Hopp til innhold

Ankar til topps om gruva kjem

Natur og Ungdom set alt dei har inn på å redde Vevring og Førdefjorden frå gruvedrift i Engebøfjellet.

Steinbrotet i Engebøfjellet

Om det vert gruvedrift i Engebøfjellet i Vevring eller ikkje er enno ikkje avgjort. Aksjonistar kjempar med nebb og klør mot planane, medan selskapet Nordic Mining gjer det dei kan for å påverke slik at dei får byrje med arbeidet. Natur og Ungdom varslar at dei kjem til å henge på saka, og meiner den er av nasjonal interesse.

Foto: Illustrasjon: Nordic mining

- Vi kjem til å følgje saka heilt til topps, og gjev oss ikkje før vi har prøvd alt, seier nestleiar Mari Winsents i Natur og Ungdom.

Engebøfjellet

Nordic Mining ønskjer å starte gruvedrift i Engebøfjellet i Vevring

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Følgjer saka til topps

Måndag var det folkemøte i Vevring om planane til selskapet Nordic Mining og gruvedrift i Engebøfjellet. Det er som kjendt ei massiv lokal motstand mot gruvedrifta, hovudsakleg på grunn av dei store inngrepa det vil ha i naturen i og rundt Vevring og i Førdefjorden.

Natur og Ungdom har sagt at dei kjem til å følgje saka heilt til mål, og gjere det dei kan for å hindre gruvedrift.

Usikre fakta hevar kampviljen

Inger Fure Grøtting, leiar i Natur og Ungdom i Sogn og Fjordane.

Inger Fure Grøtting, leiar i Natur og Ungdom i Sogn og Fjordane

Foto: Natur og Ungdom
Anne Lise Thingnes og Erik Solheim

Protestane mot gruvedrifta er massiv. Her er ein aksjonist Anne Lise Thingnes i møte med Erik Solheim.

Foto: Norges Naturvernforbund
Folkemøte om gruvedrift

Folkemøte om gruvedrift har vorte arrangert fleire gonger

Foto: Rune Fossum / NRK
Kurt Oddekalv

Miljøforkjempar Kurt Oddekalv har engasjert seg i saka

Foto: Steinar Lote / NRK
Jan Herstad (t.v.) og Ivar S. Fossum

Jan Herstad (t.v.) og Ivar S. Fossum i Nordic Mining prøvar å forklare innbyggjarane i Vevring at gruvedrifta vil vere positiv for bygda.

Foto: Rune Fossum, NRK
Ivar S. Fossum

Fossum har måtte tole kritikk for konsekvensutgreiinga Nordic Mining har gjennomført. Her er han på eit av folkemøta som er arrangert

Foto: Rune Fossum / NRK
Protestantar frå Vevring møtte statsminister Jens Stoltenberg

Protestantar frå Vevring møtte statsminister Jens Stoltenberg

Foto: Eline Buvarp Aardal/NRK
fakkeltog i Vevring

Fakkeltog gjennom bygda Vevring for å vise motstand mot gruveplanane

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK
fakkeltog i Vevring
Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK
Oversyn av Vevring

Fjorden vert øydelagt, og bygda aldri den same meiner aksjonistane om gruva kjem

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK
Steinbrotet i Engebøfjellet

Steinbrotet i Engebøfjellet

Foto: NRK

- Det er rett og slett for mange moment i saka som er usikre. Det har vore fleire forskarar og faginstansar inne for å vurdere saka, og deira konklusjonar sprikar veldig. Vi kan ikkje vere med på at massive mengder med slam som vil kome frå gruvedrifta vert dumpa i Førdefjorden, seier Winsents.

- Du seier det er usikre moment til at de kan vere med på dette. Kvifor?

- Vi veit at om det kjem gruvedrift i Vevring vil det bli dumpa slam i fjorden. Det vil gå ut over det marine livet der. Det seier seg sjølv at det ikkje går i ein nasjonal laskefjord som Førdefjorden er.

- Gyteområde er i fare

Havforskingsinstituttet meiner gyteområde for kysttorsken er i fare om gruvedrifta kjem. Det melder Bergens Tidende.

