NRK Meny
Normal

Florø-trenaren har fått 40.000 til Las Vegas-turen

FLORØ (NRK): Gledesytringa i Haugesund i april i år vil koste Terje Rognsø dyrt. Men ikkje så dyrt som han først frykta.

Florø fotball

PÅMINNING: Heimepublikumet visste å minne Terje Rognsø (t.v.) på gledesytringa som no blir både realitet og dyr for Florø-trenaren.

Foto: Truls Kleiven

Sidan Firda fortalde om lovnaden i førre veke, har kronene rulla inn til trenaren sin bonus til Florø-spelarane etter opprykket i helga.

– Utfordringa blir å finne ut når vi kan få gjort det, men vi skal få gjort det. Slik sett har det vore kjekt dei siste dagane med donasjonar på mellom 30.000 og 40.000 kroner, smiler Terje Rognsø.

– Var litt gledesgreier ...

Terje Rognsø

OPPRYKK: Terje Rognsø var usikker på om kampen laurdag var hans siste på Florø stadion som Florø-trenar. – Utan opprykk hadde vi mista mange av spelarane, og då ville det vere vanskeleg for meg å gå på ein ny sesong. No får vi sjansen til å styrke teamet og utvikle oss endå meir, seier han.

Foto: Truls Kleiven

Det er alt anna enn blåmåndag i Florø. Vaiande Florø Fotball-flagg er ikkje kvardagskost i bybiletet på ein måndag. Ved frukostbordet sit ein fotballtrenar med ei røyst som også ber preg av opprykksfesten i helga. Eit opprykk trenaren allereie i april lova å lønne med ein Las Vegas-tur.

Sjølv om det kanskje ikkje var ein lovnad i utgangspunktet.

Florøværingane visste å feire opprykket til Florø Fotball i helga.

SJÅ VIDEO: Florøværingane visste å feire opprykket laurdag. (FOTO/REDIGERING: TRULS KLEIVEN)

– Det var ei gledesytring etter at vi slo Vard Haugesund borte i april. Vi låg under 0–2 til pause, spelte forferdeleg og eg var mest oppgitt over heile gjengen i pausen. Ingen hadde vel tru på vi skulle snu det, men det gjorde gutane. Så var det litt gledesgreier etterpå, humrar Rognsø.

– Blir ikkje billig

– Då nokre av spelarane ymta om Obosligaen, så svara eg at «då skal eg ta dykk med til Vegas heile gjengen». Sidan tenkte eg ikkje meir på det, held trenaren fram.

Men spelarane har visst å minne han på det. Historia hamna også i media og då kampuret gjekk mot 90 minuttar på laurdag, visste supporterane i Stimen å minne Rognsø ein siste gang på lovnaden.

– Det er blir ikkje billig, og dette er noko eg må fikse – ikkje klubben. Det er framleis eit stykke att, men eg skal fiske det. Eg skal stå for det eg har sagt, seier Rognsø.

– Ein draumedag

Saman med Geir Rindheim tok Rognsø over ansvaret for A-laget i Florø i 2010. Då med ei spelargruppe som dei hadde hatt ansvar for frå dei var ni år gamle. Sidan er det blitt to opprykk.

Ti år etter at dei spelte i 4. divisjon, tek dei steget opp i 1. divisjon. Slikt veit kystfolket å feire.

Jubel på Florø stadion

GLEDE: Det var elleville jubelscener på Florø stadion då opprykket var sikra.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Slik laurdagen vart, kunne ikkje nokon ha skrive regien betre. Litt av røysta forsvann under kampen, resten forsvann på kvelden. Det var fantastiske tilstandar. Ein draumedag, seier han.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå