Hopp til innhold

Ingen forstod kor kritisk økonomien i mønsterklubben er

SOGNDAL (NRK): Ingen i Sogndal Fotball forstod kor kritisk den økonomiske situasjonen er. Underskotet kan bli på åtte millionar kroner. – Uforståeleg at ikkje styret visste, meiner fotballekspert.

Tor Arne Ness, styreleiar Sogndal Fotball

BEKLAGAR: Styreleiar Tor Arne Ness i Sogndal Fotball karakteriserer den økonomiske situasjon i klubben som svært utfordrande. Han beklagar at ikkje nyleg avgått dagleg leiar Terje Rognsø fekk vite kor krevjande situasjonen er.

Foto: Bård Siem / NRK

– I verste fall går vi mot eit underskot på mellom fem og åtte millionar kroner. Klart det er dramatisk, seier Tor Arne Ness, styreleiar i Sogndal Fotball.

Det skjer etter at klubben berre i år må kutte kring ti millionar kroner i budsjettet. Dette kjem klubben til å merke med eit budsjett som var på 52 millionar kroner i fjor.

Forretningsmannen frå Kaupanger vrir seg i stolen og er tydeleg ukomfortabel med situasjonen. Vi er på Fosshaugane Campus.

Mot alle odds har klubben i den vesle sognebygda i tiår etter tiår hatt eit lag i toppen av norsk fotball. Økonomien har stort sett vore god, ein har hatt kontroll og Sogndal har vore sett på som ein mønsterklubb. Slik er det ikkje lenger.

– Klart det er tungt når ein må kutte så mykje, seier han.

Ekspert peikar på styreleiaren

Førsteamanuensis og ekspert på fotballøkonomi, Tor Geir Kvinen ved Universitetet i Agder, stiller seg undrande til at styreleiar Ness ikkje hadde betre oversikt over økonomien.

– Det er styreleiaren på vegner av styret som har ansvar for å ha oversikt over den økonomiske situasjonen i klubben. Styreleiaren burde ha informert den nye daglege leiaren på førehand om korleis situasjonen var. Styreleiaren kan gjerne skulde på utanforståande faktorar, men han sit med ansvaret, seier Kvinen.

Tor Geir Kvinen

STILLER SEG UFORSTÅANDE: Førsteamanuensis og ekspert på fotballøkonomi, Tor Geir Kvinen ved Universitetet i Agder, meiner det er uforståeleg at styreleiaren ikkje hadde betre oversikt over den vanskelege økonomiske situasjonen i Sogndal Fotball.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Eksperten på fotballøkonomi meiner situasjonen er alvorleg for Sogndal Fotball.

– Det er spesielt alvorleg når ein må kutte midt i sesongen. I verste fall kan det også slå ut på dei sportslege resultata, seier Kvinen.

Dagleg leiar gjekk på dagen

Tor Arne Ness vart styreleiar i 2011 og har vore med på både opprykk og nedrykk, men aldri har han opplevd situasjonen vanskelegare enn i dag.

– Eg er fullt klar over at det er eg som styreleiar og resten av styret som har ansvar for økonomien i klubben. Situasjonen har gradvis vorte meir utfordrande, seier han.

Nyleg gjekk dagleg leiar Terje Rognsø av på dagen etter å ha leia den stolte klubben i berre fire månader. Rognsø viste til ein så dramatisk inntektssvik at han ville kutte budsjettet med 15 millionar kroner. Det fekk han ikkje Ness og resten styret med seg på. Difor trekte Rognsø seg.

Sogndal Fotball sin nye daglege leiar Terje Rognsø, på kontoret

VISSTE IKKJE: Då Terje Rognsø tok til som dagleg leiar i Sogndal Fotball i januar i år, hadde han ikkje fått noko informasjon om den sviktande økonomien i klubben.

Foto: Magnus Helle / NRK

– Beklageleg

– Det er sjølvsagt beklageleg at ikkje Rognsø visste kor alvorleg situasjonen var, seier Ness.

Kvifor orienterte de ikkje Rognsø om dette på førehand?

– Dette er fordi situasjonen forverra seg i fjor haust og gjennom vinteren, både når det gjeld bortfall av inntekter frå sentralt hald og gjennom ein tøffare sponsormarknad. Vi mista også inntekter fordi vi ikkje greidde å rykke opp.

– Visste ikkje du som styreleiar kor alvorleg den økonomiske situasjonen var?

– Då Rognsø vart tilsett visste eg ikkje at situasjonen ville bli så alvorleg som i dag. Vi var sjølvsagt klar over at vi var i ein omstillingsprosess, men det har vorte mykje meir omfattande enn det som var tenkt, seier Ness.

Styreleiaren signaliserer eit kutt på om lag 10 millionar kroner i år, fem millionar mindre enn det avgått dagleg leiar Rognsø la opp til.

Bakke visse ikkje

I etasjen under sit hovudtrenar Eirik Bakke på eit møterom saman med assistenttrenar Terje Skjeldestad og resten av støtteapparatet.

– Eg visste ikkje at den økonomiske situasjonen var så alvorleg, seier Bakke. Han legg til at ein må gjere det beste ut av det.

– Vi må brette opp ermane. Det er mykje bra på gang. I fjor vart juniorane våre noregsmeister. Eg har tru på framtida.

Eirik Bakke med Sogndal-legender i bakgrunnen

VISSTE INGENTING: Sogndal-trenar Eirik Bakke må tole kutt i spelarstall og støtteapparat etter at det er avdekt store økonomiske problem i klubben. Til venstre på bildet bak er Svein Bakke, far til Eirik Bakke og Sogndal sin største legende nokon gong.

Foto: Bård Siem / NRK

Sogndal slit tungt også sportsleg, med berre ein siger på fem kampar i førstedivisjon.

– Sogndal er ikkje åleine om å slite

Kvien legg til at Sogndal Fotball på ingen måte er åleine om ikkje å ha skikkeleg oversikt over økonomien.

– Dessverre har dette vore situasjonen i mange norske toppklubbar. Mange styremedlemmer har gode fotballkunnskapar, men har for dårleg innsikt i økonomi og korleis ein driv ein organisasjon, seier han.

Mykje tyder på at salet av Even Hovland til Rosenborg i april i fjor var hovudgrunnen til at Sogndal Fotball unngjekk store innstrammingar i allereie 2018. Klubben skal ha fått ein bruttogevinst på om lag 10 millionar på salet av Hovland.