande leiar i ein interimsperiode. Det neste halvåret til eit år skal vi drivast omtrent som før. Men ein blir ikkje lenger leia lokalt av ein politimeister, men av ein fungerande leiar som kanskje får tittelen visepolitimeister. Men det er éin politimeister i politidistrikt Vest frå 1.1.: Det er Kaare Songstad.

Bergen politikammer

DET NYE HOVUDBØLET: Bergen politikammer i Allehelgens gate 6 blir nytt politihovudkontor, også for sogn- og fjordingar.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Økonomisk hestekur

Mens Hordaland politidistrikt det siste året har møtt sterk kritikk for mangelfull leiing og ukultur, mellom anna i samband med den såkalla Monika-saka, meiner Iden det står bra til med buet han skal levere frå seg.

– Vi overlèt eit Sogn og Fjordane politidistrikt i god stand til det nye politidistrikt Vest. Det mi oppfatning at dei i Hordaland ser fram til å bli slått saman med Sogn og Fjordane, fordi vi faktisk kan tilføre dei noko. Vi er eit veldrive politidistrikt som har fått mykje ut av knappe ressursar.

Den avtroppande politimeisteren er særleg nøgd med at ein i løpet av 2015 har klart å kvitte seg med eit oppsamla underskot som har tæra på organisasjonen. Resultatet har publikum kunne sjå i mellom anna fleire oppslag på NRK om den mangelfulle og aldrande bilparken til politiet.

– Men eg er glad for at vi i 2015 har klart å kvitte oss med underskotet. Eg er veldig fornøgd med at vi kan stille med blanke ark i 2016, seier Iden som sjølv ikkje søkte den nye politimeisterstillinga.

Gamlejobben ventar

– Eg har ikkje hatt ambisjonar om å bli politimeister, seier 56-åringen som rykte opp frå å ha vore nestkommanderande, då dåverande politimeister Johan Brekke flytta til tilsvarande jobb i Drammen for eit par år sidan.

Sjølv reknar Iden, som er busett i Førde, etter kvart å vende tilbake til sin opphavlege jobb.

– Eg har ei stilling i botnen som politiinspektør. Eg håpar at det finst plass til meg i 2017, seier den siste politimeisteren i Sogn og Fjordane politidistrikt.