NRK Meny
Normal

Jølstringane samla seg: Går vidare med liten SIS

Kommunestyret i Jølster seier nei til å ta Fjaler og Askvoll inn i varmen, men vedtok å gå vidare med arbeidet med ei samanslåing med nabokommunane Førde, Naustdal og Gaular.

Avstemming i Jølster kommunestyre om at ingen andre kommunar blir med i liten SIS.

SAMLA SEG: Ordførar Oddmund Klakegg måtte minne kommunestyret om kva dei skulle ta stilling til undervegs i debatten. Til slutt vart det eit samrøystes vedtak.

Under kommunestyremøte i Jølster tysdag, reiste gruppeleiar i SV, Jakob Andre Sandal, eit framlegg om å stenge døra for ei samanslåing med HAFS-kommunane Askvoll og Fjaler.

– Vi vil høyre på folket og vil gå vidare med prosessen i indre Sunnfjord, sa Sandal.

Det fekk han brei støtte for frå dei fleste parti. Både Venstre, Sp, og Ap var samde, medan Høgre vil framleis vente med å skyve HAFS-kommunane ut.

Får du ikkje den du elskar, får du elske den du får.

Magne Årdal, SV

– Eg meiner det vil styrke distriktsprofilen å få med Askvoll, vi har blant anna lik næringsstruktur. Eg meiner at ein kommune med 30.000 innbyggar ikkje blir for stor, og at det er feil tidspunkt å seie ja eller nei no, sa Anders Kristian Sægrov.

Kraftmillionar skapte debatt

Det som skapte mest debatt i under kommunestyremøtet i Jølster var korleis ein skulle bruke framtidige kraftinntekter i ein eventuell ny storkommune. Både Sp og SV argumenterte for å ta det med som eit forhandlingskort.

Kommunstyremøte

KOMMUNEREFORM: Jølster går vidare med liten SIS.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Det fekk Anders Kristian Sægrov til å gå på talarstolen og seie at tilleggsforslaga fekk han til å bli lei seg.

– Eg meiner Jølster må gå inn med eit ope sinn, sa Sægrov.

Han fekk støtte frå Atle Hamar i Venstre som meinte det ville vere feil å stille ultimatum

Fleirtal for SIS

Då saka kom til avrøysting, sa eit samrøystes kommunestyre ja til å gå vidare med samanslåing med nabokommunane Førde, Naustdal og Gaular, med sikte på ei avgjerd i juni. Kommunestyret sa samstundes nei til at Fjaler og Askvoll får vere med i samarbeidet.

Kommunestyret var og samrøystes om å ta inn eit punkt i intensjonsavtalen om å arbeide for å bruke kraftinntekter til etablere eit kultur- og næringsfond for Jølster.

Jøster kommunestyre var samla for å avgjere kommunesamanslåing.

PÅ DAGSORDEN: Her kan du sjå heile møtet i Jølster kommunestyre.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser