Hopp til innhold

Her er reglane som gjeld i Bergen no: Munnbind og maks ti i private heimar

På ei veke har Bergen stramme inn med nye tiltak to gongar.

Tonje Wallin

MUNNBIND-KRAV: Igjen er det eit krav med munnbind i Bergen når det ikkje er mogleg å halde ein meter avstand. Her bruker Tonje Wallin munnbind då NRK trefte ho på bussen før sommaren.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Fredag morgon klokka 06.00 trer dei nye korontiltaka i kraft i Bergen.

– Kven som helst kan bli smitta kvar som helst. Dette er ikkje ein situasjon vi vil vera i, difor innfører me nye tiltak i dag, starta fungerande byrådsleiar Lubna Jaffery.

Etter ein lang periode med skyhøge smittetal ser Bergen kommune seg no nøydd til å innføre nye koronatiltak:

  • maksgrense på ti personar samla i private heimar
  • påbod om munnbind om ein ikkje kan halde ein meter avstand
  • anbefalingar om heimekontor

Sjå alle tiltaka her:

Talet på smitta har passert 100 fleire dagar i det siste, og tala er dei høgaste sidan november 2020.

Dei nye tiltaka blir ein del av dei forskrifta som blei presentert 5. august.

Framleis mange uvaksinerte

– Me er ikkje i mål enda, fortalde Jaffery under pressekonferansen i dag.

Ho talte direkte til dei som kanskje er skeptiske til nye tiltak.

– Det er framleis mange som ikkje er fullvaksinerte, heldt den fungerande byrådsleiaren fram. Ei vaksinedose har vist seg å ofte ikkje vera nok når det er snakk om deltavarianten av koronaviruset.

Lubna Jaffery, politiker, står bak et bord med mikrofoner og ser på papirer på bordet

STRAMMAR INN: Lubna Jaffery informerte om dei nye tiltaka i Bergen onsdag.

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK

Bergen kommune har snart fullvaksinert 40 % prosent av dei over 18 år. Men seinast førre veke oppmoda helsebyråd Beate Husa om at fleire skulle registrere seg for første vaksinedose.

– Blir smitten for stor, klarer ikkje smittesporarane å gjere jobben sin. Då mister dei kontrollen. Blir helsepersonell smitta kan det gå ut over vaksineringa, eller kome til sjukeheimar, slik me allereie har sett, forklarte Jaffery.

Fleire sjukeheimar i bergensområdet har fått koronasmitte dei siste vekene, og ein uvaksinert bebuar døyde 7. august i år.

Vaksinering i Bergenshallen

VAKSINERING: Mange bergensarar har allereie blitt vaksinert, men det er ikkje nok, seier fungerande byrådsleiar Lubna Jaffery.

Foto: Mette Anthun / NRK

– Kan bli naudsynt med nye grep

Den fungerande byrådsleiaren forklarte at det kan vera naudsynt med nye grep, om smittesituasjonen blir verre enn den allereie er.

– Me følgjer nøye med.

I tillegg til dei tiltaka presentert 5. august, innfører Bergen kommune no ei maksgrense på ti personar samla i private heimar. Fullvaksinerte blir ikkje talt som ein av dei ti. Kommunen anbefaler at ein ikkje har meir enn fem gjestar.

Det blir også påbod om å bruke munnbind om det er fare for at ein ikkje kan halde 1 meter avstand. Det blir eit generelt påbod om å bruke munnbind i taxi.

Bystyret anbefaler også tilsette som må bruke kollektivtransport om å ha heimekontor.

Dei nye tiltaka går inn i dei tiltaka som allereie er i bruk, og vil vera gjeldande frå og med torsdag 12. august kl. 06.00 til og med 22. august.

Sjå pressekonferansen som vart sendt klokka 1600 – med døvetolk frå Bergen kommune.

Høgt smittetrykk

For ei dryg veke sidan nådde smittetala i Bergen sitt høgaste punkt på ni månader.

5. august kom byrådet ut med nye smitteverntiltak, der dei blant anna anbefalte maksimalt ti personar i private heimar og nye reglar i utelivet.

No blir anbefalinga altså til eit påbod.

Men smittetrykket ser ikkje ut til å gi seg med det første.

Onsdag var det registrert 92 nye personar med korona i Bergen. Dei aller fleste som er smitta er i aldersgruppa 13-19 år. Det var 2498 testa som seg måndag.

Samstundes er det sju personar som er innlagde på sjukehus med covid-19, ingen får intensivbehandling.

– Når det er så mykje smitte kan det vera lurt å tenke seg om ein gong til før ein gjer noko som utset seg og andre for unødvendig smitterisiko, seier smittevernoverlege Egil Bovim.