Hopp til innhold

Tilsette sluttar i politiet grunna uvisse

Fleire tilsette har slutta eller søkt seg vekk ifrå Sogn og Fjordane politidistrikt. Uvisse om framtida er medverkande årsak, seier fylkesleiar i Politiets Fellesforbund, Kjetil Drange.

Kjetil Drange

HAR SØKT SEG VEKK: Fylkesleiare i Politiets Fellesforbund, Kjetil Drange, er blant fleire som har søkt seg frå operasjonssentralen fordi han fryktar å miste jobben på sikt.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

Frå 1 januar skal det nye Politidistrikt Vest tre i kraft. Sogn og Fjordane politidistrikt er snart ein saga blott. Allereie frå planane om ei reform vart sett i gong, begynte tilsette å sjå seg om etter andre moglegheiter, både i og utanfor politiet. No har situasjonen drege seg til.

– Vi har hatt utskifting av administrasjonssjef, personalsjef har slutta og HMS-rådgjevaren vår har slutta. I tillegg har tre-fire operasjonsleiarar, ein kritisk ressurs, søkt seg vekk. Det er uheldig å miste kompetanse som er godt innarbeidd, seier Kjetil Drange.

Ikkje sikkert tilsette blir erstatta

Også juristane i Florø er påverka av politireforma, men dei forventar at dei skal jobbe i Flora også i framtida.

Politiadvokat Jørn-Lasse Førde Refsnes

LEI AV UTSETJINGAR: Politijurist Jørn Lasse Refsnes.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Det er jo ikkje heldig at vi skal leve i denne uvissa så lenge, men vi er dialog med kollegaene våre i Hordaland, og mitt inntrykk er at vi stort sett får forståing for at det må vere slik det er i dag for juristane grunna lange avstandar, seier fylkesleiar i Politijuristforeininga, Jørn Lasse Førde Refsnes.

Ifølgje politimeister Ronny Iden er det ikkje sikkert at dei som no sluttar vert erstatta. Det vil vere avhengig av når den faktiske samanslåinga med Hordaland skjer.

– Vi veit ikkje når det skal skje, om det er i slutten av 2016 eller langt ut i 2017. Det vert ein viktig premiss for oss å få vite det, seier Iden.

Operasjonssentralen i Sogn og Fjordane politidistrikt

MANGE VIL VEKK: Operasjonssentralen er blant områda i Sogn og Fjordane politidistrikt der dei tilsette er mest usikre. Tre-fire tilsette har søkt seg til andre område i Politiet.

Foto: NRK

Informasjonen kjem stykkevis

Han seier det er krevjande å skulle erstatte operasjonsleiarar i så stor uvisse, men han forstår at folk ser seg om etter nye jobbar i ein slik situasjon.

Både Førde Refsnes og Drange opplever at informasjonen frå Politidirektoratet kjem stykkevis og delt, og at reforma gjer tilsette usikre.

– Det er stor uvisse om framtida. Vi veit endå ikkje om vi får vere med og bestemme korleis organisasjonen vår skal sjå ut eller om vi får tredd over oss ein modell som alle politidistrikta skal følgje, seier Drange.

Framtida er usikker

Bjørn Larsen og Ronny Iden

VEIT LITE: Politimeister Ronny Iden veit ikkje når samanslåinga med Hordaland blir sett i verk.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Han er sjølv ein av operasjonsleiarane som har søkt seg vekk, og han er ny lensmann i Selje. Men om lensmannskontoret overlever reforma er usikkert, for kor mange lensmannskontor det skal vere i Sogn og Fjordane, er ikkje bestemt.

NRK har fleire gonger forsøkt å få Politidirektoratet til å svare på når informasjonen kjem, kven som skal avgjere innretninga på det nye distriktet og kritikken mot prosessen, men dei viser til Iden.

– Det endelege framlegget om korleis det store organisasjonskartet skal sjå ut, det har vi ikkje fått. Mange ventar i spenning på det, men det blir nok godt ut i 2016 før vi veit kva vi får, seier politimeisteren.