Hopp til innhold

Bergen kommune får millionbot etter demningsbrotet i Munkebotn

40 bustadhus måtte evakuerast då fangdammen i Munkebotn brast i 2018. NVE meiner kommunen og Multiconsult hadde skulda og deler ut bøter.

Påbegynt ny demning i front, mens den midlertidige demningen som brast er i bakgrunnen

BRAST: Fangdammen som var etablert i forbindelse med ny demning ved Munkebotn brast i 2018.

Foto: Sindre Skrede / NRK

Bergen kommune får eit lovbrotsgebyr på 2 millionar kroner, medan Multiconsult ASA får 800.000 kroner i bot etter hendinga for snart tre år sidan.

Over 130 personar i 40 bustadhus vart evakuerte under den alvorlege hendinga. Nokre fekk berre ti minuttar på seg til å komme seg ut av huset og vekk frå vassmengde som var på veg.

Demningsbresten gjorde store skadar på både hus og infrastruktur.

– NVE meiner Bergen kommune og Multiconsult ASA har overtrådt vassdragslovgivinga ved å ikkje ha sørga for at fangdammen var laga slik at vatn kunne leiast forbi dammen. Det gjorde at vatnet rant over toppen av dammen, noko den ikkje tolte og derfor braut saman, konkluderer NVE.

Seksjonssjefen for damtryggleik i NVE opplyser til NRK at det er svært sjeldan dei gir ut bøter i forbindelse med slike saker.

– Det er ein alvorleg sak, vi har jo ikkje gitt lovbrotsgebyr mange gonger. At det blir gitt gebyr på den storleiken viser at vi ser svært alvorleg på saka, seier Lars Grøttå.

SJÅ VIDEO AV BRESTEN

70.000 kubikkmeter vatn

Bergen kommune er dameigar og var byggherre for arbeida i Munkebotn i august 2018. Multiconsult ASA var innleigd konsulent med oppgåver og ansvar etter damsikkerhetsforskriften.

Ifølge NVE rant det ut nærare 70.000 kubikkmeter med vatn i løpet av ein halvtime då dammen brast.

Vatnet fossa ned mot busetninga kring E39 i Eidsvåg nord i Bergen.

– Det har vore ein svikt i planlegginga frå kommunen si side og Multiconsult. Farepotensialet ved at fangdammen skulle stå der aleine og halde tilbake vatnet var heller ikkje utgreia på ein skikkeleg måte. Dei sviktar i både planlegginga av dammen og beredskapsplanlegginga, seier Grøttå i NVE til NRK.

Påbegynt ny demning i forgrunnen, og den midlertidige demningen som brast i bakgrunnen
Foto: Sindre Skrede / NRK
En midlertidig dam i Munkebotn i Bergen gav etter og førte til flom i Eidsvåg.

La vekk saka

Fangdammen i Munkebotn var etablert i forbindelse med bygginga av ein ny dam ved Munkebotsvatnet.

Men på grunn av for mykje nedbør vart vatnet overfylt, vatnet rann over demningstoppen og fangdammen svikta.

Også politiet har etterforska saka og ut sikting i mars 2020. Statsadvokaten la vekk saka og overførte den til NVE for oppfølging.

– NVE meiner Bergen kommune heller ikkje hadde oppdatert beredskapsplan og teknisk plan for byggearbeidet, og at det var manglande internkontroll, heiter det i pressemeldinga.

NVE skriv også at dei har vald å ikkje gi entreprenøren Donar bot, sjølv om dette var varsla.

Bergen kommune og Multiconsult må no ta stilling til gebyra dei har fått. Om dei vel å klage på vedtaket, går klagen til behandling hjå Olje- og energidepartementet.

– Alltid alvorleg

Magnar Sekse er fagdirektør i Vann- og avløpsetaten i Bergen kommune. Han fortel at dei har vore førebudd på at dei kunne få bot.

– Det er alltid alvorleg når vi får ei bot for ein slik sak. Vi har jo vore opptekne av at vi skulle læra mest mogleg av denne hendinga slik at det aldri kan skje ei slik hending her i Bergen, seier han.

Sekse kan ikkje fortelja korvidt dei kjem til å godta bota.

– Vi vil lese saka nøye og sette oss grundig inn i premissane for NVE sitt vedtak før vi kan kommentere saka ytterlegare, seier fagdirektøren.