Hopp til innhold

Bakke forlenga kontrakten på 42-årsdagen sin

– Når ungane ynskjer at eg skal halde fram, så blir alt lettare. Eg brukar mykje tid og er mykje vekke, så det betyr mykje at familien er med på avgjerda.

Eirik bakke på trening

HELD FRAM: Eirik Bakke har forlenga kontrakten med Sogndal Fotball. – Vi var samde om å snakkast i dag, og eg tenkte ikkje på at det var fredag den 13. Så får eg berre håpe at det ikkje betyr ulukke, seier han.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Det seier Eirik Bakke som i dag, på sin eigen bursdag, forlenga kontrakten som hovudtrenar for Sogndal Fotball.

Den tidlegare Leeds-proffen har trena Sogndal sidan 2015. Med forlenginga i dag, blir han trenar ut 2021-sesongen.

Laster innhold, vennligst vent..

Ifølgje klubben sine nettsider er 42-åringen trenaren med lengst fartstid i klubben.

– Det var intensjonen heile tida, og det var greitt med ei avklaring med to månader att av sesongen. Så kan vi sjå framover, seier Bakke til NRK.

Tilbake til Eliteserien

Den tidlegare midtbanespelaren med 27 A-landskampar var motivert for å halde fram, men vedgår han måtte gå nokre rundar med seg sjølv og familien før han takka ja.

Sogndal er i omstilling. Klubben må redusere kostnadene, noko som betyr kutt i både det administrative og sportslege apparatet. Men Bakke har ei god magekjensle.

– Vi byrjar å få ei oversikt over kva vi har og kva satsing vi kan ha neste sesong. Då er det lettare å seie om eg vil vere med. Utan at vi skal bruke millionar av kroner, så skal vi kjempe om å vere i Eliteserien – aller helst vere der, seier han.

– Har jaga for mykje

– Det triggar å byggje ein ny ung gjeng. Vi må ha driven vi har no, og komme tilbake i Eliteserien. Men det skjer når det skjer. Eg føler kanskje at dei siste åra har vore eit for stort jag for å berre vere der. Det må vi lære av, seier Bakke.

Sogndal-trenaren meiner å sjå konturane av noko bra, og at ei satsing no ber frukter.

– Vi har lokale gutar som tek steget og eit juniorlaget som gjer det bra. Det er givande å jobbe med desse svoltne og unge gutane, som vil opp og fram. Dei treng nokon rundt seg som kan hjelpe, og eg føler eg kan vere ein del av det, legg Bakke til.

Glad saftkokarleiar

Vidar Vadseth

NØGD: Leiar for Saftkokaradn, Vidar Vadseth, er nøgd med at Eirik Bakke held fram. – Det er viktig for kontinuiteten på leiarsida i Sogndal, seier han.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Supporterleiar Vidar Vadseth er glad for at Bakke held fram. Han meiner Bakke har kvalitetar som kan løfte Sogndal att.

Vadseth er spent på kva modell som blir lagt for det sportslege apparatet.

– Ein kunne godt fått ein assistent utanfrå, som ser ting med litt andre auge så ein ikkje går inn i ei blindgate.

– Meiner du Sogndal er i ferd med å gå inn i ei blindgate?

– Hadde du spurt meg for eit halvt år sidan, så hadde eg sagt ja. No ser eg lys i tunnelen. Spelarstallen er veldig ung og det er svoltne spelarar som tek ansvar for eiga utvikling i tillegg til å utvikle seg som lag.

Stressar ikkje med opprykk

Bakke håpar å halde på spelarstallen som no er på Fosshaugane.

Sjølv er han ikkje oppteken av at Sogndal, for ein kvar pris, skal spele i Eliteserien.

– Eg håpar å byggje noko som er sterkt og solid, og som ein gang kan vere med å spele i Eliteserien att. Tida vil vise når. Vi må vere tolmodige, byggje dei opp så dei får lov til å bli gode. Vi må ikkje stresse med opprykk allereie i år eller neste år, avsluttar han.

Laster innhold, vennligst vent..