Hopp til innhold

Lovar at utkantane ikkje blir reformtaparar

Politidirektør Odd Reidar Humlegård garanterer at grisgrendte kommunar i Sogn og Fjordane ikkje skal få eit dårlegare polititilbod enn andre når den nye politireforma vert sett ut i live.

Odd Reidar Humlegård - politidirektør

LOVAR BETRING: Den nye reforma skal gjere polititilbodet betre også for utkantane i Sogn og Fjordane. Det var bodskapen frå politidirektør Odd Reidar Humlegård under eit møte med politileiinga i Sogn og Fjordane og Hordaland politidistrikt.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Mange er uroa for at beredskapen og utrykkingstida til politiet blir dårlegare når Sogn og Fjordane politidistrikt blir slått saman med Hordaland.

Måndag kom Humlegård til Sogndal for å roe leiinga i Sogn og Fjordane og Hordaland politidistrikt. Han gav klare signal om at Sogn og Fjordane ikkje blir nedprioritert.

– Vi skal få meir politiressursar også i Sogn og Fjordane. Dette er ikkje ei reform som gjer at det skal bli dårlegare polititilbod i Sogn og Fjordane, det skal bli betre.

Lovar å sørge for god beredskap

Sjølv om det blir færre lensmannskontor, skal det ikkje bli dårlegare beredskap, seier han.

– Vi skal legge opp til at det blir vakt- og beredskapsordningar i Sogn og Fjordane, som i andre stader i Norge som har særskilde utfordringar på avstand og geografi.

– Kan du garantere at dei grisgrendte kommunane i Sogn og Fjordane ikkje blir taparane som får meir enn 45 minutts responstid?

– Ja. Dei skal ikkje bli taparar. Vi måler no responstid for første gong og vi skal hauste erfaring, men då må også Sogn og Fjordane organisere polititenesta annleis enn i dag. Om ikkje vi gjer det, blir det heller ikkje betre resultat.

Politikonferanse i Sogndal om den nye reforma

MØTE: Leiinga i både Sogn og Fjordane og Hordaland politidistrikt fekk høyre meir om planane med den nye politireforma.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Når ein får vite korleis det nye politidistriktet med Sogn og Fjordane og Hordaland blir, er for tidleg å seie, ifølgje Humlegård.

– Det er den nye leiinga i politidistriktet som skal ha det endelege ordet på dette. Så startar også arbeidet med å slå saman lokale tenestestader. Kor mange lensmannskontor som skal slåast saman i dette politidistriktet, veit vi ikkje i dag.

Politimeisteren mindre uroa

Politimeister i Sogn og Fjordane, Ronny Iden, er blant dei som har vore uroa for konsekvensane av reforma, men etter dagens møte med politidirektøren er han rolegare.

Ronny Iden

POSITIV: Etter dagens møte er politimeister i Sogn og Fjordane, Ronny Iden, meir optimistisk til reforma.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Eg er ikkje så uroa no for at vi skal miste mykje av politikompetansen, slik som eg har vore. Dei signala som vert gjevne, er at det også skal vere rom for å bygge opp, vedlikehalde og vidareutvikle gode spesialistmiljø ute i politidistriktet. Det skal ikkje vere noko ein berre held på med i Bergen, seier han.

Ein meir optimistisk Iden meiner også det er fullt mogleg å ha ei god responstid sjølv om ein har færre lensmannskontor, så lenge det er gode beredskapsordningar.

– Eg har forventningar om at vi vil få ein god del av ressursane framover.