Hopp til innhold

Politiet: Utelukkar ikkje at tre skogbrannar kan vere påtende

KAUPANGER (NRK): Politiet fryktar no det verste etter at det har oppstått tre skogbrannar i det same området i eit av dei største skogsområda på Vestlandet sidan tysdag kveld. Dei utelukkar ikkje at brannane kan ha vore påtende, anten bevisst eller ubevisst.

Politibetjent Simen Brænd på Kaupanger

BER OM HJELP: Politibetjent Simen Brænd vil at vitne som kan ha sett noko eller nokon i skogsområda i Amladalen på Kaupanger om å melde seg snarast. Det var vore tre mindre skogbrannar i området på under eit døgn.

Foto: Arve Uglum / NRK

Kjapp innsats frå brannvesenet hindra i dag ein stor brann i ein av dei største skogane på Vestlandet. Rett før klokka 15 rykte alt tilgjengeleg mannskap i Sogndal ut til Amladalen på Kaupanger.

– Vi startar no ei rutinemessig etterforsking. Det har vore branntilløp på to stader med 10–15 meters mellomrom. Det er svidd av rundt 100 kvadratmeter til saman, fortel innsatsleiar og lensmannsbetjent Simen Brænd.

Tre brannar på under eit døgn

Han ber no alle som kan vite noko om branntilløpa i området om å melde frå til politiet snarast råd er.

– Vi hadde eit branntilløp i går òg, som brannvesenet fekk sløkt. Vi er interesserte i tips frå publikum når det gjeld det branntilløpet og dei som skjedde i dag.

Er det litt mistenkjeleg?

– Det vil eg ikkje uttale meg om no. Vi startar etterforsking og så får vi sjå om den vil vise noko etter kvart. Det var to tilløp i dag ved sida av kvarandre, det i går, og så har vi hatt nokre tidlegare òg, seier Brænd.

Det er no ekstrem brannfare over heile Sør-Norge og brannvesenet oppmodar folk på det sterkaste om å vere varsame når dei er i naturen.

– Folk må vere veldig medvitne på kva ein gjer i naturen no. Dette området der det brann blir no dynka med vatn og ikkje forlate før vi er heilt sikre på at det er slått heilt ned, seier vaktleiar ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane, Siv Sørstrand.

Brannslokking på Kaupanger i Sogn

RYKTE UT: Brannvesenet kom raskt på plass til området der det oppstod brann i ettermiddag.

Foto: Arve Uglum / NRK

Ber vitne melde seg

Politiet vil ikkje stadfeste at dei leitar etter nokon som kan ha sett fyr på skogen på Kaupanger, men dei ber innstendig om å få inn tips.

– Det er folk som har vore i området, på tur, treningsturar, og bilar som har vore observert.

Det høyrest ut ser etter gjerningsperson?

– Vi må gå breitt ut når vi startar etterforsking, sjå etter spora kan finne og sjå om det viser noko i ei eller anna retning.

Kaupanger