Hopp til innhold

Politiet etterforskar demningskollaps i Bergen

Vest politidistrikt har starta etterforsking av hendinga som førte til at over 100 personar blei evakuerte.

Påbegynt ny demning i forgrunnen, og den midlertidige demningen som brast i bakgrunnen

KOLLAPS: Fangdemningen (blå presenning i bakkant) klarte ikkje stå imot nedbørsmengdene i Bergen, og kollapsa onsdag 22. august.

Foto: Sindre Skrede / NRK

133 personar blei evakuerte, E39 blei stengt, og fleire eigedommar fekk skader då demninga ved Munkebotsvatnet i Bergen brast onsdag kveld.

Politiet opplyste på ein pressekonferanse torsdag, at dei hadde starta undersøkingar for å vurdera om saka skulle etterforskast.

Måndag stadfestar Vest politidistrikt i ei pressemelding at dei har opna etterforsking.

– Det er på bakgrunn av hendinga sin alvorlege karakter og dei opplysningane som har kome fram i media om forholda bak. Generelt har me sett at det er grunnlag for å etterforska saka, seier påtaleansvarleg Linn Skaar Sætre i Vest politidistrikt til NRK.

Politiet opplyser at det naturlege tema for etterforskinga blir om vurderingane som er gjort «i relasjon til tiltaket og den risikoen det har representert», har vore tilstrekkeleg aktsame.

Påbegynt ny demning i forgrunnen, og den midlertidige demningen som brast i bakgrunnen
Foto: Sindre Skrede / NRK
En midlertidig dam i Munkebotn i Bergen gav etter og førte til flom i Eidsvåg.

Kommunen tok sjølvkritikk

Onsdag 22. august slo politiet alarm om at den mellombelse fangdemningen ved Munkebotsvatnet sto i fare for å kollapsa. Berre timar seinare, etter at entreprenør, kommune og brannvesen hadde vurdert strakstiltak, brast demninga og skapte ein flaum ned fjellsida mot Eidsvåg.

Då hadde 133 personar i 37 bustader blitt evakuerte.

Kommunen har allereie teke sjølvkritikk for at fangdemninga ikkje var dimensjonert for nedbørsmengdene. Alleiere helga før kollapsen var kommunen og entreprenøren klar over faren, men tiltaka dei sette inn fungerte ikkje som venta.

– Ein demning skal tole bergensvêret, sa kommunaldirektør Anne Iren Fagerbakke til NRK torsdag morgon.

Her brister demningen i Bergen

Skal vurdera om noko straffbart har skjedd

Ifølge politiet har det ikkje kome inn meldingar om personskadar, men Bergen kommune har fått meldingar om skader på fire eigedomar.

– Det er for tidleg å seia om noko straffbart har skjedd, og kven som eventuelt skal haldast ansvarleg for dette, opplyser politiet i pressemeldinga.

Politiet har starta arbeidet med å innhenta informasjon. Vidare vil ein gjennomføra avhøyr av vitne, i tillegg til å ha dialog med Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Arbeidstilsynet.

Tilsynsleiar Marita Scott i Arbeidstilsynet Vestlandet opplyser at deira rolle enno er uavklara.

– Politiet tok kontakt med oss etter hendinga for å spørja om vårt mandat i slike saker. Me har no ein dialog med politiet, og skal vurdera saka nærare før me ser om dette er ei sak for oss.

– Førebels kjenner me ikkje saka gjennom anna enn det som har kome fram i media, seier Scott.

Politiet opplyser at det er vanskeleg å anslå kor lang tid etterforskinga vil ta.

– Det kjem an på kva opplysningar me finn i vår etterforsking. Uansett har NVE varsla Bergen kommune har ein frist på tre månader til å levera sin rapport om saka. Den vil me naturlegvis venta på, seier Sætre.