Hopp til innhold

Aukande fare: – Det vil vere lett for skiløparar å løyse ut skred

Ekspertane går no ut og åtvarar om at fokksnø og vind fører til stor fare for at skituristar kan løyse ut snøskred fleire stader i Sør-Noreg.

Snøskred

AUKANDE FARE: Særleg i nordvest-vende leheng er faren for snøskred stor fleire stader.

Foto: Wyssen Norge

– Vi har fare for naturleg utløyste skred og det er også lett for skiløparar å løyse ut skred i dei områda der det skreda ikkje kan gå naturleg.

Det seier Jostein Aasen i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) si skredvarslingsteneste varsom.no.

Ber folk halde seg unna

I ettermiddag har NVE oppgradert faregrad tre som er betydeleg fare i Indre Sogn, Hallingdal og Vest-Telemark. For Hardanger og Voss er det stor snøskredfare på nivå fire.

– Det vil vere lett for skiløparar å løyse ut skred. Vil tilrår folk å halde seg unna dei områda der vinden bles inn snø torsdag og fredag, slår Aasen fast.

Den søraustlege vinden som kjem inn over Vestlandet og tilgrensande regionar vil flytte på nysnøen som ligg i terrenget. I tillegg kan det kome nysnø fleire stadar.

Søkk fram mot helga

– Det gjer at det dannar seg fokksnø i leheng. Då får vi eit skredproblem med fokksnø i nordvest-vende hellingar.

Fram mot helga vil stigande temperaturar føre til at snølaget stabiliserer seg og faregraden vil mest truleg søkke.

– Men folk må sjå etter om vinden driv og legg igjen snø i leheng. Dersom det er fersk fokksnø i nordvest-vende leområde, så bør ein unngå dei områda, seier Jostein Aasen.

Jostein Aasen

VARSAM: Jostein Aasen i NVE ber folk som skal ut på skitur om å syne varsemd.

Foto: privat