Hopp til innhold

Barn mister nattesøvnen av dei vaksne sine pengeproblem

Forverring av familieøkonomien når barna er små, skapar søvnvanskar seinare, viser ny forsking. – Barn bekymrar seg for økonomien til foreldra, seier Redd Barna.

Syk jente

FÅR IKKJE SOVE: Ungdom mista nattesøvnen av å oppleva i barndommen at foreldra fekk dårlegare råd. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Ein ny internasjonal studie viser at brå forverring av familien sin økonomi når barn er små, gir søvnvanskar i ungdomsåra.

Studien er eit samarbeid mellom Regionalt kunnskapssenter for born og unge ved Uni Research Helse i Bergen, Folkehelseinstituttet og University of Auckland på New Zealand.

Han er gjort over sju år, og gjennomført på grupper ungdomar frå familiar med ulik økonomisk bakgrunn.

Mistar ein halvtime

– Ei forverring av den økonomiske situasjonen hos familiar var assosiert med større grad av søvnvanskar for ungdom i 16-19-årsalderen, seier søvnforskar Børge Sivertsen, som har leia studien.

Ungdommar frå familiar som hadde blitt fattigare, hadde både kortare søvnlengde og meir vakentid om natta enn jamaldrande som ikkje hadde opplevd forverra familieøkonomi.

– Det er store skilnader, faktisk ein halvtime kortare søvnlengde for dei som hadde fått verre økonomi. Det er mykje i ein alder kor dei gjerne søv lite i utgangspunktet, seier Sivertsen.

Børge Sivertsen

FORSKAR: Seniorforskar Børge Sivertsen ved Uni research helse i Bergen har leia den sju år lange studien.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Ungdom som hadde levd med låg inntekt heile livet, hadde ikkje dei same søvnvanskane. Det overraska forskarane.

– Det skuldast nok at ein byrjar å samanlikna seg med andre. Viss ein har hatt det bra og så fått mindre å rutte med, er nok det verre for mange enn å ha lite heile tida, seier Sivertsen.

Veit lite

– Når vi snakkar med barn frå låginntektsfamiliar, bekymrar dei seg for økonomien til foreldra, seier spesialrådgjevar Stina Eiet Hamberg i Redd Barna.

Stina Hamberg

NYTTIG: Stina Eiet Hamberg i Redd Barna er glad for forsking på born og søvnvanskar.

Foto: Redd Barna

Ho seier organisasjonen er kjempeglad for at Uni Research tar tak i tematikken.

– Konsekvensane av brå overgangar i familieøkonomien har vi ikkje så mykje oversikt over frå før, seier Hamberg.

Forskar Sivertsen fortel at dei òg finn depressive symptom mellom ungdommane i studien.

– Men det forklarar ikkje heile effekten. Vi finn at det er ein direkteeffekt av mindre søvn grunna økonomisk bekymring, seier Sivertsen.