Hopp til innhold

Arne Scheie trur Florø kan nå eliteserien

– Eg er veldig imponert. Det er få eksempel på ein slik klatreoperasjon som Florø har gjort. Det er spennande å sjå når dei tek steget opp til dei aller beste.

Arne Scheie

FØLGT FLORØ: Arne Scheie er svært interessert i fotball og likar å følgje med på det som skjer i dei fire øvste divisjonane. – Då eg for nokre år sidan leste ein reportasje om dette Florø-laget med mange unge spelarar som kjempa om å komme med på aldersfastlagde landslag, tenkte eg i mitt stille sinn at det kunne komme eit topplag også frå Florø i framtida, seier han.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Det seier pensjonert NRK-journalist, og «fotballeksikonet», Arne Scheie.

På ti år har Florø Fotball gått frå 4. divisjon til 1. divisjon.

– Det som slår meg først, er Strømsgodset som på relativt kort tid gjekk frå 4. divisjon til dåverande 1. divisjon på 1960-talet. Strømsgodset var i ein liknande situasjon, med mange lokale spelarar, seier Scheie.

– Veldig uvanleg

Scheie har følgt Florø-fotballen siste åra og er imponert over utviklinga. At dei med spelarar hovudsakleg fødde i 1994-1996 no er klare for 1. divisjon, meiner han er ei bragd av dei sjeldne. I 1976 starta Sogndal sitt liv på toppnivå med cupfinale og opprykk frå 2. divisjon.

Ville jubelscener

FOR SJELDAN: Arne Scheie meiner det var ei bragd utanom det vanlege som skjedde på Florø stadion i helga. – Det er mykje snakk om pengar og sjølv i store byar klarer dei ikkje dette. Berre sjå på Oslo by som neste år kan oppleve å ikkje ha lag i Tippeligaen – og heller ikkje lag i 1. divisjon, utanom eventuelt Vålerenga, seier han.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Spelarane er lokale, laget er ungt og budsjettet i klubben er langt frå det største i norsk fotball. Det er heller ikkje byen.

– Det er veldig uvanleg og morosamt. I Norge, og generelt i fotballen i Europa, er det diverre lag frå dei større byane som går opp og markerer seg. Det at Florø har klart det, fortel i klartekst at dei har jobba rett og gjort veldig, veldig mange gode ting, seier han.

Trur på eliteserien

Endre Kupen

LOKAL: Endre Kupen er ein av mange spelarar frå Sogn og Fjordane på Florø-laget. – Det betyr veldig, veldig mykje med lokale spelarar. Sjølv hos kjøpelag er dette med «the local boy», som dei seier i England veldig viktig. Dette har eg tru på, om dei klarer å halde den same linja framover, seier Arne Scheie.

Foto: TRULS KLEIVEN / NRK

Etter at opprykket var sikra, spøkte toppscorar Endre Kupen med at laget no ville surfe gjennom 1. divisjon og rett opp i Eliteserien. Og trena Terje Rognsø var tydeleg på at ambisjonane på sik er høgare enn å halde plassen. Scheie trur eliteseriespel kan vere meir enn eit luftslott.

– Alt er realistisk i fotball. Hadde du spurt folk i Florø om 1. divisjonsspel medan dei kava i 4. divisjon, så ville dei vore skeptiske. No er dei der, og då er moglegheitene så til dei grader der om ein driv rett, trur på eigne eigenskapar og det ein står for.

– Kva er det Florø har som gjer dei eigna til å ta eit nytt steg?

– Florø har mange lovande unge gutar, som sikkert vil utvikle seg endå meir. Byggjer ein vidare på det suverene som har skjedd i 2. divisjon i år, så kan det halde fram i 1. divisjon.

Halde fram

– 2018 kjem nok for tidleg, men held dei på og held fram å utvikle spelarane, har det fine miljøet og kameratskapen, kanskje det blir eit nytt eventyr om nokre år, seier Scheie.

Men i første omgang handlar det om å berge plassen i 1. divisjon. I dag slit sjølv etablerte klubbar som Bryne, Fredrikstad og Hødd med unngå nedrykk.

– Ein må halde på den gode treningskulturen og vere audmjuk til oppgåva. Det er noko av det viktigaste, seier Scheie.