Hopp til innhold

Her ventar dei på å få fylle plaskebassenget

LUSTER (NRK): I fleire kommunar i landet er det totalt eller delvis vatningsforbod. Meteorologane ser inga betring dei neste dagane.

Vatningsforbod i Luster
Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Vi har både jordbær og rips og anna som vi hadde lyst å lage saft av, men kanskje det ikkje blir i år. Det er prisen vi må betale for fint vêr, seier Maria Kalstad Brun.

Maria Kalstad Brun i Luster

VARMT: – Utan vatn blir det varmt i topplokket og alt, seier Maria Kalstad Brun.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Ho, mannen og deira to born bur i Høyheimsvik i Luster kommune i Sogn, som er ein av kommunane der varmegradene har vore mange, og plenane må ligga tørre.

Stor skogbrannfare

Varmerekordane har stått for fall fleire stader denne mai-månaden. Over store delar av Noreg er det stor skogbrannfare, og det har vore fleire brannar og branntilløp dei siste dagane.

Varmen gjer også at mange vassmagasin byrjar å minka, og kommunar over heile landet har innført totalt eller delvis vatningsforbod. Luster kommune i Sogn er ein av kommunane der hageeigarane ikkje får lov å vatna plenane sine, eller bøndene får vatna jorda.

Det er innført vanningsforbud i Luster Kommune i Sogn og Fjordane. Dermed blir det heller ikke leking med vann i hagen.

– Me må vere litt føre var, og då må me setje inn vatningsrestriksjonar for å sikre ei god og stabil vassforsyning elles i kommunen. Me kan ikkje dimensjonere vassforsyninga for at ein skal vatne alle plenar heile sommarhalvåret, uansett vêr, seier Jarle Skartun, rådmann i Luster kommune.

– Forbodet er i høgste grad vêravhengig. Det vil nok vare ved så lenge me er i ein tørkeperiode, held han fram.

Framleis tørt vêr

Også i Vestby, Hvaler, Fredrikstad og i ni kommunar i Hordaland er det vatningsforbod- eller restriksjonar. I Halden er ordninga at folk kan vatne manuelt – men ikkje med vasspreiar.

Og det kan det sjå ut til at plenane ikkje blir vatna med det første. Frå torsdag av fortel statsmeteorolog Marit Berger at det kan kome lokale ettermiddagsbyer, men at det ikkje vil vere nok til å verken dempa skogbrannfaren noko særleg, eller gi eit etterlengta påfyll til vassmagasina i kommunane som har innført forbod eller restriksjonar.

– Det skal halde seg fint framover så lenge prognosane gjeld. Frå torsdag av kan det bli litt meir bygevêr om ettermiddagane nord for Stad, men det er lokale byer og det er ikkje så mykje vatn i dei, seier Berge.

Må vente på vatnet

For familien Kalstad Brun betyr varmen at plenen lever farleg dei neste dagane.

– Foreløpig går det greitt, men som utsiktene ser ut kan plenen begynne å miste grønfargen, seier Maria Kalstad Brun.

Og borna må vente enno litt med å få fylt vatn i plaskebassenget sitt.

Vatningsforbod i Luster

VENTAR PÅ VATN: Også vasspistolar treng påfyll av vatn. Luster kommune har no innført restriksjonar på vatning.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Eg trur ikkje dei har tenkt så mykje på det enno, men varer det ved over tid har eg i alle fall ei lita jenta som liker å kjøle seg ned når det begynner å nærme seg 27 grader, seier ho.