Instituttet har i løpet av året gjort nye undersøkjingar i fjorden mellom anna for å finne ut korleis vassmassane sirkulerer. Det er særleg grunnane i Redalsvika like innanfor gruveområde at det er gjort underøskjingar skriv avisa.

Kysttorsken er sårbar, og i dette området er den viktigaste plassen for fisken til å gyte og å vekse opp.

- Nordic Mining har gjennom si konsekvensutgreiing hevda at også finpartiklar og støv vil søkkje til botn i fjorden og ikkje kome inn i dette område. Men våre undersøkjingar viser at det er store vassmassar i rørsle frå djupet som kjem inn i dette området, seier marinbiolog Jan Helge Fosså ved Havforskingsinstituttet til BT.

Let seg ikkje påverke

Han er også kritisk til at gytetorsken må svømme gjennom utsleppsområdet for å kome til gytefeltet i Redalsvika.

- Eg er redd dette vil fungere som ei barriere for torskevandringa, seier marinbiologen.

Men Nordic Mining sin direktør Ivar Fossum let seg ikkje påverke av dei nye undersøkjingane til instituttet.

- Eg held meg til våre eksterne fagfolk i konsekvensutgreiinga, og meiner at finpartiklane frå gruvedrifta ikkje kjem til å få konsekvensar i det øvre sjiktet av fjordvatnet.

- Ikkje godt frå instituttet

Leiinga i Naustdal kommune meiner Havforskingsinstituttet ikkje har dokumentert sine innvendingar mot gruveplanane i Naustdal skriv Bergens Tidende.

På folkemøte i kommunen i går sådde kommunen sin sakshandsamar Annlaug Kjelstad tvil om dei sterke innvendingane frå Havforskarane.

Men Ordførar i Naustdal, Håkon Myrvang, seier kommunen vil ta omsyn til instituttet sine utredningar:

Ankar til høgste instans

- Korleis skal Natur og Ungdom vere med og påverke i saka?

- Vi følgjer saka til kommunen gjer sitt vedtak. Går dei for drift sender vi saka inn til Klima og forureiningsdirektoratet, KLIFF. Seier dei ja, godkjenner dei utsleppssøknaden. Og då ankar vi saka inn til Miljøverndepartementet. Vi gjev oss ikkje, seier ho.

Ho er overbevist om at det nyttar å prøve å påverke dei lokale myndigheitene. Difor vel Natur og Ungdom å støtte den lokale motstandsgruppa mot gruvedrifta, og å vere synlege i gatebilete for å marknadsføre synet sitt i saka. 22.september skipar dei difor til ein konsert mot gruvedrifta.

- Det vert i Førde og vi håpar sjølvsagt at så mange som mogleg kjem på konserten. Vi er opptekne av at naturen ikkje skal bli øydelagt, og ser at fleire må vere med og kjempe mot desse planane. Difor er vi her, forklarar Winsents.

- Viktig med lokalt engasjement

Naturvernarane er spesielt oppteken av dei langsiktige resultata ei gruvedrift vil gje.

- Rett nok får kommunen nokre arbeidsplassar. Men dei fjerna også arbeidsplassar ved å godkjenne dumping i fjorden. Fiskarar til dømes.

I tillegg vil det råke mellom kysttorsken som allereie er ein truga art.

Nasjonal interesse

- Det kan sjå ut som kommunen er på veg til å ta eit standpunkt i saka som er motsett av dykkar?

- Det verkar som dei har teke eit val ja, og at dei vil gå for gruvedrift. Slik sett så kan vi tenkje at det ikkje nyttar å påverke lokalt. Men eg held fast på at det er mykje å vinne på lokalt engasjement.

Winstens meiner saka er av nasjonal interesse.

- Alle saker der naturen vert berørt er nasjonale saker og av nasjonal interesse.

Vevring

Vevring er ei kunstbygd like utanfor Naustdal. Innbyggjarane vil berre leve i fred, og kjempar sin livs kamp mot planane om gruvedrift i Engebøfjellet.

Foto: Einar Eimhjellen