Hopp til innhold

Berge Stang forstår ikkje utestenginga

Fjaler-ordføraren synest det er merkeleg at Jølster stenger ute kommunar. Leiaren for kommunalkomiteen på Stortinget, Helge Andre Njåstad (Frp), vil ikkje presse Fjaler inn i storkommunen.

Gunhild Berge Stang

UNDRANDE: Fjaler-ordførar Gunhild Berge Stang ser ikkje nokon god grunn til å halde Fjaler og Askvoll utanfor ein storkommune i Sunnfjord.

Foto: Oddleif Løset / NRK

I indre Sunnfjord har dei fire kommunane Førde, Jølster, Gaular og Naustdal blitt samde om å gå i lag, men ein av dei, Jølster, har stilt som krav at ingen fleire får bli med. Det betyr at nabokommunane Fjaler og Askvoll ikkje får lov til å bli med.

I Fjaler svarte 80 prosent «ja» til samanslåing, i folkerøystinga. Ordførar Gunhild Berge Stang (V) har lite til overs for Jølster sitt standpunkt i saka.

– Det er eit merkeleg vedtak. Eg forstår ikkje kvifor det er så viktig for dei, seier ho.

– Sårt

Ho synest det er sårt å ikkje få bli med når dei er så villige til samanslåing.

– Fjaler har stått på i kommunereforma og har stilt seg grunnleggande positiv. Då er det sårt at vi blir ståande åleine, seier Fjaler-ordføraren.

I Jølster ser det ikkje ut til at dei vil sleppe inn fleire.

– Dei andre alternativa er for store i utstrekning, rett og slett, seier varaordførar i Jølster, Jakob Andre Sandal (SV).

Helge André Njåstad i Førde

BLANDAR SEG IKKJE: Helge André Njåstad meiner det blir feil om Stortinget blandar seg inn i kommuneprosessar.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Han meiner det er omsynet til kva innbyggarane har ønskt i folkerøystinga som ligg bak kommunen sitt krav.

Meiner Stortinget bør ligge unna

Over heile landet finst det rundt 70 ja-kommunar som gjerne vil ha kommunesamanslåing, men som ikkje er ønskt av ein eller fleire av naboane. Mange av dei håpar at Stortinget no skal skjere gjennom og gje dei drahjelp inn i nye storkommunar.

Njåstad oppmodar no Stortinget om å ikkje gjere det.

– Det skaper ein dårleg start på prosessen. Det er betre med lokale prosessar, og når dei har enda slik, er korta delte ut, seier han.

Han seier at det viktige no er at dei samanslåingsprosjekta som ser ut til å vere i boks ikkje vert sett i fare, og at kommunar som Askvoll og Fjaler berre må finne seg i å stå på sidelinja.

– Når fire kommunar har funne saman og blitt einige, vil det vere dumt av Stortinget å tvinge fleire inn i samarbeidet i denne fasen.