Hopp til innhold

Ti personar til sjukehus med augeskadar etter nyttårsfeiringa

Berre to av dei ti skadde brukte vernebriller. Halvparten av dei skadde er barn.

Overlege Nils Bull på augeavdelinga på Haukeland universitetssjukehus 1.januar 2023

Augelege Nils Bull ved Haukeland universitetssjukehus.

Foto: Marit Stensby / NRK

Det vart ei travel natt for naudetatane under nyttårsfeiringa.

10 personar fekk behandling for augeskadar på sjukehus i Noreg etter fyrverkerioppskyting. To av dei brukte vernebriller.

Tre av dei er alvorleg skadde, medan dei sju andre har augeskadar som er moderat alvorlege.

Det fortel Nils Bull. Han er overlege ved augeavdelinga på Haukeland universitetssjukehus.

Bull omtalar nyttårsaftan som dagen då «fulle folk skal handtera eksplosiv i store folkemengder».

Kvart år samlar han inn nasjonale skadetal etter nyttårsfeiringa.

Dei skadde er tre menn, to kvinner, fire gutar og ei jente.

– Fire av dei skadde var tilskodarar, og ein av dei fekk alvorleg augeskade, seier Bull.

Augeskade under nyttårsfeiringa 2022/2023

ALVORLEG SKADE: Denne mannen brukte vernebriller, men fekk likevel alvorleg augeskade av effektbatteri.

Foto: Helse Bergen

Sju av skadane skjedde ved bruk av effektbatteri, medan jenta vart skadd av eit stjerneskot. For to av skadane er det ikkje opplyst kva type fyrverkeri som vart brukt.

Bull understrekar at dei to som brukte vernebriller ville hatt verre skadar om dei ikkje hadde brukt dei.

Meir uvettig bruk

Nils Bull ringer til alle augeavdelingane i landet og snakkar med legen som har vakt. Slik får han kartlagt skadane, kven som vart skadd og korleis skadane oppstod.

Dei siste åra har han registrert stadig meir uvettig bruk av fyrverkeri blant unge gutar.

– Eg er redd for at dette er ein ny trend, som kan ha ein smitteeffekt, sa han i fjor.

Også i natt er det registrert mykje uvettig bruk.

På Haugerud vart det skote fyrverkeri mot både folk, bygningar, politiet og køyretøy.

Fleire t-banestasjonar i Oslo vart stengde etter at det vart fyrt av fyrverkeri inne på stasjonane.

Og i Kristiansand skaut nokon fyrverkeri inn gjennom eit vindauge. Der vart ingen skadde.

Men på Stord vart ein mann i 30-åra send til sjukehus i Bergen etter å ha fyrt opp eit batteri. Berre halvparten gjekk av.

– Deretter gjekk mannen bort for å sjekka, og då gjekk det heile av, seier operasjonsleiar Brit Randulff i Sørvest politidistrikt til NTB.

Bull seier det i hovudsak er menn som er i faresona.

– Kvinnene og barna står trygt med vernebriller på god avstand og gjer som dei skal, men fulle menn i alle aldrar, dei lærer aldri.

Bull meiner det i hovudsak er tre ting som blir gjort feil: Ein er rusa, ein brukar ikkje vernebriller, og ein følgjer ikkje reglane.

– Reglane er at fyrverkeri skal tennast som eksplosiv. Altså skal ein bruka tennstav og trekkja seg raskt tilbake. Du skal for alt i verda ikkje gå tilbake om det ikkje tenner, seier han.

Den andre regelen som blir broten, er at store batteri blir sette på dårlege underlag, slik at dei snurrar rundt og skyt rakettane i feil retning.

augeskade 2023

Mannen som blei sendt til Haukeland sjukehus nyttårsaftan, fekk også skader inne på sjølve auget.

Foto: Helse Bergen

Mykje fyrverkeri

Trass i høg inflasjon og høge straumprisar har nordmenn unnt seg fyrverkeri.

Privat fyrverkeri bikka ei omsetjing på 500 millionar kroner i 2021, og dei siste to åra har omsetjinga auka med over 30 prosent, skriv Norsk fyrverkeriforeining i ei pressemelding.

25. desember melde foreininga at 2022 såg ut til å bli eit nytt rekordår for fyrverkeribransjen.

Augelege Bull vil ha forbod mot moroa.

I 2023 skal forskrifta om fyrverkeri og pyrotekniske artiklar reviderast.

– Politikarane har i år moglegheit til å få slutt på desse meiningslause skadane når dei skal revidera forskrifta. På 18 år har det vore 273 augeskadar, seier Bull.

Overlege Nils Bull på Haukeland universitetssjukehus studerer skader av auge på nyttårsafta 2022.

Bull har talt om 273 augeskadar på 18 år.

Foto: Marit Stensby / NRK

Han viser til at skadar på hender, brannskadar, høyrselstap og mindre skadar som ender på legevaktene kjem i tillegg.

– Den einaste måten å få slutt på dette er ved å hindra tilgangen.

Les også Bærekraftige bobler og lasershow: Dette kan erstatte fyrverkeriet

SPARK lysshow i London: Daan Roosegaarde