Hopp til innhold

Desse kommunane kjem truleg først i mål med vaksineringa

Fleire kommunar er no på oppløpet av vaksineringa. I vestlandskommunen Kinn er håpet at alle skal vere fullvaksinerte om få veker.

Vaksinering med koronavaksine i Bergenshallen

BERGEN: Bergen kommune nærmar seg 40 prosent fullvaksinerte innbyggjarar.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

I løpet av sommaren har mange nordmenn fått stikket med dropane som skal beskytte oss mot koronaviruset.

– Vi har god vaksinedekning og ser stor vilje til å ta vaksinen, seier Are Stuwitz Berg som er avdelingsdirektør i Folkehelseinstituttet.

I vår droppa folk vaksinetimar til fordel for ein inneklemt fridag, og fleire legar var uroa for at nordmenn kom til å prioritere ferie framfor vaksine i sommar.

Fellesferie til trass, no nærmar nokre kommunar seg mållinja.

Overlege Are Stuwitz Berg i Folkehelseinstituttet (FHI)

STOR VILJE: Overlege og avdelingsdirektør i Folkehelseinstituttet, Are Stuwitz Berg, fortel at mange nordmenn takkar ja til vaksine.

Foto: Torstein Bøe

Kinn leiar i Vestland

I Noreg er 36 prosent fullvaksinerte, medan 69 prosent har fått minst éin dose.

– Vi er nesten ferdige med dose to, seier Jan Helge Dale, kommuneoverlege i Kinn.

På tre dagar førre veke vaksinerte dei 3500 personar i Florø, og onsdag får 1400 av innbyggjarane andre dose i Måløy. Då manglar berre 2200 av innbyggjarane.

– Vi reknar med at alle i Kinn over 18 år har fått begge dosane innan august er over, seier han.

Topp 10: Desse har flest vaksinerte

Ifølgje VG si oversikt ligg Kinn på ein 25.-plass på landsbasis. I Noreg har desse ti kommunane fullvaksinert flest innbyggjarar.

  • Karasjok, Troms og Finnmark (56,9 prosent)
  • Karlsøy, Troms og Finnmark (55,5 prosent)
  • Rennebu, Trøndelag (55 prosent)
  • Utsira, Rogaland (52,6 prosent)
  • Ibestad, Troms og Finnmark (52,3 prosent)
  • Eve og Hornnes, Agder (52,3 prosent)
  • Kvitsøy, Rogaland (51,9 prosent)
  • Eidskog, Innlandet (50,6 prosent)
  • Sigdal, Viken (50 prosent)
  • Storfjord, Troms og Finnmark (49,4 prosent)

I Vestland ligg Austrheim og Masfjorden like bak Kinn kommune, begge med over 45 prosent fullvaksinerte innbyggjarar. Bergen kommune nærmar seg 40-talet.

Av fylkeskommunane er det Agder, Innlandet og Vestland som har kome lengst.

Tala viser også at det er fleire kommunar som har fullvaksinert under 30 prosent av innbyggjarane. Sjå faktaboksen:

vær karasjok-0909

PÅ TOPP: Karasjok har nesten 57 prosent av innbyggjarane fullvaksinerte.

Pressa fram ein ekstra dose

Kommuneoverlege Dale fortel at nøkkelen for dei har vore å bruke tid på opplæring av opptrekk av vaksinane.

– Det har gitt oss sju dosar ut av alle glas, og det betyr 15 prosent fleire vaksinar enn dei som berre har fått ut seks dosar, forklarar Dale.

Are Stuwitz i FHI seier fleire faktorar avgjer kor mange dosar kvar kommune har sett.

– Vi fordeler dosane annleis til kommunane no enn i starten. Befolkningssamansetninga er sentral for kor mange dosar kvar kommune får. Kommunar med sjukehus får fleire dosar, og det vil auke progresjonen, seier han, og legg til:

– Det blir dessverre litt skilnader med eit så komplisert program, seier han.

Nasjonalt har det vore oppmoda om å ikkje gi frå seg edle dropar til andre kommunar. Men at nokre kommunar no nærmar seg mållinja, kan vere positivt også for naboane.

Jan Helge Dale

LEIAR: Jan Helge Dale, kommuneoverlege i Kinn, trur dei er i mål med vaksineringa før september.

Foto: Kaia Viki / NRK

Vil invitere naboar

I Kinn har dei tenkt å invitere frå andre kommunar når dei er i mål med alle som bur i kommunen.

– Vi har opna for at folk frå andre kommunar kan komme å vaksinere seg hos oss. Det har vi god kapasitet til, seier Dale.

FHI stadfestar til NRK at planen i Noreg framleis er å starte vaksinering av 16- og 17-åringar, når ein er ferdig med 18-åringane.