Avsluttar kontrakten og inngår «våpenkvile» etter demningskollapsen

Etter samarbeidsproblem og dårleg kommunikasjon om demningen i Munkebotn seier Bergen kommune opp kontraktane med entreprenørane. Partane forpliktar seg til ikkje å fremja erstatningskrav mot kvarandre.

Påbegynt ny demning i front, mens den midlertidige demningen som brast er i bakgrunnen

KNUST: Sånn såg det ut etter at den mellombelse demningen hadde blitt knust av vassmengdene. Den opphavlege muren var riven, slik at muren laga av jordmassar var siste hinder for vatnet i Munkebotsvatnet.

Foto: Sindre Skrede / NRK

– Ting skulle blitt gjort annleis i fleire samanhengar. No er det trong for å koma vidare, seier Magnar Sekse, fagdirektør i vass- og avlaupsetaten.

Bergen kommune har bestemt seg for å avslutta kontraktane med aktørane som var involverte i damskandalen i Munkebotsvatnet i august i fjor.

Den mellombelse demningen brast etter store nedbørsmengder. Fleire hundre blei evakuerte, E39 stengd og eigedommar skadde.

I ettertid fekk alle involverte kritikk for å ha feilvurdert risikoen. Den eksterne granskingsrapporten konkluderte òg med dårleg samarbeid.

Kommunen som byggherre, Multiconsult, som hadde prosjektert arbeidet og Donar entreprenør, som utførte det, hadde kommunisert dårleg, ifølgje rapporten.

Lovar å ikkje fremja krav

Avviklingskontrakten blei nyleg signert. Den inneber at korkje Multiconsult eller Donar får halda fram arbeidet.

Kontrakten gir Donar 1,51 millionar kroner. Donar-sjef Alen Begic seier til NRK at dei er nøgde, men vil ikkje kommentera avtalen utover det.

– Dette var pengar Donar hadde krav på for jobben som er gjort. Det er ikkje snakk om nokon kompensasjon, seier fagdirektør Sekse.

Kontrakten inneheld også eit punkt der alle partar fråskriv seg retten til å fremja erstatningskrav mot kvarandre.

Sekse vil ikkje kommentera årsaka til dette punktet, men seier saka har vore kompleks.

– Vi har hatt ein heilt spesiell situasjon i Munkebotn, med mykje etterspel.

Partene er enige om at ingen av Partene kan fremme erstatningskrav knyttet til ovennevnte kontrakt og prosjektet dam Munkebotn.

Frå avviklingskontrakten
Den midlertidige fangdemningen i midten av juni

FANGDAMMEN: Her er entreprenøren Donar AS i gang med å etablera den mellombelse demningen som seinare brast. Ingen kan svara på kvifor den i det heile blei bygd.

Foto: Donar AS

Deler opp prosjektet

Det var to demningar ved vatnet som skulle utbetrast. Arbeidet på den eine var ikkje starta, medan den andre altså rauk undervegs i arbeidet.

I desember fastslo kommunen at Multiconsult ikkje hadde oppfylt ansvaret sitt etter kontrakten, noko Multiconsult er ueinige i. Kommunen tok uansett ifrå dei retten til å prosjektera arbeidet med dammen.

Dermed kunne heller ikkje Donar halda fram med arbeidet utan å bli godkjent på nytt.

Kommunen kom då fram til at det var best å avslutta kontraktane, og lysa ut heile prosjektet på nytt.

Prosjektet blir no truleg delt i to, eitt for kvar demning, og blir lyst ut om ikkje lenge, seier Sekse.

Byrådsleder Schjelderup i pressekonferanse på rådhuset

PRESSEKONFERANSE: Fagdirektør Magnar Sekse (sitjande) før kommunen sin pressekonferanse dagen etter demningsbresten. Dåverande byrådsleiar Harald Schjelderup på veg inn.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Ingen samarbeidsproblem

I lys av det som har skjedd: Korleis er Multiconsult og Donar sine sjansar dersom dei leverer tilbod?

– Me vil følga regelverket om offentlege innkjøp og vurdera alle tilboda på lik linje, seier fagdirektøren.

Donar vil ikkje kommentera om dei vil delta i konkurransen, men hevdar dei ikkje har problem med å samarbeida med Bergen kommune. Det same seier kommunikasjonsleiar Gaute Christensen i Multiconsult.

– Det er ikkje uvanleg at me opplever utfordringar undervegs i prosjekt, seier Christensen.

Politiet etterforskar framleis demningsbresten. NVE vil også koma med ein rapport etter at politiet har sagt sitt.