Varme og tørre sommardagar har ei bakside. Med unnatak av dei tre nordlegaste fylka er Yr sitt varsel for skogbrannfare knallraudt for Norge.
Fleire kommunar og fylke i Sør-Norge åtvarar mot opne flammar i naturen. Mange har innført totalforbod mot open eld i naturen, som alle kommunane på Sørlandet.
STOR FARE: – Vi legg ikkje ned forbod for å gjere livet surt for folk, men fordi at det er så tørt at det er reell fare for ein skogbrann, og at den kan komme ut av kontroll, seier Lars Magne Hovtun.
Foto: Olav Døvik / NRK– Skalaen er sprengd for marka og øyane i Oslo og Akershus. Når indeksen passerer 70, så er brannfaren stor. No er den opp mot hundre i Oslo, seier informasjonssjef Lars Magne Hovtun i Oslo brann- og redningsetat.
– Overhengande brannfare
I Sogn og Fjordane har brannsjef Magne Igland innført forbod mot opne flammar i naturen i Flora og Bremanger kommunar. Han fryktar følgjene av eit bål ute av kontroll.
OVERHENGANDE: Brannsjef Magne Igland har innført forbod mot opne flammar i naturen i Bremanger og Flora. Det har også Eid kommune gjort.
Foto: Flora brannvernFør helga svidde ein bråtebrann av kring 600 kvadratmeter på Rota utanfor Florø. Med ingen nedbør i vente den næraste tida, vurderer Igland situasjonen som prekær.
– Faren er overhengande om vi skulle fått noko som utvikla seg i naturen. Med litt vind skal det ingenting til før det tek fyr og går over store avstandar. Er det ikkje tilstrekkeleg folk, så har du ikkje sjanse til å ta den, seier han.
Aukar beredskapen
Den erfaringa gjorde brannvesenet seg i Hedmark og Oppland i onsdag, då nær 3.000 kvadratmeter gjekk med i ein skogbrann ved Blistentoppen i Lunner.
– Heldigvis var brannen i eit hogstfelt. Vi klarte å stoppe den før den gjekk inn i skogen. Då hadde det blitt ein mykje meir omfattande brann, seier innsatsleiar under brannen, Mats Tande-Gulbrandsen.
Fly overvakar no situasjonen.
– Folk må vere varsame. Rådet vårt er å halde fyrstikkene unna, vise aktsemd og omsyn til den store skogbrannfaren som er, seier Knut Bjørnseth ved Midt Hedmark brann- og redningsvesten.
I Oslo har brann- og redningsetaten auka beredskapen.
– Men den viktigaste er det kvar einskild som brukar marka og naturen som står for. Ein har så mykje større sjanse til å sløkke ein brann når den er liten, seier Hovtun.
Kan bli mairekordar
Statsmeteorolog Anne Solveig Andersen har godt nytt for dei som er glade i sol og sommar.
- Les også: No varslar metorologen over 30 grader
– Det ser ut til at temperaturane vil stige noko, og då kan det komme nokre nye mairekordar på høgaste temperatur. Først i neste veke kan det komme noko byeaktivitet, seier ho.
Bjørnseth håpar på gode regnskur.
– Det hadde vore fint med litt regn no, så kan det bli fint vêr att etterpå, seier han.