Fire mistar jobben i Sogndal Fotball

Sogndal Fotball halverer talet på tilsette i administrasjonen. I løpet av året skal også det sportslege apparatet bli mindre.

Rasmus Mo

TØFF JOBB: Rasmus Mo har fått den tøffe jobben med å leia Sogndal gjennom knallharde nedskjeringar.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Det er ikkje berre på fotballbana det er tøffe tider for Sogndal Fotball. I verste fall går klubben mot eit underskot på åtte millionar kroner . Berre i år må dei kutta mellom ti og tolv millionar kroner i budsjettet.

No er klubben i gang med nedskjeringane. Av åtte personar i administrasjonen, har fire av dei fått beskjed om at dei mistar jobben. Ein av dei skal over i ei ny rolle i klubben.

– Færre må gjera meir, men det betyr ikkje at me ikkje har gjort nok før. Me må endra på nokre oppgåver, det blir mindre av noko, og noko må veljast vekk, seier Rasmus Mo som er konstituert dagleg leiar i klubben.

Allereie spart inn halvparten

Tidlegare i vår slutta Terje Rognsø som dagleg leiar, etter berre fire månader i sjefsstolen. Han ville gjera endå større kutt i budsjettet , 15 millionar, men fekk ikkje styret med seg på det. Då valde han å gå, og Rasmus Mo fekk oppgåva med å gjennomføra ein av dei største omstillingane med negativt forteikn i klubben si historie.

Fem millionar har dei allereie spart inn med endringar i spelarstallen. Dei har gjort endringar på opplegget rundt reiser på vel ein million, samt andre tiltak for om lag ein million.

Frå september av, når dei som har mista jobben er ferdige i klubben, blir også lønskostnadane mindre. Men det er først frå 2020 klubben kjem til å merka full effekt av nedskjeringane som blir gjort no.

Akor Jerome Adams

VANSKELEG PÅ OG UTANFOR BANA: Det har vore eit tungt år både på og utanfor bana. Her er Akor Adams etter at dei spelte uavgjort heime mot Sandnes Ulf i vår.

Foto: Christian Blom / Christian Blom

Sport står for tur

I tillegg endrar klubben kva dei skal driva med utover det reint sportslege, fortel Mo.

– Me må bli smalare på kva me skal driva med. Behova på Campus har blant anna vore næringslivsseminar, næringsutvikling og slikt. På det området blir me mindre no. Me må ha fokus på arrangement og marknad, for det er det som gir oss økonomi, seier han.

– Er de i rute til å klara å kutta tolv millionar?

– Ja.

No når nedskjeringane er fullførte i administrasjonen, er det den sportslege delen som står for tur. Det er framleis på teiknebrettet, men ein moglegheit er eit tettare samarbeid mellom apparatet rundt A-laget og utviklingsavdelinga.

– Me har ikkje oversikt over kor mange personar det blir. Men me må gjera justeringar.