Hopp til innhold

Forfallet på fylkesvegane har auka til 95 milliardar

No kjem kravet om at fylkesvegane skal løftast inn i Nasjonal transportplan (NTP).

Sliten fylkesveg i Fjaler

Sliten fylkesveg i Fjaler. Etterslepet aukar, viser ny rapport.

Foto: Oddgeir Sæle / NRK

– Vi må ha ein forpliktande plan for korleis vi skal ta igjen etterslepet, seier leiar i Nasjonal rassikringsgruppe, Jenny Følling.

Forfallet på fylkesvegane har auka til mellom 85 og 95 milliardar kroner, ifølge ein ny rapport frå Statens vegvesen.

I rapporten, som vart offentleg 3. oktober, reknar Statens vegvesen at etterslepet har auka med opptil 18 prosent frå førre gjennomgang av fylkesvegane, i 2012.

Sprekker i asfalten på fylkesveg 60 mellom Grodås og Hellesylt

Fylkesveg 60 mellom Hellesylt og Grodås.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Følling tek til orde for at utfordringane rundt fylkesvegane må kome tydelegare fram.

– Vi må ha fylkesvegane som ein del av Nasjonal transportplan (NTP).

Ho ser for seg at det blir sett av ei forpliktande ramme som er stor nok til å ta igjen etterslepet over ein viss periode, «slik at fylkesvegar og bruer ikkje forfell slik vi ser i dag».

Følling saknar betre planlegging over tid, som fører til at vegstandarden blir heva.

– Etterslepet er eit kraftig signal om at dei statlege løyvingane må opp.

Når forslaget til statsbudsjettet blir presentert fredag, kjem Følling til å følge nøye med på om det er tydelegare styringssignal rundt fylkesvegane.

– Det ville vore særs gode signal å få for fylkespolitikarane.

Jenny Følling (Sp), ordførar i Sunnfjord.

Leiar i Nasjonal rassikringsgruppe, Jenny Følling, ber om at fylkesvegane kjem inn i Nasjonal transportplan (NTP).

Foto: Bård Siem / NRK

– Treng massiv satsing

Då NRK hadde kåring av Noregs verste veg i 2018, var seks av ti fylkesvegar.

Det har vore mange oppslag om dårleg vegstandard, etter at 17.000 kilometer riksvegar vart til fylkesvegar i 2010.

Pressesjef i NAF, Ingunn Handagard, seier forfallet har bygd seg opp over tid, og vil ta tid å få ned.

I mellomtida køyrer folk på livsfarlege vegar, med hjartet i halsen.

Ho viser til at risikoen for å bli drepen eller hardt skadd når du køyrer ein fylkesveg er nesten 90 prosent høgare enn på riksvegnettet.

Ingunn Handagard, pressesjef i NAF

Ingunn Handagard i NAF forventar tydelege signal når statsbudsjettet skal leggast fram fredag.

Foto: NAF

NAF forventar tydelege signal i statsbudsjettet, som leggast fram 6. oktober.

Rapporten viser at fylka så langt ikkje har klart å hente opp forfallet med dagens pengebruk, meiner ho.

På ti år har forfallet på vegane auka kraftig. Førre gjennomgang viste eit behov på mellom 45 og 70 milliardar. Sidan har det altså berre auka, seier ho.

Uvisse om tala

I rapporten frå Statens vegvesen kjem det fram at det er stor usikkerheit om tala, og at etterslepet på 95 milliardar kroner kan vere for lågt.

Det blir mellom anna vist til at tunneloppgraderingsprogram på riksvegar har blitt «stadig meir kostbart» samanlikna med dei opphavlege kostnadsanslaga.

«Det er grunn til å tru at det same gjeld for fylkesvegane», står det i rapporten.

Sprekker i asfalten på fylkesveg 60 mellom Grodås og Hellesylt

Fylkesveg 60 mellom Hellesylt og Grodås.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Summen på 95 milliardar kroner i etterslep er berekna ut frå kor mykje pengar fylkeskommunane har brukt på vedlikehald dei siste ti åra, og ikkje ein faktisk gjennomgang av vegnettet slik det er i dag.

– Folk opplever at vegane råtnar på rot, og det vil ikkje vere overraskande om dei faktiske behova er enda større enn det som kjem fram her, seier Handagard.

Samferdsledepartementet svarar at det blir utarbeida ein plan for å redusere vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane, som varsla i Hurdalsplattformen.

På oppdrag frå oss har Statens vegvesen og fylkeskommunane no levert ein rapport om etterslepet slik at vi får eit oppdatert kunnskapsgrunnlag sidan førre kartlegging frå 2012. Vi vil no gjennomgå rapporten og kome tilbake til saka i komande NTP til våren, seier statssekretær Tom Kalsås (Ap).

Tom Kalsås

Statssekretær Tom Kalsås (Ap) seier regjeringa vil kome tilbake til saka i komande NTP.

Foto: Stortinget

Les også Ann Sissel kvir seg kvar gong ho må køyre den smale fylkesvegen

Ann Sissel Austgulen