Det skjer etter at kulturbyråd Eduardo Andersen (Ap) i førre veke stolt kunngjorde at Bergen no vil påskjønna studentar i byen som er villige til å bli bergensar på papiret.
– Me treng fleire bergensarar og meir mangfald. Me treng også kloke hovud, som studentar ofte er, seier han.
Saman med resten av byrådet har han bestemt at studentar som melder formell flytting til Bergen skal få eit gåvekort på 2000 kroner.
Kortet kan sjølvsagt berre brukast i denne byen.
Det var Khrono som melde dette først.
Frå før gir til dømes Kristiansand gratis busskort til studentar som folkeregistrerer seg der, medan Bø har vore endå meir gåvmild enn Bergen. I telemarkskommunen fekk studentar som melde flytting 5000 kroner og fem kinobillettar.
STOLT BERGENSAR: Kulturbyråd Eduardo «Doddo» Andersen (Ap) meiner Bergen ikkje kan bli stor nok og at byen treng fleire bergensarar.
Foto: Jon Bolstad / NRKPasta og nudlar
Det er to kriterium for å få gåvekortet i Bergen: Du må ha meld flytting etter 1. januar 2022 og betalt semesteravgift for våren 2023.
I Bergen sentrum seier dei fleste studentane me møter at dei formelt framleis bur der dei vaks opp. Frå Eidsvoll og Trøgstad til Stord og Askøy.
– Eg har hatt så mange adresser i Bergen at eg heller har halde på adressa heime, seier Nora Bongom frå Stord.
– Er to tusen kroner godt nok betalt for å bli bergensar?
– Ja, eg har så vidt råd til pasta og nudlar, så det er nok for meg, seier Lars Jørgen Bråten som er folkeregistrert på Eidsvoll.
Nora Bongom frå Stord er framleis folkeregistrert der, medan Ingrid Salomonsen frå Askøy melde flytting for halvanna år sidan.
Foto: Mariann Reikerås / NRKHar sett av to millionar
Det er dei tusen første som melder seg på, som får gåvekort. Kommunen har altså sett av to millionar kroner til å lokka studentar til å bli bergensarar formelt.
– Utan studentar blir Bergen ein fattig by. Me treng studentar og at dei blir i Bergen etter studia slik at dei kan vera med og styrka byen, seier kulturbyråden.
Det er rundt 40.000 studentar i Bergen, men Andersen veit ikkje kor mange av dei som ikkje er folkeregistrerte i byen.
– Me føler det er på tide å visa at me er glade i og treng denne gruppa. Bergen skal vera studentbyen.
Han legg til at målet er at Bergen skal bli ein meir spennande by, og å hjelpa næringslivet.
– Står det så dårleg til i Bergen at dei må skaffa seg fleire innbyggarar på denne måten? undrar Ullensvang-ordførar Roald Aga Haug.
Foto: Tale Hauso / NRKOrdførar: – Ønskjer at dei blir verande
Lokketilbodet frå Bergen blir dårleg mottatt i andre kommunar i Vestland.
– Eg var ikkje klar over at Bergen slit slik med folketalet at dei må lokka studentar til å bytta adresse, seier Ullensvang-ordførar Roald Aga Haug (Ap) sarkastisk.
– Distriktskommunane ønsker sjølvsagt at studentane våre blir verande innbyggarar hos oss. Det er mange som tidsnok flyttar til Bergen.
– Så du vil ha ei mengde fiktive innbyggjarar i kommunen din?
– Nei, dei er ikkje fiktive. Dei har jo rettar og plikter her. Mange studentar brukar jo lege og andre offentlege tenester på heimplassen.
– Kor lenge meiner du dei skal ha adresse heime på guterommet?
– Dette er jo frivillig å melda flytting, men stortingspolitikarane held jo på med det veldig lenge, ler han.
Korleis kan Odda i Ullensvang freista ungdommen til å halda fast ved heimkommunen sin?
Foto: K. Knudsen & Co / Universitetsbiblioteket i Bergen– Utidig og aggressivt
Han vil ikkje at distriktskommunar skal måtta by over Bergen for å hindra at studentane blir lokka til å melda flytting.
– Eg trur Bergen heller skal vera ein raus «storebror» enn å skaffa seg endå fleire innbyggarar på denne måten, meiner Haug.
Ordførar Jenny Følling (Sp) i Sunnfjord kallar det ein aggressiv politikk for å påverka studentane til å melda flytting.
– Det er utidig viss store studiestader skal tappa distriktskommunar for ungdommar også formelt.
Ho viser til at overføring av statlege midlar til kommunane er knytt til innbyggartalet.
– Det er jo også viktig å ha ei tilknyting mellom heimplassen og ungdommane som er ute og studerer, meiner ho.
Ein gjeng unge ender driv dank i Førde sentrum og lurer på om dei skal bli trekkfuglar til Bergen.
Foto: Arne Stubhaug / NRK– Trøgstad får syta for seg sjølv
Basert på antalet nye innbyggarar, vil Bergen få eit grunnbeløp frå staten, pluss at studentane då vil betala skatt til byen.
Men kulturbyråden veit ikkje kva kommunen vil tena på dette.
– Kva med kommunane som no mister innbyggarar og inntekter til Bergen?
– Eg representerer Bergen, så får Trøgstad finna sine representantar, meiner Andersen.
For Ingrid Salomonsen frå nabokommunen Askøy er gåvekort-tilbodet ei litt kjip nyheit.
Ho har nemleg allereie folkeregistrert seg i Bergen for halvanna år sidan, altså litt for tidleg til å kunna få gåvekortet.
– Eg kjenner at dette var litt surt no. Kanskje eg skal melda flytting tilbake til Askøy, og så til Bergen på nytt, ler ho.
Fitjar ville ha studentane vekk
At studentar påverkar kommuneøkonomien, er Fitjar eit motsett døme på.
Ved årsskiftet fekk ordføraren studentar til å melda flytting vekk frå Fitjar, fordi kommunen ville mista 7 millionar kroner i statsstøtte viss folketalet 1. januar vart over 3200 innbyggarar: