Hopp til innhold

Ber bøndene fylle opp gyllevognene sine med vatn: – Kan bli svært viktige ved brann

Den ekstreme skogbrannfaren i Sør-Norge gjer at Bondelaget ber bøndene ta ekstra ansvar. – Fyll opp gyllevognene med vatn, og ver klare til å hjelpe om brannvesenet treng hjelp.

Erlend Brede Fossen med gyllevogn med vatn

BEREDSKAP: Sauebonde Erlend Brede Fossen i Viksdalen i Førde har torsdag ettermiddag fylt opp over 8000 liter vatn i gyllevogna si. – Det er ikkje store jobben for meg å gjere dette, men det kan få mykje å seie ved ein eventuell brann, seier han.

Foto: Privat

– Det er viktig at vi gjer det vi kan, seier styremedlem Henriette Sunde i Sogn og Fjordane Bondelag.

Skogbrannfaren i Sør-Norge er no så stor at brannvesenet har åtvara mot å tenne opp så mykje som ei fyrstikk i skog og mark. Situasjonen er så prekær at brannvesenet fleire stader til og med har sett foten ned for grilling på strendene. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap følgjer situasjonen tett, og ber folk vere svært forsiktige.

Erlend Brede Fossen

KLAR: Erlend Brede Fossen håpar mange bønder gjer det same som han.

Foto: Privat

I Viksdalen i Sunnfjord har bonde Erlend Brede Fossen torsdag ettermiddag fylt opp 8500 liter på gyllevogna si. Slik håpar han å kunne stå klar om brannvesenet i området treng hjelp.

– Eg føler eit visst ansvar. No står gyllevogna klar med vatn, så då sparar eg dei minuttane om det skulle skje noko, seier Fossen.

Berga hus med vatn frå gyllevogner under storbrann

Då brannvesenet i 2014 frykta at storbrannen i Lærdal skulle spreie seg til heile busetnaden på Lærdalsøyri, spelte bøndene sine gyllevogner ei stor rolle.

Bøndene køyrde då i skytteltrafikk mellom busetnaden og fjorden, der dei fylte opp gyllevognene med vatn som dei dynka på husa. Brannmeister Guttorm Gullaksen i Lærdal trur det kan bli svært viktig om mange bønder står klare med vassfylte gyllevogner i tida framover.

– Gyllevogner fylte med vatn er kjempebra. Då det brann i Lærdal gjorde bøndene ein veldig viktig jobb.

Bønder hjelpte til med sløkkjearbeidet i Lærdal med mellom anna gyllevogner

VAR MED Å SLØKKJE BRANN: Svært mange bønder i Lærdal var med i arbeidet for å få sløkt storbrannen i januar 2014.

Foto: Jan Erikstad

– Dei vil vere veldig viktige

Ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane har dei måtte kalle ut brannvesenet fleire gonger den siste veka til brann i terrenget. Vaktleiar Frode Eide seier dei stadig vekk må få hjelp av bønder med gyllevogner fylte med vatn.

Slokker brann med helikopter

STOR SKOGBRANNFARE: Her er eit helikopter i aksjon over øya Ombo i Ryfylke der det brann tidlegare i veka.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

– Det er veldig tørt no, og behovet for vatn er stort. Bønder med gyllevogner er ofte veldige nære til der ting skjer, og er viktige i ein tidleg fase.

Mange bønder har i dag store gyllevogner som på få minutt kan fyllast opp med tusenvis av liter med vatn. Eide er ikkje i tvil om at desse kan utgjere ein forskjell om det byrjar brenne i det knusktørre terrenget.

– Absolutt, dei vil vere veldig viktige. Vognene er store og rommar mange liter vatn, så det vil vere til veldig god hjelp.

Ber bønder over heile landet fylle opp

Bondelaget håpar å nå ut til mange av sine medlemmer med oppmodinga. Pressekontakt Lise Boeck Jakobsen seier bøndene landet rundt har ei viktig rolle for beredskapen slik skogbrannfaren er nett no.

– Vi har bønder spreidd over heile landet. I mange tilfelle vil dei vere dei næraste til å hjelpe om det skulle byrje brenne. Vi oppmodar bønder over heile landet om å gjere dette.

I det tørre vêret er det i fleire kommunar innført vatningsforbod , og Sunde i Bondelaget i Sogn og Fjordane minner om at bøndene må fylle vatn frå kjelder der det ikkje er restriksjonar.

– Det viktigaste for oss er å vere klare om noko skulle skje, seier ho.

Erlend Brede Fossen har fylt opp gyllevogna si

OPPMODING: Bondelaget ber bønder som bur i område med stor skogbrannfare om å fylle opp gyllevognene sine med vatn. Sauebonde Erlend Brede Fossen i Sunnfjord har allereie følgt oppmodinga.

Foto: Privat